Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2 (OFT2-02)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 9. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Ny eksamensordning for privatistar frå 1.8.2018.

Gjelder fra: 01.08.2018

Føremål

Felles programfag i overflateteknikk skal medverke til å utvikle kompetanse innanfor vern, fargesetjing, reinhald, forvaltning og vedlikehald av overflater i bygg, installasjonar og transportmiddel. Overflateteknikk forvaltar store økonomiske og samfunnsmessige verdiar. Materiale, arbeidsprosessar og metodar er i kontinuerleg utvikling, og det blir stadig utvikla nye og meir miljøvennlege produkt. På den måten kan programfaga medverke til å skape gode arbeids- og bumiljø, ta omsyn til helse, miljø og trivsel og fremje ei berekraftig utvikling.

Overflateteknikk skal medverke til utvikling av fagkunnskapar, ferdigheiter og haldningar som skal gjere den enkelte i stand til å vere aktivt med i samfunnsliv og arbeidsliv. Vidare skal opplæringa utvikle evne til å meistre utfordrande arbeidsoppgåver og handtere nye materiale og tekniske hjelpemiddel og miljøvennlege produkt.. Opplæringa i faga skal òg utvikle evne til fleksibilitet, kreativitet og kritisk vurdering og leggje grunnlaget for vidareutvikling av eigen fagkompetanse.

I opplæringa skal det leggjast vekt på tverrfagleg samarbeid og praktisk arbeid. Bruk av ulike læringsarenaer og samarbeid med lokalt næringsliv kan fremje utviklande arbeidsprosessar.

Struktur

Programområde for overflateteknikk består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg2

Produksjon

Bransjelære

Omtale av programfaga

Produksjon

Programfaget dreiar seg om ulike typar overflatebehandlingar av bygg, installasjonar og transportmiddel. I faget inngår målararbeid, fargesetjing, tapetsering, golvlegging, korrosjonsvern, reinhald og vedlikehald på behandla og ubehandla overflater både innvendig og utvendig. Val og bruk av materiale og verktøy er òg ein del av faget. Programfaget omfattar gjeldande regelverk for utføring av arbeid. I tillegg er helse, miljø, tryggleik og kvalitetskontroll sentralt i faget.

Bransjelære

Programfaget omfattar bruk av beskrivingar, teikningar og måleverktøy som grunnlag for berekning og for utføring og dokumentasjon av arbeidet. Programfaget dreiar seg om arbeidsrutinar, kundebehandling og etikk. Faget handlar òg om rettane og pliktene til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Produksjon 337 årstimar

Bransjelære 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I programområde for overflateteknikk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i programområde for overflateteknikk inneber å kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og å diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar. Vidare inneber det å dokumentere arbeidsprosessar, produkt og tenester.

Å kunne lese i programområde for overflateteknikk inneber å finne fram til relevant informasjon i faglitteratur og aktuelle lover og forskrifter. Det vil òg seie å forstå og bruke spesifikasjonar, produktdatablad og arbeidsforklaringar.

Å kunne rekne i programområde for overflateteknikk inneber å rekne ut vekt, volum, mengder og overflater, tidsbruk og kostnader.

Å kunne bruke digitale verktøy i programområde for overflateteknikk inneber å bruke slike verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber òg bruk av digitale verktøy til måling, berekning, teikning og biletbehandling.

Kompetansemål

Produksjon

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for og utføre arbeid i samsvar med lover, forskrifter og standardar
  • planleggje, utføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
  • kontrollere og vurdere underlaget og påvise synlege feil eller manglar
  • rapportere avvik og utbetre feil og manglar
  • vurdere behov for og utføre overflatebehandling på organiske, mineralske og metalliske underlag
  • vurdere behov for og utføre regelmessig og periodisk vedlikehald ut frå eigenskapane, tilstanden, og bruksområdet til overflata
  • velje ut, handtere og oppbevare materiale
  • velje ut, bruke og halde ved like verktøy, maskiner og utstyr
  • bruke fargesystem i samband med fargesetjing av overflater
  • gjere berekningar omkring behandling av overflater
  • arbeide på ein økonomisk og rasjonell måte
  • utføre arbeid i samsvar med krav til helse, miljø og tryggleik
  • bruke verne- og tryggleiksutstyr

Bransjelære

Bransjelære

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese og bruke relevante teikningar og beskrivingar
  • bruke digitale verktøy til å hente inn informasjon, kommunisere og kvalitetssikre eige arbeid
  • diskutere etiske reglar og normer for bransjen og prinsipp for god kundebehandling
  • bruke stigar, arbeidsplattformer og stillas
  • handtere kjemikalium, avfall og materiale i samsvar med krav til tryggleik, miljø og ressursbruk
  • gjere greie for avtaleverket som regulerer forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar

Vurdering

Vg2 Overflateteknikk

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Produksjon

Bransjelære

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Produksjon

Bransjelære

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Produksjon

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Bransjelære

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Produksjon

Bransjelære

Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!