Læreplan i norsk (NOR1-05)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 20.06.2013

Gjelder fra: 2013-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2022-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Gjennom aktiv bruk av det norske språket blir barn og unge innlemma i kultur og samfunnsliv, og rusta til å vere med i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Norskfaget opnar ein arena der dei får høve til å finne sine eigne stemmer, ytre seg, bli høyrde og få svar.

Samtidig skal norskfaget utvikle språkkompetansen hos elevane ut frå dei evnene og føresetnadene den einskilde har. Munnlege ferdigheiter og lese- og skrivekompetanse er både eit mål i seg sjølv og eit nødvendig grunnlag for læring og forståing i alle fag på alle steg. Faget skal motivere til lese- og skrivelyst og medverke til å utvikle gode læringsstrategiar.

I norskfaget møter elevane eit breitt spekter av tekstar. Faget byggjer på eit tekstomgrep som inkluderer munnlege, skriftlege og samansette tekstar, der skrift, lyd og bilete spelar saman. Elevane skal lære å orientere seg i mangfaldet av tekstar, og faget skal gje rom for både oppleving og refleksjon. I samband med opplæringa skal dei lese skjønnlitteratur og sakprosa, utvikle evna til kritisk tenking og få perspektiv på teksthistoria. Gjennom munnleg og skriftleg kommunikasjon kan dei setje ord på eigne tankar og stå fram med meiningar og vurderingar. Dei skal sjølve produsere ulike typar tekstar med føremålstenlege verktøy, og tilpasse språk og form til ulike føremål, mottakarar og medium. Etter kvart vil dei òg kunne fordjupe seg i faglege emne og bli flinkare til å formidle eit fagleg innhald til andre.

Norskfaget ligg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale. Å sjå norsk språk, kultur og litteratur i eit historisk og internasjonalt perspektiv kan gje elevane større forståing av det samfunnet dei er ein del av. Norsk kulturarv byr på ei mengd tekstar som kan tilføre noko nytt og uventa når perspektivet blir utvida. Kulturarven er slik sett ein levande tradisjon som endrar seg og blir skapt på nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevane til å medverke aktivt i denne prosessen.

I Noreg er norsk og samisk offisielle språk, og nynorsk og bokmål er likestilte skriftlege målformer. Vi bruker mange ulike dialektar og talemålsvariantar, men òg andre språk enn norsk. Det språklege mangfaldet er ein ressurs for utviklinga av språkkompetansen hos barn og unge. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit medvite forhold til språkleg mangfald, og lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål. Føremålet med opplæringa er å gjere elevane tryggare språkleg, styrkje den språklege identiteten deira og utvikle språkforståinga deira, og gje eit godt grunnlag for å meistre begge målformene i samfunns- og yrkeslivet.

Læreplanen i norsk gjeld òg for elevar med samisk eller finsk som andrespråk. Opplæringa i norsk skal saman med opplæringa i andrespråket medverke til tospråkleg kompetanse hos desse elevane. For elevar med tospråkleg opplæring er det difor viktig med eit nært samarbeid mellom dei to faga.

Hovudområde

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpasse henne til dei ulike utdanningsprogramma.

Norsk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskulen og etter Vg1, Vg2 og Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. I yrkesfaglege utdanningsprogram er det kompetansemål etter Vg2 og etter påbygging til generell studiekompetanse.

Kompetansemål for opplæring i skriftleg sidemål gjeld ikkje for yrkesfaglege utdanningsprogram etter Vg2.

Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram, elevar med opplæring i samisk eller finsk som andrespråk, og andre elevar som er fritekne for opplæring og vurdering i sidemål, skal berre skrive på hovudmålet sitt.

Oversikt over hovudomda:

Årssteg

Hovudområde

1.–10. Vg1–Vg3

Munnleg kommunikasjon

Skriftleg kommunikasjon

Språk, litteratur og kultur

Munnleg kommunikasjon

Hovudområdet munnleg kommunikasjon handlar om å lytte og tale i ulike samanhengar. Lytting er ei aktiv handling der eleven skal lære og forstå ved å oppfatte, tolke og vurdere utsegnene til andre.

Gjennom førebudd munnleg framføring og spontan munnleg samhandling skal eleven utvikle evna til å kommunisere med andre og uttrykkje kunnskap, tankar og idear med eit variert ordforråd i ulike sjangrar. Munnleg kommunikasjon omfattar òg å tilpasse språk, uttrykksformer og formidlingsmåte til kommunikasjonssituasjonen.

Skriftleg kommunikasjon

Hovudområdet skriftleg kommunikasjon handlar om å lese og skrive norsk. Opplæringa omfattar den første lese- og skriveopplæringa og den systematiske vidareutviklinga av lese- og skrivekompetansen gjennom heile opplæringstida. Opplæringa i lesing skal stimulere lyst og evne til å lese og skrive, og inneber at eleven skal lese ulike tekstar, både for å lære og for å oppleve. Leseopplæringa skal samtidig gjere sitt til at eleven blir medviten si eiga utvikling når det gjeld lesing og skriving.

Skriving inneber å uttrykkje, bearbeide og kommunisere tankar og meiningar i ulike typar tekstar og sjangrar. Samansette tekstar er ein naturleg del av dei tekstane elevane skal lese og utforme. God skriftleg kommunikasjon krev eit godt ordforråd, ferdigheiter i tekstbygging, kjennskap til skriftspråklege konvensjonar og evne til å tilpasse teksten til føremålet og mottakaren.

Språk, litteratur og kultur

Hovudområdet språk, litteratur og kultur handlar om norsk og nordisk språk- og tekstkultur, også med internasjonale perspektiv. Elevane skal utvikle sjølvstendig forståing av norsk språk og litteratur, og få innsikt i korleis språk og tekstar har endra seg over tid og framleis er i endring.

Elevane skal få kunnskap om språket som system og språket i bruk. Dei skal lese og reflektere over eit stort og variert utval av eldre og nyare tekstar i ulike sjangrar og frå ulike medium. I tillegg skal elevane bli kjende med tradisjonar i norsk teksthistorie i eit samanliknande perspektiv mellom fortid og notid og i lys av impulsar utanfrå.

Timetal

Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt:

BARNESTEGET

1.–4. årssteget: 931 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

5.–7. årssteget: 441 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

1.–4. årssteget: 642 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

5.–7. årssteget: 312 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

UNGDOMSSTEGET

8.–10. årssteget: 398 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

8.–10. årssteget: 284 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM

Vg1: 113 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg1: 103 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

Vg2: 112 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg2: 103 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

Vg3: 168 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg3: 103 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Vg1: 56 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg1: 45 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

Vg2: 56 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg2: 45 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

PÅBYGGING TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE FOR YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Vg3: 281 timar – gjeld for elevar som ikkje har samisk eller finsk som andrespråk

Vg3: 219 timar – gjeld for elevar som har samisk eller finsk som andrespråk

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I norsk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i norsk er å skape meining gjennom å lytte, samtale og tale, og tilpasse språket til føremålet og mottakaren. Norskfaget har eit særleg ansvar for at elevane skal utvikle evna til å meistre ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar, og kunne planleggje og framføre munnlege presentasjonar av ulik art. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i norskfaget krev systematisk arbeid med munnlege sjangrar og strategiar i stadig meir komplekse lytte- og talesituasjonar. Det inneber å tileigne seg fagkunnskap ved å lytte aktivt, og ved å forstå og bruke det munnlege språket stadig meir nyansert og presist i samtalar om stadig meir omfattande og komplekse norskfaglege emne, problemstillingar og tekstar.

Å kunne skrive i norsk er å uttrykkje seg i norskfaglege sjangrar på ein føremålstenleg måte. Det vil seie å kunne skrive teksttypar som er relevante for faget, og å kunne ta i bruk norskfaglege omgrep. Å skrive i norskfaget er òg ein måte å utvikle og strukturere tankar på og ein metode for å lære. Norskfaget har eit særleg ansvar for at elevane skal utvikle evna til å planleggje, utforme og bearbeide stadig meir komplekse tekstar som er tilpassa føremålet og mottakaren. Utviklinga av skriftlege ferdigheiter i norskfaget krev systematisk arbeid med formelle skriveferdigheiter, tekstkunnskap og skrivestrategiar. Det inneber å kunne uttrykkje seg stadig språkleg sikrare på både hovudmålet og sidemålet.

Å kunne lese i norsk er å skape meining frå tekstar frå fortid og notid i eit breitt utval av sjangrar. Det inneber å engasjere seg i tekstar og få innsikt i andre tankar, opplevingar og skaparkraft hos andre menneske. Det inneber òg å kunne finne informasjon og forstå resonnement og framstillingar i ulike typar tekstar på skjerm og papir, og å kunne sjå kritisk og sjølvstendig på dei lesne tekstane. For å kunne utvikle leseferdigheiter i norskfaget må elevane lese ofte og mykje, og dei må arbeide systematisk med lesestrategiar som er tilpassa føremålet med lesinga, og med ulike typar tekstar i faget. Utviklinga går frå grunnleggjande avkoding og forståing av enkle tekstar til å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig meir komplekse tekstar i ulike sjangrar.

Å kunne rekne i norsk er å tolke og forstå informasjon i tekstar som inneheld tal, storleikar eller geometriske figurer. Det vil seie å kunne vurdere, reflektere over og kommunisere om samansette tekstar som inneheld grafiske framstillingar, tabellar og statistikk. For å kunne utvikle rekneferdigheiter i norskfaget må elevane skape heilskapleg meining i stadig meir krevjande tekstar der dei må sjå ulike uttrykksformer i samanheng.

Digitale ferdigheiter i norsk er å bruke digitale verktøy, medium og ressursar for å hente inn og behandle informasjon, skape og redigere ulike typar tekstar og kommunisere med andre. I denne samanhengen er det viktig å kunne vurdere og bruke kjelder på ein medviten måte. Utviklinga av digitale ferdigheiter er ein del av lese- og skriveopplæringa i norskfaget, og inneber å finne, bruke og etter kvart vurdere og referere til digitale kjelder i skriftlege og munnlege tekstar, og sjølv produsere stadig meir komplekse tekstar. Det inneber òg å skaffe seg kunnskap om opphavsrett og personvern, og ha ei kritisk og sjølvstendig haldning til ulike typar digitale kjelder.

Kompetansemål

Kompetansemål etter 2. årssteget

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte, ta ordet etter tur og gje respons til andre i samtalar
  • lytte til tekstar på nynorsk og bokmål og samtale om dei
  • lytte etter, forstå, gje att og kombinere informasjon
  • leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklydar, stavingar, meiningsberande element og ord
  • samtale om korleis val av ord, stemmebruk og intonasjon skaper meining
  • fortelje samanhengande om opplevingar og erfaringar
  • setje ord på eigne kjensler og meiningar
  • uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vise forståing av samanhengen mellom språklyd og bokstav og mellom talespråk og skriftspråk
  • trekkje lydar saman til ord
  • lese store og små trykte bokstavar
  • lese enkle tekstar med samanheng og forståing på papir og skjerm
  • bruke eigne kunnskapar og erfaringar for å forstå og kommentere innhaldet i lesne tekstar
  • skrive setningar med store og små bokstavar og punktum i eiga handskrift og på tastatur
  • skrive enkle skildrande og forteljande tekstar
  • arbeide kreativt med teikning og skriving i samband med lesing
  • skrive etter mønster av enkle eksempeltekstar og ut frå andre kjelder for skriving

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • samtale om opphavet til nokre kjende ordtak, omgrep og faste uttrykk og vite kva dei tyder
  • samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål
  • samtale om korleis ord og bilete verkar saman i biletbøker og andre biletmedium
  • samtale om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt
  • samtale om personar og handling i eventyr og forteljingar
  • finne skjønnlitteratur og sakprosa på biblioteket til eiga lesing

Kompetansemål etter 4. årssteget

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte etter, gje att, forklare og reflektere over innhaldet i munnlege tekstar
  • forstå noko svensk og dansk tale
  • bruke eit ordforråd som eignar seg til å samtale om faglege emne, fortelje om eigne erfaringar og uttrykkje eigne meiningar
  • samhandle med andre gjennom leik, dramatisering, samtale og diskusjon
  • følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål
  • variere stemmebruk og intonasjon i framføring av tekstar

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese tekstar av ulike typar på nynorsk og bokmål med samanheng og forståing
  • finne informasjon ved å kombinere ord og illustrasjonar i tekstar på skjerm og papir
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel som oppatt-taking, kontrast og enkle språklege bilete
  • lese, reflektere over og samtale om eigne og andre sine tekstar
  • bruke ulike typar notatar og eksempeltekstar som grunnlag for eiga skriving
  • skrive enkle forteljande, skildrande og argumenterande tekstar
  • skrive med samanhengande og funksjonell handskrift og bruke tastatur i eiga skriving
  • strukturere tekstar med overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning
  • variere ordval og setningsbygning i eiga skriving
  • lage tekstar som kombinerer ord, lyd og bilete, med og utan digitale verktøy
  • søkje etter informasjon, skape, lagre og finne att tekstar ved hjelp av digitale verktøy
  • bruke bibliotek og Internett til å finne stoff til eiga skriving

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for ordklassar og deira funksjon
  • forklare korleis ein med språkbruk kan krenkje andre
  • gjere greie for eige talemål og samanlikne med talemålet til andre
  • samtale om innhald og form i samansette tekstar
  • gje uttrykk for eigne tankar og opplevingar om barnelitteratur, teater, film, dataspel og TV-program
  • samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk
  • gje uttrykk for eigne tankar om språk, personar og handling i tekstar frå ulike tider og kulturar

Kompetansemål etter 7. årssteget

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og skilje mellom meiningar og fakta
  • uttrykkje og grunngje eigne standpunkt og vise respekt for det andre meiner
  • bruke song, musikk og bilete i framføringar og presentasjonar
  • opptre i ulike roller i drama-aktivitetar, opplesing og presentasjon
  • uttrykkje seg med eit variert ordforråd tilpassa kommunikasjonssituasjonen
  • presentere fagstoff som er tilpassa føremålet og mottakaren, med eller utan digitale verktøy
  • vurdere andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriterium

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese eit breitt utval av norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på nynorsk og bokmål, og reflektere over innhaldet og forma i teksten
  • referere, summere opp og reflektere over hovudmomenta i ein tekst
  • lese enkle tekstar på svensk og dansk og gje att og kommentere innhaldet
  • forstå og tolke opplysningar frå fleire uttrykksformer i ein samansett tekst
  • meistre sentrale reglar i formverk og ortografi, og skrive tekstar med variert setningsbygning og funksjonell teiknsetjing
  • skrive samanhengande med personleg og funksjonell handskrift, og bruke tastatur på ein føremålstenleg måte
  • skrive tekstar med klart uttrykt tema og skape samanheng mellom setningar og avsnitt
  • skrive forteljande, skildrande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder, og tilpasse eigne tekstar til føremålet og mottakaren
  • eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål
  • gje tilbakemelding på andre sine tekstar ut frå faglege kriterium, og bearbeide eigne tekstar på bakgrunn av tilbakemeldingar
  • bruke digitale kjelder og verktøy til å lage samansette tekstar med hyperkoplingar og varierte estetiske verkemiddel
  • velje ut og vurdere informasjon frå bibliotek og digitale informasjonskanalar

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gje døme på nokre likskapar og skilnader mellom munnleg og skriftleg språk
  • utføre grunnleggjande setningsanalyse og vise korleis tekstar er bygde opp ved hjelp av omgrep frå grammatikk og tekstkunnskap
  • samanlikne språk og språkbruk i tekstar på nynorsk og bokmål
  • lese og uttale stadnamn som inneheld spesielle nordsamiske bokstavar, og kjenne til nokre ord og uttrykk på eitt av dei samiske språka
  • samanlikne talemål i eige miljø med nokre andre talemålsvariantar og med dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
  • gje døme på og reflektere over korleis språk kan uttrykkje og skape haldningar til einskildindivid og grupper av menneske
  • presentere eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk
  • vurdere tekstar med utgangspunkt i eigne opplevingar og med forståing av språk og innhald
  • kjenne til opphavsrettslege reglar for bruk av kjelder
  • bruke ulike former for digitale og papirbaserte ordbøker

Kompetansemål etter 10. årssteget

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til, summere opp hovudinnhaldet og trekkje ut relevant informasjon i munnlege tekstar
  • lytte til, forstå og gje att informasjon frå svensk og dansk
  • samtale om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film og framføre tolkande opplesing og dramatisering
  • vere med i diskusjonar med grunngjevne meiningar og sakleg argumentasjon
  • presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og føremålstenleg bruk av digitale verktøy og medium
  • vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriterium

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon i arbeid med faget
  • lese og analysere eit breitt utval av tekstar i ulike sjangrar og medium på nynorsk og bokmål og formidle moglege tolkingar
  • gje att innhaldet og finne tema i eit utval av tekstar på svensk og dansk
  • skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder
  • kjenne att verkemidla humor, ironi, kontrastar og samanlikningar, symbol og språklege bilete og bruke nokre av dei i eigne tekstar
  • planleggje, forme ut og bearbeide eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst
  • uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre formverk, ortografi og tekstbinding
  • skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt og tilpassa føremålet, mottakaren og mediet
  • integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte når det er føremålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • kjenne att retoriske appellformer og måtar å argumentere på
  • drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande
  • gjere greie for nokre kjenneteikn på hovudgrupper av talemål i Noreg, og diskutere haldningar til ulike talemål og dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
  • meistre grammatiske omgrep for korleis språk er oppbygde
  • bruke grammatiske omgrep til å samanlikne nynorsk og bokmål
  • forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjere greie for språkdebatt og språkleg variasjon i Noreg i dag
  • gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka og for rettar i samband med samiske språk i Noreg
  • presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval av sentrale samtidstekstar og nokre klassiske tekstar i norsk litteratur
  • gje døme på og kommentere korleis samfunnsforhold, verdiar og tenkjemåtar er framstilte i omsette tekstar frå samisk og andre språk
  • gjere greie for samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete
  • presentere resultatet av fordjuping i to sjølvvalde emne: ein forfattarskap, eit litterært emne eller eit språkleg emne, og grunngje valet av tekstar og emne
  • forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett når ein publiserer og bruker tekstar

Kompetansemål etter Vg1 – studieførebuande utdanningsprogram og Vg2 – yrkesfaglege utdanningsprogram

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til og vere open for argumentasjon hos andre og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar
  • bruke norskfaglege kunnskapar og omgrep i samtalar om tekst og språk
  • bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om skule, samfunn og arbeidsliv
  • kombinere auditive, skriftlege og visuelle uttrykksformer og bruke ulike digitale verktøy i presentasjonar
  • bruke kunnskap om retoriske appellformer i presentasjonar
  • meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar, dramatiseringar og presentasjonar

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese eit representativt utval av samtidstekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk, og reflektere over innhald, form og føremål
  • skrive tekstar med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av eksempeltekstar
  • tilpasse språk og uttrykksmåtar til ulike skrivesituasjonar i skule, samfunn og arbeidsliv
  • bruke ulike estetiske uttrykksformer i samansette tekstar
  • vurdere og revidere eigne tekstar ut frå faglege kriterium
  • gjere greie for argumentasjonen i tekstane til andre, og skrive eigne argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål
  • skrive kreative tekstar på hovudmål og sidemål og bruke språklege verkemiddel i dei
  • hente inn, vurdere og bruke fagstoff frå digitale kjelder i arbeidet med eigne tekstar, og følgje reglar for personvern og opphavsrett

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk
  • gjere greie for og vurdere korleis språk og sjangrar blir nytta av representantar for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar
  • gje døme på fleirspråklegheit og drøfte fordelar og utfordringar i fleirspråklege samfunn
  • drøfte kulturmøte og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit utval av samtidstekstar
  • gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har
  • tolke og vurdere samanhengen mellom innhald, form og føremål i samansette tekstar

Kompetansemål etter Vg2 – studieførebuande utdanningsprogram

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til, vurdere og gje rettleiande tilbakemelding på munnlege presentasjonar hos andre
  • bruke kunnskap om retoriske appellformer i diskusjonar og presentasjonar
  • presentere norskfaglege emne og drøfte det framlagde stoffet
  • formidle faginnhald presist og bruke digitale medium og verktøy i formidlinga

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese og analysere tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar, og ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer
  • lese og analysere nokre sentrale tekstar på svensk og dansk
  • skrive tekstar med klart føremål og god struktur og samanheng
  • uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og argumenterande tekstar, utgreiingar, litterære tolkingar, drøftingar og andre resonnerande tekstar på hovudmål og sidemål

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom norrønt og moderne norsk språk
  • gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet
  • forklare argumentasjonen i sakprosatekstar ved å bruke kunnskap om retorikk
  • analysere innhaldet og vurdere bruken av verkemiddel i tekstar som er henta frå digitale medium
  • samanlikne forteljemåtar og verdiar i eit utval av samtidstekstar med forteljemåtar og verdiar i mytar og folkedikting
  • gjere greie for korleis ulike førestellingar om det norske kjem til uttrykk i sentrale tekstar frå slutten av 1700-talet til 1870-åra og i eit utval av samtidstekstar
  • lese eit utval av sentrale norske og nokre europeiske tekstar frå mellomalderen til og med romantikken, setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng og kommentere form og innhald
  • referere til og vurdere kjelder i aktuelle faglege situasjonar

Kompetansemål etter Vg3 – studieførebuande utdanningsprogram

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til, systematisere og samanfatte informasjonen i munnlege tekstar og reflektere over innhaldet
  • lytte til og vurdere argumentasjonen i munnlege tekstar i ulike medium og ta stilling til innhaldet og føremålet
  • drøfte norskfaglege og tverrfaglege emne ved hjelp av fagterminologi og heilskapleg argumentasjon
  • bruke retoriske og digitale ferdigheiter til å produsere og framføre samansette tekstar
  • setje saman og framføre eit avgrensa litterært program

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • orientere seg i store mengder tekst av ulik kompleksitet og velje ut, samanfatte og vurdere relevant informasjon
  • lese eit utval av samtidstekstar på nynorsk og bokmål og drøfte desse tekstane språkleg og tematisk i forhold til vår tid
  • bruke kunnskap om tekst, sjanger, medium og språklege verkemiddel til å planleggje, utforme og bearbeide eigne tekstar med klart føremål, god struktur og sakleg argumentasjon
  • uttrykkje seg med eit presist og nyansert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
  • bruke kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte og meistre digital kjeldetilvising

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for særtrekk ved eit utval av norske talemålsvariantar og reflektere over forhold som kan påverke utviklinga av talemål
  • gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag
  • gjere greie for trekk ved samisk språk og kultur og konsekvensar av norsk språk- og fornorskingspolitikk
  • gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka
  • presentere eit utval av omsette og originale nordiske tekstar
  • tolke og vurdere komplekse samansette tekstar
  • analysere, tolke og samanlikne eit utval av sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng
  • bruke omgrep frå retorikken for å analysere og vurdere ulike typar sakprosatekstar
  • gjennomføre ei sjølvvald og utforskande fordjupingsoppgåve med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne, og velje kommunikasjonsverktøy ut frå faglege behov

Kompetansemål etter påbygging til generell studiekompetanse – yrkesfaglege utdanningsprogram

Munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lytte til, vurdere og gje rettleiande tilbakemelding på munnlege presentasjonar hos andre
  • bruke kunnskap om retoriske appellformer i diskusjonar og presentasjonar
  • presentere norskfaglege emne og drøfte det framlagde stoffet
  • formidle faginnhald presist og bruke digitale medium og verktøy i formidlinga
  • lytte til, systematisere og samanfatte informasjonen i munnlege tekstar og reflektere over innhaldet
  • lytte til og vurdere argumentasjonen i munnlege tekstar i ulike medium og ta stilling til innhaldet og føremålet
  • drøfte norskfaglege og tverrfaglege emne ved hjelp av fagterminologi og heilskapleg argumentasjon
  • bruke retoriske og digitale ferdigheiter til å produsere og framføre samansette tekstar
  • setje saman og framføre eit avgrensa litterært program

Skriftleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese og analysere tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar, og ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer
  • lese og analysere nokre sentrale tekstar på svensk og dansk
  • skrive tekstar med klart føremål og god struktur og samanheng
  • uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og argumenterande tekstar, utgreiingar, litterære tolkingar, drøftingar og andre resonnerande tekstar på hovudmål og sidemål
  • orientere seg i store mengder tekst av ulik kompleksitet og velje ut, samanfatte og vurdere relevant informasjon
  • lese eit utval av samtidstekstar på nynorsk og bokmål og drøfte desse tekstane språkleg og tematisk i forhold til vår tid
  • bruke kunnskap om tekst, sjanger, medium og språklege verkemiddel til å planleggje, utforme og bearbeide eigne tekstar med klart føremål, god struktur og sakleg argumentasjon
  • uttrykkje seg med eit presist og nyansert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
  • bruke kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte og meistre digital kjeldetilvising

Språk, litteratur og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom norrønt og moderne norsk språk
  • gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet
  • forklare argumentasjonen i sakprosatekstar ved å bruke kunnskap om retorikk
  • analysere innhaldet og vurdere bruken av verkemiddel i tekstar som er henta frå digitale medium
  • samanlikne forteljemåtar og verdiar i eit utval av samtidstekstar med forteljemåtar og verdiar i mytar og folkedikting
  • gjere greie for korleis ulike førestellingar om det norske kjem til uttrykk i sentrale tekstar frå slutten av 1700-talet til 1870-åra og i eit utval av samtidstekstar
  • lese eit utval av sentrale norske og nokre europeiske tekstar frå mellomalderen til og med romantikken, setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng og kommentere form og innhald
  • referere til og vurdere kjelder i aktuelle faglege situasjonar
  • gjere greie for særtrekk ved eit utval av norske talemålsvariantar og reflektere over forhold som kan påverke utviklinga av talemål
  • gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag
  • gjere greie for trekk ved samisk språk og kultur og konsekvensar av norsk språk- og fornorskingspolitikk
  • gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka
  • presentere eit utval av omsette og originale nordiske tekstar
  • tolke og vurdere komplekse samansette tekstar
  • analysere, tolke og samanlikne eit utval av sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng
  • bruke omgrep frå retorikken for å analysere og vurdere ulike typar sakprosatekstar
  • gjennomføre ei sjølvvald og utforskande fordjupingsoppgåve med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne, og velje kommunikasjonsverktøy ut frå faglege behov

Vurdering

Retningsliner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk hovudmål skriftleg, éin i norsk sidemål skriftleg og éin i norsk munnleg.

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane skal ha éin standpunktkarakter.

Vg3 studieførebuande utdanningsprogram

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk hovudmål skriftleg, éin i norsk sidemål skriftleg og éin i norsk munnleg.

Eksamen for elevar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane kan trekkjast ut til to dagars skriftleg eksamen som omfattar norsk hovudmål og norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (112 timar).

Vg3 studieførebuande utdanningsprogram

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Elevane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Elevane kan òg trekkjast ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan i tillegg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (393 timar).

Eksamen for privatistar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Sjå ordninga som gjeld for grunnskuleopplæring for vaksne.

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. I tillegg skal privatistane opp til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (112 timar).

Vg3 studieførebuande utdanningsprogram

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål og i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatistane opp til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (393 timar).

Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!