Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning (NAB3-01)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2008

Føremål

Naturforvaltningsfaget skal medverke til å fremme kompetanse i forvaltning av natur og ressursar med tanke på at naturen har eigenverdi og skal gi eit godt livsgrunnlag for menneska no og i framtida. Naturforvaltning har rotfeste i tradisjonelle, naturbaserte næringar samtidig som det legg grunnlag for berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Naturforvaltning kal gi elevane kunnskap om forvaltning av naturressursar på land og i havet. I dette inngår også naturforvaltning knytt til samiske område. Programfaget skal medverke til å gi elevane innsikt i naturbasert næringsutvikling og yrkesutøving der berekraftig forvaltning av naturressursar inngår. Programfaget har eit allmenndannande aspekt og skal medverke til å vekkje interesse og gi grunnlag for vidare studium innan tilknytte fagområde. Naturforvaltningsfaget kvalifiserer ikkje for eit spesielt yrke, men skal gi elevar kompetanse innan naturforståing og forvaltning som ein del av studiekompetansen, tufta på innsikt og ferdigheiter innan fagområdet naturbruk.

Opplæringa skal femne heilskapleg og tverrfagleg, byggje på tidlegare opparbeidd yrkeskompetanse og medverke til at eleven kan utvikle analytiske evner, kreativitet og samarbeidsevne. Opplæringa skal leggje vekt på det å kunne sjå ei sak frå fleire sider, vekte ulike interesser mot kvarandre, finne forslag til løysingar i konfliktsaker og setje forslag til løysingar om til praktisk handling. Opplæringa skal leggje til rette for personleg utvikling og gi grunnlag for livslang læring.

Struktur

Faget er samansett av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområde:

Årssteg

Hovudområde

Vg3

Forvaltning av natur

Natur, næring og aktivitet

Kartlegging, plan og tiltak

Hovudområde

Forvaltning av natur

Hovudområdet omfattar naturforvaltning som omgrep og dei tradisjonane og siktemåla fagområdet har. Vidare omfattar det organisering av arbeidet, regelverk og utfordringar knytte til vern og bruk av naturen.

Natur, næring og aktivitet

Hovudområdet omfattar gangen i å etablere eiga næringsverksemd og det sentrale regelverket knytt til dette. I hovudområdet inngår også kreativitet, innovative prosessar og nyskaping i tilknyting til naturbaserte næringar og aktivitetar.

Kartlegging, plan og tiltak

Hovudområdet omfattar arbeidsmåtar og metodar innan naturforvaltning med utgangspunkt i reelle problemstillingar i eitt eller fleire geografiske område i Noreg eller i utlandet. I dette inngår kartlegging av utvalde naturressursar og registrering av menneskeleg bruk. Vidare dreiar seg om ulike interessegrupper, aktuelle tiltak og utviklingsmodellar knytte til bruk og vern.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg3

Naturforvaltning 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I naturforvaltning forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i naturforvaltning inneber å forklare og grunngi val, argumentere for eit standpunkt og delta i diskusjonar. Det inneber også å formidle fagkunnskap om lokale, nasjonale og internasjonale problemstillingar.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i naturforvaltning inneber å dokumentere utført arbeid og strukturere og skrive rapportar. Det vil også seie å utarbeide skriftlege saksframstillingar som underlag for å drøfte ei sak.

Å kunne lese i naturforvaltning inneber å innhente informasjon frå saksdokument, utvalt fagstoff, regelverk og kart. Vidare vil det seie å orientere seg i debattar om fagfeltet i dagspressa og andre medium.

Å kunne rekne i naturforvaltning inneber å gjere utrekningar baserte på eigne registreringar. Det inneber å utføre enkel sannsynsrekning, å tolke statistiske framstillingar og presentere talmateriale i tabellar og grafiske framstillingar.

Å kunne bruke digitale verktøy i naturforvaltning inneber å samle inn og registrere data, analysere og handsame resultata og presentere dei digitalt. Vidare inneber det å nytte digitale verktøy til å framstille enkle kart for ei forventa utvikling på utvalde område. Det inneber også å bruke digitale verktøy til kommunikasjon og informasjonshandsaming i forvaltningsprosessar.

Kompetansemål

Naturforvaltning

Forvaltning av natur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekka i utviklinga av fagområdet naturforvaltning og drøfte kva naturforvaltning inneber
  • forklare og bruke sentrale omgrep innan fagområdet naturforvaltning
  • gjere greie for grunnleggjande abiotiske og biotiske faktorar for utvikling av ulike naturtypar
  • gjere greie for hovudtrekka i det sentrale regelverket og internasjonale avtalar og konvensjonar knytte til forvaltning av natur
  • gjere greie for viktige miljøutfordringar lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt
  • gjere greie for sentrale prinsipp og strategiar for berekraftig forvaltning av naturen
  • gi eksempel på ulike typar planar for forvaltning av naturen lokalt og nasjonalt, og gjere greie for korleis arbeidet med forvaltningsplanar blir organisert
  • drøfte etiske dilemma knytte til bruk av naturen og gi eksempel på politiske prosessar knytte til naturforvaltning

Natur, næring og aktivitet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • presentere utviklingstrekk innan naturbaserte næringar og aktivitetar nasjonalt og internasjonalt
  • bruke ulike metodar for utvikling av kreativitet og idear til naturbasert næringsutvikling
  • gjere greie for kriterium for å lykkast med naturbasert næringsetablering
  • utarbeide ein forretningsplan med utgangspunkt i ein forretningsidé basert på tilgjengelege, naturbaserte ressursar

Kartlegging, plan og tiltak

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • kartleggje utvalde nøkkelartar, naturtypar og naturressursar gjennom systematisk feltarbeid i eit valt geografisk område
  • registrere korleis menneskeleg bruk eller vern har påverka nøkkelartar, naturtypar og naturressursar i eit valt geografisk område
  • skissere ulike framtidsbilete for utvikling av eit valt geografisk område ut frå ulike brukar- og verneinteresser og vurdere miljøkonsekvensar av desse
  • drøfte korleis næringsverksemd, naturvern og friluftsinteresser i eit område kan samordnast
  • planleggje og gjennomføre utvalde praktiske tiltak som kan medverke til ei ønskt utvikling i eit område

Vurdering

Vg3 naturforvaltning

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Naturforvaltning

Eleven skal ha standpunktkarakter i dette felles programfaget.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Naturforvaltning

Eleven skal opp til ein praktisk eksamen i dette felles programfaget. Eksamenen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Naturforvaltning

Privatisten skal opp til ein skriftleg og ein munnleg eksamen i programfaget. Eksamenane blir utarbeidde og sensurerte lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!