Læreplanen er utgått!

Læreplan i matematikk (MAT1-01)

Fága oajvveoase

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Matematikk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskolen og etter Vg1 og Vg2 i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Det er to læreplanar i faget for Vg1 og to læreplanar for Vg2. Læreplan T er meir teoretisk orientert, medan læreplan P er meir praktisk orientert. Begge variantane gjev generell studiekompetanse.

Yrkesfagelevar skal ha tre femdelar av læreplan Vg1P eller Vg1T:

Vg1P: hovudområda

tal og algebra

geometri

økonomi

Vg1T: hovudområda

tal og algebra (kompetansemåla 1, 2, 3 og 5)

geometri (heile hovudområdet)

sannsyn (kompetansemåla 1, 2 og 3)

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Matematikk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskolen og etter Vg1 og Vg2 i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Det er to læreplanar i faget for Vg1 og to læreplanar for Vg2. Læreplan T er meir teoretisk orientert, medan læreplan P er meir praktisk orientert. Begge variantane gjev generell studiekompetanse.

Yrkesfagelevar skal ha tre femdelar av læreplan Vg1P eller Vg1T:

Vg1P: hovudområda

tal og algebra

geometri

økonomi

Vg1T: hovudområda

tal og algebra (kompetansemåla 1, 2, 3 og 5)

geometri (heile hovudområdet)

sannsyn (kompetansemåla 1, 2 og 3)

Elevar i yrkesfagleg utdanningsprogram og dei som har fagbrev, sveinebrev eller annan yrkeskompetanse, og som ynskjer generell studiekompetanse, følgjer resten av læreplanen frå Vg1P eller Vg1T og læreplanen som høyrer til Vg2.

Oversikt over hovudområde:

Årssteg

Hovudområde

1.–4.

Tal

Geometri

Måling

Statistikk

5.–7.

Tal og algebra

Geometri

Måling

Statistikk og sannsyn (bm.: sannsynlighet)

8.–10.

Tal og algebra

Geometri

Måling

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Funksjonar

Vg1T

Tal og algebra

Geometri

Sannsyn

Funksjonar

Vg1P

Tal og algebra

Geometri

Økonomi

Sannsyn

Funksjonar

Vg2T

Geometri

Kombinatorikk og sannsyn

Kultur og modellering

Vg2P

Tal og algebra i praksis

Statistikk

Modellering

Tal og algebra

Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar. Algebra blir òg nytta i samband med hovudområda geometri og funksjonar.

Geometri

Geometri i skolen handlar mellom anna om å analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og gjere konstruksjonar og berekningar. Ein studerer dynamiske prosessar, som spegling, rotasjon og forskyving. Hovudområdet omfattar òg det å utføre og beskrive lokalisering og flytting.

Måling

Måling vil seie å samanlikne og oftast knyte ein talstorleik til eit objekt eller ei mengd. Denne prosessen krev at ein bruker måleiningar og høvelege teknikkar, målereiskapar og formlar. Vurdering av resultatet og drøfting av måleusikkerheit er viktige delar av måleprosessen.

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er sentralt i statistikk. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar å finne tal på, og det er ofte nødvendig for å kunne berekne sannsyn.

Funksjonar

Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan uttrykkjast på fleire måtar, til dømes med formlar, tabellar og grafar. Analyse av funksjonar går ut på å leite etter spesielle eigenskapar, som kor raskt ei utvikling går, og når utviklinga får spesielle verdiar.

Økonomi

Hovudområdet økonomi handlar om berekningar og vurderingar som gjeld økonomiske forhold.

Kultur og modellering

Hovudområdet kultur og modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Hovudområdet beskriv den logiske strukturen i faget og viser historia og den kulturelle rolla til faget. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir tilarbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen.

Side 2 Av 14

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!