Læreplan i kroppsøving (KRO1-04)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Kompetansemål etter 7. årssteget

Idrettsaktivitet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utføre varierte aktivitetar og delta i leik som fremjar uthald, koordinasjon og anna kroppsleg utvikling
  • utføre grunnleggjande teknikkar i svømming på magen, på ryggen, på sida, under vatn, og kunne berge seg sjølv i vatn
  • praktisere trygg ferdsel og gjere risiko- og sikkerheitsvurderingar i, ved og på vatn under varierte vêrforhold
  • følgje enkle reglar og prinsipp for samhandling og samspel og respektere resultata
  • bruke grunnleggjande rørslemønster og teknikkar i nokre individuelle idrettar, nokre utvalde lagidrettar og i alternative rørsleaktivitetar
  • praktisere ski- og skøyteteknikkar der det ligg til rette for det
  • eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar
  • praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel
  • forklare kvifor fysisk aktivitet er viktig kvar dag

Friluftsliv

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • orientere seg ved hjelp av kart i kjent terreng
  • fortelje om lokale friluftslivstradisjonar
  • vere med i ulike friluftslivsaktivitetar og praktisere trygg ferdsel under varierte vêrtilhøve
  • planleggje og gjennomføre overnattingstur
  • praktisere nokre aktivitetar med røter i samisk tradisjon
  • utføre enkel førstehjelp

Side 7 Av 12

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!