Læreplan i kroppsøving (KRO1-04)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Kompetansemål etter 4. årssteget

Aktivitet i ulike rørslemiljø

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
  • utføre grunnleggjande rørsler som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i fri utfolding og organiserte aktivitetar
  • leike og utføre grunnleggjande øvingar med vasstilvenning som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn
  • vere svømmedyktig ved å falle uti på djupt vatn, svømme 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • ferdast trygt i, ved og på vatn og gjere greie for farane, og tilkalle hjelp
  • samhandle med andre i ulike aktivitetar
  • anerkjenne kroppslege føresetnader og skilnader mellom seg sjølv og andre
  • bruke småreiskapar og apparat frå tradisjonelle og alternative rørsleaktivitetar
  • avlevere, ta i mot og leike med ulike balltypar og vere med i enkle ballspel
  • utforske, leike og uttrykkje seg med rørsler til ulike rytmar og musikk
  • vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
  • bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det
  • lage og bruke enkle kart til å orientere seg i nærområdet
  • bruke klede, utstyr og enkle bruksreiskapar for å opphalde seg i naturen på ein trygg og funksjonell måte
  • samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen, og kunne praktisere sporlaus ferdsel
  • setje namn på kroppsdelar og rørslemåtar
  • forklare kva personleg hygiene har å seie for eiga og andres helse og trivsel
  • følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar

Side 6 Av 12

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!