Læreplanen er utgått!

Læreplan i kroppsøving (KRO1-02)

Main subject areas

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast dei ulike utdanningsprogramma.  

Kroppsøving har kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget i grunnskulen og etter Vg1, Vg2 og Vg3 i den vidaregåande opplæringa.

Oversikt over hovudområde:

Årssteg  

Hovudområde  

1.–4.

Aktivitet i ulike rørslemiljø

5.–7.

Idrettsaktivitet og dans

Friluftsliv

8.–10.

Idrett og dans

Friluftsliv

Aktivitet og livsstil

Vg1–Vg3

Idrett og dans

Friluftsliv

Trening og livsstil

Aktivitet i ulike rørslemiljø

Hovudområdet aktivitet i ulike rørslemiljø omfattar utvikling og automatisering av naturlege, grunnleggjande rørsler i ulike aktivitetsmiljø, både inne og ute. Organiserte aktivitetar og spontan leik i varierte rørslemiljø er sentrale element. Hovudområdet omfattar òg grunnleggjande kunnskap om kroppen og personleg hygiene.

Idrettsaktivitet og dans

Hovudområdet idrettsaktivitet og dans omfattar rørsleleik, skapande og utøvande dans og idrettsaktivitetar tilpassa føresetnadene hos elevane. Organisert aktivitet, fri aktivitet og eksperimentering står sentralt som aktivitetsområde. Dessutan er samhandling og felles reglar viktig del av dette hovudområdet.

Idrett og dans

Hovudområdet idrett og dans omfattar eit breitt utval av idrettar og dansar. Utvalet vil variere med lokale forhold og individuelle interesser. Deltaking i og framføring av dansar, både eigenproduserte dansar og dansar frå ulike kulturar, mellom anna ungdomskulturane, er ein del av det.

Friluftsliv

Hovudområdet friluftsliv omfattar kunnskapar og ferdigheiter som trengst for å kunne ferdast i naturen. Det skal leggjast vekt på lokale friluftstradisjonar, bruk av nærmiljøet og korleis ein kan orientere seg og opphalde seg i naturen til ulike årstider.

Aktivitet og livsstil

Hovudområdet aktivitet og livsstil omfattar ulike aktivitetar og korleis trening kan påverke helsen hos den enkelte. Samanhengar mellom aktivitet og livsstil, basert på interesser og meistring hos den einskilde, er sentrale emne på dette området.

Trening og livsstil

Hovudområdet trening og livsstil omfattar kunnskap, erfaring og refleksjon som trengst for å gjennomføre ulike treningsformer og eigentrening som grunnlag for ein aktiv livsstil. Korleis ein kan drive helsefremjande aktivitet og arbeide ergonomisk rett, er òg viktige emne.

Side 2 Av 12

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!