Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjelder fra: 2017-08-01T00:00:00 +2
Gjelder til: 2021-07-31T00:00:00 +2
Føremål
Arkitektur og samfunn skal leggje grunnlaget for auka kunnskap om dei bygde omgivnadene i eit notidig, historisk og framtidsretta perspektiv. Kunnskap om påverknad frå arkitekturen på natur, landskap og klima er viktig for å løyse utfordringar knytte til busetjing, urbanitet og miljø. Arkitekturen speglar kulturelle verdiar og haldningar på lokalt og globalt nivå og er ein del av den kulturelle allmenndanninga.
Opplæringa skal fremje kunnskap om arkitektur i eit samfunns¬perspektiv og utvikle elevens kompetanse for å kunne vurdere arkitektur ut frå krav til stadtilpassing og funksjonsbehov. Ho skal òg medverke til auka kunnskap om berekraftige løysingar når det gjeld materialval og ressursutnytting. Gjennom arbeid med modellar og teikning skal eleven utvikle praktiske ferdigheiter og fagleg innsikt knytte til konstruksjon, og trene evna til å vurdere utforming ut frå kriterium.
Opplæringa skal leggje til rette for opplevingar, analysar og utforskande arbeid. Både gjennom samarbeid og i individuelt arbeid skal det leggjast til rette for problemløysande prosessar. Tverrfagleg arbeid og entreprenørskap skal stimulere til idéutvikling, kreativitet og kritisk vurdering i utarbeidinga av ulike løysingsforslag.
Struktur
Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Programfag | Hovudområde | ||
Arkitektur og samfunn | By- og stadutvikling | Form, teknologi og funksjon | Miljø og klima |
Hovudområde
By- og stadutvikling
Hovudområdet handlar om utforming av stader og byar og om karakter, utvikling og utfordringar ved dei menneskeskapte omgivnadene. Hovudområdet tek opp arkitekturen si tilpassing til natur og landskap. Samspelet mellom stad, omgivnader og livet til menneska inngår. Historie, analysar av staden og funksjonsbehov høyrer også med. Bygging av modeller og visualisering av idear inngår i hovudområdet.
Form, teknologi og funksjon
Hovudområdet omfattar utforming, teknologi og historie til dei bygde omgivnadene. Utforsking av rom, vurdering av funksjonskrav og utvikling av konstruksjonar i ulike materiale høyrer med. Teikning, modellbygging i målestokk og bruk av digitale verktøy til visualisering av prosjekt inngår i hovudområdet.
Miljø og klima
Hovudområdet handlar om dei menneskeskapte fysiske omgivnadene i eit natur- og miljøperspektiv. Berekraftige løysingar som svar på globale miljøproblem og konsekvensar av klimaendringane for eksisterande og ny arkitektur står sentralt. Teikning og bruk av digitale verktøy for visualisering av prosjekt høyrer med til hovudområdet.
Timetal
Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.
Arkitektur og samfunn: 140 årstimar
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I arkitektur og samfunn forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Munnlege ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne ta i bruk relevant fagterminologi for å beskrive, analysere og vurdere arkitektur og i presentasjon og drøfting av eige og andre sitt arbeid.
Å kunne skrive i arkitektur og samfunn inneber å kunne kommunisere ved hjelp av tekst, teikn og symbol, gjennom teikningar og modellar, analogt og digitalt. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når idear og informasjon blir omsette til teikn og visuelle uttrykk.
Å kunne lese i arkitektur og samfunn inneber å kunne forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon som kart, arbeidsteikningar og fagtekstar. Det betyr å kunne nyttiggjere seg ulike medium, arkiv og bibliotek. Å lese inneber også å kunne analysere og vurdere arkitektur som formuttrykk.
Å kunne rekne i arkitektur og samfunn inneber å kunne uttrykkje storleiksforhold, volum og dimensjonar i arbeid med teikningar og modellar. Arbeid med målestokk, proporsjonar, rom og masse står sentralt. Det å kunne hente informasjon frå tabellar og figurar inngår.
Digitale ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne ta i bruk digitale verktøy for to- og tredimensjonal visualisering, for bearbeiding og dokumentasjon.
Kompetansemål
Arkitektur og samfunn
By- og stadutvikling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne- gjere greie for historia til ein stad og beskrive tilpassing av bustadbygginga til natur og landskap
- gjere greie for veksten av byane og kva dei har hatt å seie i historia
- vurdere moglegheiter for fysiske endringar innafor eit gitt område og utarbeide forslag til forbetringar
- visualisere arealbruk og infrastruktur gjennom teikning og digitale presentasjonar
- beskrive særpreget til ein stad og byggje modellar tilpassa natur og fysiske omgivnader
Form, teknologi og funksjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne- forklare korleis teknologiske nyvinningar og nye byggjeoppgåver har påverka utviklinga av arkitekturen i historia
- visualisere storleikstilhøve og romdanning ved hjelp av menneskekroppen
- utvikle konstruksjonar i ulike materiale
- analysere og vurdere behov for ny utforming av rom ut frå funksjonskrav
- bruke digitale verktøy, teikning og modellar ved studium av rom og kunne diskutere kvalitet og utføring
Miljø og klima
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne- beskrive og eksemplifisere berekraftige løysingar i arkitekturen
- gjere greie for korleis miljø- og klimautfordringar vil stille nye krav til eksisterande og framtidig utbygging
- visualisere og gjere greie for korleis klimaendringar og vêrfenomen som ekstremvêr, havstiging og flom kan utfordre staden og landskapet
- bruke teikning og digitale verktøy for å belyse lokale miljøutfordringar
Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag | Ordning |
Arkitektur og samfunn | Elevane skal ha standpunktvurdering |
Eksamen for elevar
Programfag | Ordning |
Arkitektur og samfunn | Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
Eksamen for privatistar
Programfag | Ordning |
Arkitektur og samfunn | Privatistane skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.