Læreplan i kunst og skapande arbeid – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA3-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2017-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2021-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Visuell kunst og den verdien han har i ein menneskeleg og samfunnsmessig samanheng, står sentralt i programfaget kunst og skapande arbeid. Aktuelle samfunnstema blir stadig problematiserte i kunsten og er ein del av den offentlege debatten. Medvit om sosiale og samfunnsmessige tilhøve og kunnskap om korleis visuell kunst kan setje søkjelys på desse tilhøva, kan inspirere til refleksjon. Problemstillingar knytte til endringar i kunstnarrolla og kunsten sitt samfunnsoppdrag set krav til kunnskap om kunstfeltet. Gjennom digitale plattformer kan kunstuttrykk enkelt delast, og dette krev kjennskap til opphavsrett og personvern.

Opplæringa i kunst og skapande arbeid skal fremje eleven si evne til å reflektere over kunst og til sjølv å kunne skape visuelle uttrykk i kunstnariske prosessar. Programfaget skal medverke til eleven si oppleving av og forståing for ulike kunstuttrykk og bruk av visuelle verkemiddel. Kunnskap om forskjellige uttrykksmåtar, både etablerte og nyare samtidsuttrykk som konseptkunst, installasjonar, performance, gatekunst og stadspesifikk kunst, skal gi grunnlag og forståing for den rolla kunsten og kunstnaren har i samtida. Opplæringa skal leggje grunnlag for innsikt hos eleven i kunstfeltet og opne for tolking og analyse av visuell kunst.

Programfaget skal leggje til rette for utforskande, praktiske prosessar i eige arbeid og gjennom samhandling med andre. Opplæringa skal omfatte utprøving, utvikling og bruk av etablerte og eksperimentelle teknikkar, og medverke til å utvikle uttrykk gjennom refleksjon over eige arbeid.

Struktur

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for.

Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Kunst og skapande arbeid

Kunst i kontekst

Kunst i prosess

Hovudområde

Kunst i kontekst

Hovudområdet kunst i kontekst handlar om å sjå visuelle kunstuttrykk i ein samfunnsmessig samanheng. Å oppleve og vurdere kunst der han blir presentert, skal gi grunnlag for analyse og tolking av kunst. Å forstå autonomien i kunstnarrolla og å drøfte kunst i høve til marknaden høyrer med. Med delingskulturen i samtida står kunnskap om opphavsrett og personvern sentralt i faget. Hovudområdet vil romme fagomgrep i presentasjon og vurdering av ulike kunstuttrykk.

Kunst i prosess

Hovudområdet kunst i prosess handlar om å tileigne seg ferdigheiter og kunnskapar i arbeid med idéutvikling, visualisering av idear og utføring av ulike kunstuttrykk. Kunnskap om estetiske og visuelle verkemiddel skal medverke til å utvikle eige uttrykk. Utvikling av stadspesifikt kunstprosjekt inngår i hovudområdet.

I hovudområdet inngår arbeid med kunstnariske prosjekt for å skape relevans og samanheng mellom kunst, kontekst og praksis. Å kunne velje føremålstenlege teknikkar og arbeidsmåtar for å skape ulike kunstuttrykk høyrer med. Opplæring innan helse, miljø og sikkerheit inngår også i hovudområdet.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Kunst og skapande arbeid: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetanse og er en del av han. I kunst og skapande arbeid forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i kunst og skapande arbeid inneber å kunne bruke fagomgrep i samband med eige arbeid i ein verkstad, å kunne føre samtalar, presentere og diskutere eige og andre sitt arbeid.

Å kunne skrive i kunst og skapande arbeid inneber å dokumentere prosessar med skisser og notat.

Å kunne lese i kunst og skapande arbeid inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og visuelle uttrykk til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i kunst og skapande arbeid inneber å kunne berekne og oppfatte form, rom og proporsjonar i eige og andre sitt arbeid. Det er òg sentralt i arbeid med geometri og perspektiv

Digitale ferdigheiter i kunst og skapande arbeid inneber å kunne bruke informasjonsteknologi knytt til kunstnarisk arbeid, presentasjon og dokumentasjon. Det inneber også å kunne innhente og organisere relevant digital informasjon i arbeidet.

Kompetansemål

Kunst og skapande arbeid

Kunst i kontekst

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • drøfte korleis visuell kunst kan kommunisere tankar og verdiar
  • identifisere kvar og korleis visuell kunst blir presentert i samtida
  • analysere og tolke etablerte og eksperimentelle kunstuttrykk
  • beskrive kunsten og kunstnarrolla i brytinga mellom marknad og kunsten sin autonomi
  • gjere greie for prinsipp om opphavsrett og personvern knytte til bruk av andre sine verk
  • bruke fagomgrep i presentasjon, tolking og vurdering av eigne og andre sine kunstnariske prosessar og arbeid

Kunst i prosess

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, utvikle og dokumentere ein kunstnarisk prosess frå idé til ferdig produkt
  • bruke og grunngi val av visuelle og estetiske verkemiddel, materiale og teknikkar i utviklinga av eigne kunstuttrykk
  • utvikle eit kunstprosjekt som uttrykkjer det stadspesifikke
  • bruke rom og volum i utforming av ein installasjon
  • utforske og hente inspirasjon frå samtidskunst og bruke ein kunstnar eller eit kunsthistorisk verk som referanse for eige arbeid
  • planleggje og gjennomføre utstillingar og nettbaserte kunstpresentasjonar
  • kjenne til helse, miljø og sikkerheit knytt til arbeid med ulike materiale og teknikkar

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Kunst og skapande arbeid

Elevane skal ha standpunktkarakter

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Kunst og skapande arbeid

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Kunst og skapande arbeid

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!