Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2 (IMS2-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industriell møbelproduksjon forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i industriell møbelproduksjon inneber å utarbeide dokumentasjon til bruk i framstillingsprosessar og kvalitetsarbeid. Det inneber å setje ord på og forklare kva som blir gjort i samband med utføring av faglege oppgåver. Skriftlege ferdigheiter er knytte til registreringar, rapportar og deltaking i prosjektarbeid og presentasjonar.

Å kunne lese i industriell møbelproduksjon inneber å forstå og følgje arbeidsforklaringar, prosedyrar, manualar og standardar. Vidare inneber det å lese og søkje informasjon ut frå arkiv eller oppslag for å kunne vere aktiv i skole- og arbeidsmiljø.

Å kunne rekne i industriell møbelproduksjon inneber å gjere berekningar i samband med arbeidsprosessane, finne innstillingar på maskinar og rekne med blandingsforhold i væsker, trykk og temperaturar. Det inneber også å kunne gjere økonomiske berekningar omkring val av metodar, teknikkar og materiale og å kunne gjennomføre målingar og registreringar i samsvar med teikningar, skjema og standardar.

Å kunne bruke digitale verktøy i industriell møbelproduksjon inngår i alle arbeidsprosessar frå utforming, konstruksjon, spesifikasjon og produksjon til dokumentasjon. Det inneber også å samhandle nettbasert med kundar og leverandørar.

Side 4 Av 10

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!