Læreplan i hestefaget Vg3 / opplæring i bedrift (HST3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Bruk av hest i arbeid og konkurransar har lange tradisjonar. Hesten blir nytta stadig meir i tradisjonelle og nye samanhengar. Det er aukande etterspørsel etter faglærte yrkesutøvarar som kan handtere og stelle hestar, og som kan rettleie publikum og næringsdrivande. Hestefaglærte arbeider innanfor travnæringa, i ride- og køyreverksemd, i galoppnæringa, i stutteribedrifter og bedrifter som bruker hest i helserelatert verksemd, og innanfor turisme og fritidsaktivitetar.

Hestefaget skal førebu lærlingen på yrkesutøving som hestefaglært. Faget skal verke for at hestefaglærte har kunnskap om hest og ulike bruksområde for hesten, og at dei har ferdigheiter i handtering og bruk av hest. Faget skal leggje vekt på det særeigne ved å arbeide med dyr, med dei krava det set til etikk og til helse, miljø og tryggleik. Vidare skal faget fremme forståing for samspelet mellom menneske og hest. Faget skal vere med på å gi innsikt i korleis ein kan utvikle ny næringsverksemd knytt til bruk av hest.

Gjennom eit mangfald av aktivitetar skal opplæringa leggje til rette for at lærlingen kan oppleve meistring, utvikle samarbeidsevne og profesjonalitet med tanke på dyrevelferd, miljø og etikk. Opplæringa skal fremme forståing for at arbeid med dyr krev evne til å ta avgjerder og vere kreativ. Faget skal leggje grunnlag for vidare spesialisering innan hestefaget.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er hestefaglært.

Struktur

Hestefaget er samansett av tre hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Stalldrift og bedriftslære

Aktivitetar med hest

Hest og hestehald

Hovudområde

Stalldrift og bedriftslære

Hovudområdet omfattar arbeidsprosessar og yrkesutøving innan stalldrift. Dette inkluderer dagleg drift ut frå dei behova hesten har, og ut frå krav til økonomistyring og kvalitetssikring. Vidare omfattar det arbeidsteknikkar og val og bruk av utstyr, reiskapar og verktøy, i tillegg til enkelt ettersyn og vedlikehald av desse. Hovudområdet omfattar dessutan samanhengar mellom yrkesutøving, arbeidsmiljø og økonomi. Regelverk, krav og normer i arbeidslivet, tryggleiks- og miljøtiltak og kvalitet på prosessar og produkt høyrer og med til hovudområdet.

Aktivitetar med hest

Hovudområdet omfattar arbeidsprosessar og yrkesutøving der aktivitetar knytte til omgang med og bruk av hest står sentralt. Her inngår stell, handtering, køyring, riding og andre aktivitetar knytte til bruk av hest i yrke.

Hest og hestehald

Hovudområdet omfattar hestens anatomi, fysiologi, åtferd og behov. Treningslære for hest, førebyggjande helsearbeid og sjukdomslære, fôring og avlslære høyrer også med. Hovudområdet omfattar i tillegg profesjonelt hestehald, dyrevelferd og etisk forsvarleg avlsarbeid.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I hestefaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i hestefaget inneber å forklare og grunngi val og å presentere prosessar og produkt for kundar, styresmakter og publikum.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i hestefaget inneber å rapportere, dokumentere og presentere prosessar og produkt. Det inneber også å føre treningsdagbøker.

Å kunne lese i hestefaget inneber å nytte bruksrettleiingar, datablad for helse, miljø og tryggleik, fôrplanar og utvalt fagstoff. Vidare vil det seie å orientere seg i regelverk og følgje med i debattar om næringa og næringsinteresser i dagspressa og andre medium.

Å kunne rekne i hestefaget inneber å rekne ut volum, areal, lengd, vekt, fart, tid og distanse. Det vil også seie å rekne ut fôrmengder, behov for lagerplass og kostnader i samband med drift. Vidare vil det seie å gjere enkle målingar av fysiske og kjemiske parametrar og å setje opp og tolke tabellar, diagram og enkel statistikk.

Å kunne bruke digitale verktøy i hestefaget inneber å formidle og presentere produkt og tenester og å hente inn og utveksle informasjon. Vidare vil det seie å gjere kalkulasjonar og bruke økonomistyringsverktøy. Det inneber dessutan å bruke digitale verktøy i samband med planlegging og gjennomføring av treningsopplegg.

Kompetansemål

Etter Vg3

Stalldrift og bedriftslære

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre og vurdere dagleg tilsyn og vedlikehald av stall, innreiing, luftegardar, gjerde og treningsareal og dokumentere drift i tråd med gjeldande regelverk
  • vurdere utforminga av bygningar, innreiingar og anlegg for hest med tanke på hestens velferd og kva behov og interesser brukarane har
  • arbeide med hest etter gjeldande regelverk og standardar for dyrehald
  • drive ettersyn og vedlikehald av utstyr og hjelpemiddel som blir nytta i stalldrift
  • vurdere risiko knytt til stalldrift og handtering av hest, og utføre tiltak som sikrar helse, miljø og tryggleik for dyr og menneske
  • utarbeide system for kvalitetssikring og innarbeide dette i den daglege drifta av stallen
  • bruke fagspråk knytt til hestenæringa og kommunisere om hest med veterinær, hestepersonell og publikum
  • ha kontakt med kundar i samband med marknadsføring og sal av dei produkta og tenestene stallen har
  • gjere greie for organisering, oppgåver og utvikling i bedrifta og for eige ansvarsområde i stalldrifta
  • gjere greie for samanhengar mellom innsatsfaktorar og økonomisk resultat i stalldrift
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i hestenæringa, og gjere greie for dei pliktene og rettane arbeidsgivaren og arbeidstakaren har

Aktivitetar med hest

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere dagleg stell av hest
  • handtere hestar på ulike alderstrinn og i ulike situasjonar i samsvar med gjeldande tryggleiksføresegner og etiske retningslinjer
  • førebu hest og utstyr for transport og laste opp hesten
  • ri og køyre hest på ein sikker måte i trafikk og terreng
  • køyre hest i skritt og trav og i overgangar mellom desse
  • ri hest i alle naturlige gangartar og i overgangar mellom desse
  • vurdere rase, alder, utdanning og kor eigna hesten er til ulike oppgåver
  • analysere prestasjonsnivået til hesten og gjere greie for korleis prestasjonane kan utviklast
  • trene hestar etter eit oppsett treningsprogram
  • grunngi val av øvingar og treningsmetode ut frå kva nivå hesten ligg på, og kva alder han har
  • gjere greie for ulike bruksområde innan køyring og riding og peike på moglege næringsutviklingsstrategiar
  • velje utstyr og tilpasse dette til hesten og aktivitetane
  • mønstre hest for utstilling og veterinær

Hest og hestehald

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for kva som er normal åtferd og utsjånad hos ein hest, og påvise avvik
  • identifisere vanlege sjukdommar og skadar på hesten og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær
  • utføre enkel sårbehandling og medisinering av hest
  • planleggje og gjennomføre fôring av hestar med utgangspunkt i rase, alder og bruksområde
  • vurdere korleis fôring, stell, utegang og trening kan førebyggje sjukdommar og slitasjeskadar
  • vurdere skoninga av hesten ut frå kva slags rørslemønster og bruksområde han har
  • skifte broddar, trekkje til saum og ta av sko
  • gjere greie for reproduksjonen hos hesten og utføre arbeidsoppgåver i samband med hesteavl
  • vurdere ulike treningsmetodar og korleis dei påverkar hesten

Vurdering

Vg3 hestefaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovedområde

Ordning

Stalldrift og bedriftslære

Aktivitetar med hest

Hest og hestehald

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!