Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3 (FOT3-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Programområdet for fotterapi skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan behandling og førebygging av problem knytte til føtene. Gjennom arbeidet for ei sunn fothelse og førebygging av belastningsskadar skal fotterapifaget vere med på å stimulere til fysisk aktivitet og fremme fothelse.

Opplæringa skal medverke til utvikling av fagleg innsikt og praktiske ferdigheiter knytte til kunnskap om anatomi og fysiologi, biomekanikk, hud- og hudlidingar og sjukdomslære. Vidare skal opplæringa medverke til samhandling med ulike yrkesgrupper og med menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn.

Opplæring i faget skal leggje vekt på planlegging, gjennomføring og vurdering av arbeidsoppgåver i tråd med behova til brukarar og gjeldande regelverk. Opplæringa skal medverke til at den einskilde utviklar fagleg innsikt og praktiske ferdigheiter knytte til fotterapi.

Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittelen er fotterapeut.

Struktur

Programområdet for fotterapi består av tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årstrinn

Programfag

Vg3

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Omtale av programfaga

Helsefremmande arbeid

Programfaget handlar omsamanhengar mellom fothelse, kosthald, levevanar og livskvalitet. Faget handlar vidare om fot-, hud-, nagle-, muskel- og skjelettlidingar. Vidare inngår vurdering av ganglag og fottøy.

Kommunikasjon og samhandling

Programfaget handlar om rettleiing, kommunikasjon og samhandling med brukarar i ulike livssituasjonar og med ulik bakgrunn. Vidare inngår sal, service og marknadsundersøking. Brukarmedverknad, etisk refleksjon og konflikthandtering inngår også.

Yrkesutøving

Programfaget handlar omførebygging og behandling av problem knytte til føter og hud. Tiltak for avlasting av hud og føter inngår. Vidare inngår bruk av tekniske hjelpemiddel, produkt og tenester. Hovudområdet handlar vidare om regelverk knytt til helse, miljø og tryggleik (HMT), teieplikt og personvern. Dessutan inngår bedriftsetablering og enkel budsjett- og rekneskapsføring.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg3Helsefremmande arbeid: 250 årstimar

Kommunikasjon og samhandling: 250 årstimar

Yrkesutøving: 426 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. I faget fotterapi forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i faget fotterapi inneber å bruke relevante faguttrykk i formidlinga av informasjon, presentasjonar og dokumentasjon.

Å kunne lese i faget fotterapi inneber å følgje prosedyrar, regelverk og instruksar. Det vil også seie å setje seg inn i relevant faglitteratur.

Å kunne rekne i faget fotterapi inneber å rekne ut mengder og kostnader på tenester og å handtere oppgjer.

Å kunne bruke digitale verktøy i faget fotterapi inneber å bruke dokumentasjon og faglitteratur og produsere dokumentasjon, rapportar og informasjon i tekst og bilete. Det vil også seie å nytte kjeldekritikk, respektere personvern, kjenne til reglane for opphavsrett og vise etisk skjønn i bruken av digitale verktøy.

Kompetansemål

Helsefremmande arbeid

Helsefremmande arbeid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • rettleie om samanhengar mellom fothelse, kosthald, levevanar og livskvalitet
  • observere og vurdere ganglag med og utan fottøy og identifisere avvik
  • vurdere helsetilstanden til hud og føter og om nødvendig tilrå legebehandling
  • gjere greie for oppbygginga og funksjonen til fottøyet og vise korleis bruken av riktig fottøy kan førebyggje hud-, nagle-, muskel- og skjelettlidingar

Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon og samhandling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • rettleie, kommunisere og samhandle med brukarar om fothelse
  • kommunisere og samhandle med anna helsepersonell om fothelse
  • bruke ulike strategiar for konflikthandtering
  • drøfte etiske problemstillingar knytte til yrkesutøvinga
  • utføre og grunngi sal av tenester og produkt og gjennomføre marknadsundersøkingar
  • drøfte korleis estetikk og service kan vere helsefremmande, og foreslå tiltak

Yrkesutøving

Yrkesutøving

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • dokumentere og vurdere fotproblem, fotlidingar og hudskadar
  • planleggje og gjennomføre førebygging og behandling av hudskadar og fotlidingar
  • utføre skoanalyse
  • utføre protetikk og reguleringsteknikkar for negler
  • behandle hud- og naglelidingar innanfor eige kompetanseområde
  • utføre ledd- og muskeltestar
  • kartleggje og vurdere behov for avlasting ved hjelp av analyse- og avtrykksteknikkar
  • tilpasse individuelle avlastingar og behandle kallositetar, tornar og vorter
  • utføre arbeidet i tråd med hygieniske prinsipp
  • bruke materiale, tekniske hjelpemiddel, verktøy og utstyr i tråd med gjeldande regelverk
  • utføre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik (HMT) og ergonomiske prinsipp
  • følgje gjeldande regelverk om teieplikt og personvern
  • føre journal og enkelt budsjett og rekneskap
  • planleggje etablering av eiga bedrift

Vurdering

Vg3 fotterapi

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

De generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!