Læreplanen er utgått!

Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2 (FFA2-01)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 9. januar 2007 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2007

Gjelder til: 31.07.2018

Føremål

Programfaga for fiske og fangst handlar om kommersiell fangst av fisk, skaldyr og sjøpattedyr. Programfaga har som mål å gi framtidige yrkesutøvarar kompetanse til å vidareutvikle ei eksportnæring som har mykje å seie for sysselsetjing og økonomi. Dei skal synleggjere tradisjonane og den historiske utviklinga til fiskerinæringa, og leggje til rette for framtidig yrkesutøving i tradisjonelle og nye næringar. Opplæringa skal medverke til å gi eit breitt perspektiv på berekraftig forvaltning av ressursar i hav- og kystområde, nasjonalt og internasjonalt.

Opplæringa skal leggje til rette for at eleven skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendige for yrkesutøvarar og næringsdrivande i ei naturbasert, moderne og eksportretta næring. Programfaga skal stimulere til kreativitet og utvikling av ny næringsverksemd. Opplæringa i programfaga skal femne om eit utval av driftsformer innanfor fiske og fangst, med nasjonale og internasjonale krav til kvalitet i fokus. Ho skal også leggje til rette for at eleven får røynsle med oppgåver knytte til vakthald på fartøy. Programfaga skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av eit yrke som blir utøvd under utfordrande arbeidsforhold og med endringar i naturgrunnlag og rammevilkår.

Opplæringa skal synleggjere variasjonar innan næringa når det gjeld fartøy, teknisk utstyr og reiskapar, ressursar, råstoff, produkt og marknader. Opplæringa i programfaga skal medverke til livslang læring gjennom allmenndannande aspekt innanfor økologisk forståing, ressursforvaltning, yrkes- og næringsutøving, marknadsforståing og teknologi. Programfaga skal leggje grunnlaget for vidare yrkesutdanning innan fiske og fangst eller studieførebuande utdanning i naturbruk.

Struktur

Programområdet for fiske og fangst består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg2

Drift av fartøy

Fangst og reiskap

Omtale av programfaga

Drift av fartøy

Programfaget handlar om grunnleggjande navigasjon, navigasjonsmiddel, sjøvegsreglar, bruvakthald og skipslære. I dette inngår navigasjons- og fiskeleitingsutstyr og andre teknologiske innretningar om bord, og dessutan korleis straum, vind og tidvatn påverkar navigeringa. Vidare dreier det seg om manøvrering av fartøy, stabiliteten til fartøy og bruk av sjøvegsreglar og kva godt sjømannskap inneber. Programfaget omfattar arbeid og oppgåver knytte til handtering, administrasjon og drift av fiskefartøy.

Fangst og reiskap

Programfaget handlar om fangst av ulike artar fisk, skaldyr og sjøpattedyr og bruk av reiskapar. Det omfattar fangstbehandling, ombordproduksjon, kvalitetssikring og regelverk som regulerer yrkesutøvinga i nasjonale og internasjonale område. Vidare dreier det seg om å handtere utstyr nytta i det daglege arbeidet og i laste- og losseoperasjonar. Programfaget omfattar berekraftig ressursforvaltning og utnytting av fiskeressursane i havet. Det handlar også om handtering av råstoff, hygiene og reinhald som sikrar ein produksjon av høg kvalitet. Programfaget omfattar helse, miljø og tryggleik, føring av fangstdagbok, utfylling av sluttsetel og lott- og hyreoppgjer. Reiarlagsdrift på mindre fiskefartøy, med driftsplanlegging og økonomistyring, hører med.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Drift av fartøy 337 årstimar

Fangst og reiskap 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I faget fiske og fangst forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i faget fiske og fangst inneber å kommunisere presist. Det vil seie å forklare og grunngi arbeidsprosessar i fiske og fangst, og diskutere ulike framlegg og løysingar. Vidare inneber det å forklare og beskrive prosessar og produkt. Det vil seie å kommunisere på norsk og engelsk gjennom maritim radio.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i faget fiske og fangst inneber å rapportere og dokumentere ulike produksjonar på fartøy og landanlegg, og å presentere prosessar og produkt. Det inneber også digital kommunikasjon og informasjonsutveksling.

Å kunne lese i faget fiske og fangst inneber å forstå bruksrettleiingar, HMT-datablad og fagstoff. Det vil seie å orientere seg i gjeldande regelverk og reguleringar for fiske og følgje med i debattar om næring og næringsinteresser i medium.

Å kunne rekne i faget fiske og fangst inneber å bruke tal og berekningar for å finne volum, areal, lengd, vekt, fart, tid og distanse. Det vil seie å gjere enkle trigonometriske utrekningar til navigasjon og å bruke formlar, gjere enkle målingar av fysiske og kjemiske parametrar og setje opp og tolke tabellar, diagram og enkel statistikk.

Å kunne bruke digitale verktøy i faget fiske og fangst inneber å formidle og presentere, kalkulere og innhente og utveksle informasjon digitalt. Det vil seie å nytte spesialiserte instrument til måling, kartlegging, kommunikasjon, posisjonsbestemming og navigasjon. Teikning med digitale verktøy og bruk av digitale kart inngår også.

Kompetansemål

Drift av fartøy

Drift av fartøy

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje og gjere greie for gjennomføring og dokumentasjon av ei kystreise og bestemme posisjon
  • gjere greie for krav til dokumentasjon av spesielle hendingar og uhell under kystreise
  • velje og bruke sjøkart og navigasjonsinstrument som hjelpemiddel for å gjennomføre sikker seglas innanskjers og i kystfarvatn under varierande forhold
  • forklare prinsippa for astronomisk navigasjon
  • bruke farvassbeskrivingar, seglasrettleiingar og kartrettingar
  • utføre meteorologiske observasjonar og bruke resultata til å planleggje gjennomføringa av ein seglas med fartøy inntil 500 bruttotonn
  • beskrive og bruke sjømerke og utføre bruvakt på fartøy inntil 500 bruttotonn etter gjeldande sjøvegsreglar og i samsvar med godt sjømannskap
  • gjere greie for kva det vil seie å vere øvste ansvarlege om bord
  • førebyggje ulykker og gjere reie for korleis fartøyet kan opererast trygt, basert på gjeldande regelverk for fartøy inntil 500 bruttotonn
  • vurdere risiko og utføre oppgåver som leiar i krise- og nødssituasjonar
  • manøvrere fartøy inntil 500 bruttotonn, med rettleiing, og bruke mindre skipsmaskinar etter gjeldande regelverk
  • føre tilsyn med og berekne stabiliteten til fartøy inntil 500 bruttotonn før og etter lasting, og overvake lasting, lossing og sikring av lasta etter gjeldande regelverk
  • planlegge lasting og lossing i samsvar med gjeldande miljøregelverk
  • gjere greie for innhaldet i ein forretningsplan og gangen i arbeidet med å etablere eiga bedrift innan fiske og fangst

Fangst og reiskap

Fangst og reiskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre og vurdere fangsting med rett bruk av maskinar, instrument og reiskapar
  • utføre rutinemessig vedlikehald og enkel reparasjon av fiske- og fangstreiskapar, fartøy, produksjonsutstyr og instrument
  • planleggje, gjennomføre og vurdere fangstoperasjonar med utgangspunkt i meteorologiske, oseanografiske og biologiske forhold
  • utføre førstehandsbehandling av råstoff og oppfylle krav til reinhald og hygiene etter gjeldande regelverk
  • føre fangstdagbok og andre dokument knytte til fangst
  • omsetje sjømat til best mogleg pris og kvalitet ut frå kjennskap til nokre aktuelle marknader
  • forklare samanhengen mellom fangstinntekter, kostnader, lott og hyreoppgjer, og korleis dette verkar inn på resultatet i bedrifta
  • gjere greie for økologiske konsekvensar av fiskeri og drøfte etiske problemstillingar i samband med utøving av yrket
  • bruke gjeldande kvalitetssikringssystem knytt til aktuell fangst og vald driftsform
  • følgje instruks og prosedyrar, samarbeide med andre og ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver under arbeid om bord
  • vurdere fangstpotensialet for ein aktuell reiskap i høve til kapasiteten til fartøyet
  • finne fram i gjeldande reguleringar for dei vanlegaste fiskeria og bruke slik informasjon i yrkesutøvinga
  • vurdere risiko og arbeide etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik om bord og på landanlegg
  • gjere greie for oppgåvene til eit reiarlag og velje driftsform ut frå fartøytypar, fiskereiskapar og fangst
  • gjere greie for korleis ny teknologi og nasjonal politikk verkar inn på fiskebestanden og fiskerinæringa globalt, regionalt og lokalt

Vurdering

Vg2 Fiske og fangst

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Drift av fartøy

Fangst og reiskap

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Drift av fartøy

Fangst og reiskap

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Drift av fartøy

Fangst og reiskap

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i alle programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfaglig praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!