Læreplan i bunadtilverkarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BUN3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 26. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Føremål

Bunadtilverkaren syr og dekorerer bunader og tilbehør. Bunadtilverkarfaget medverkar til å ta vare på og formidla tekstilhandverkstradisjon, kultur og identitet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bunadtilverkarfaget skal dekkje behovet samfunnet har for produksjon av bunader bygd på historiske folkedrakter, og behovet for bunader med ulikt historisk opphav.

Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av bunader med tilbehør. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter og kunnskap om ulike materiale til bruk i bunadproduksjon. Opplæringa skal også medverke til kunnskap om tilverking og bruk av bunader og folkedrakter gjennom ulike tider, i ulike kulturar og tradisjonar. Vidare skal opplæringa stimulere til å sjå samanheng mellom produksjon og marknad.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er bunadtilverkar.

Struktur

Bunadtilverkarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon og tradisjon

Kultur og kundebehandling

Hovudområde

Produksjon og tradisjon

Hovudområdet dreiar seg om måltaking, mønstertilpassing og individuell tilpassing for produksjon av bunader. Det omfattar vidare bruk av historisk tidsriktige materiale og reiskapar og bruk av handverksferdigheiter og teknikkar tilpassa bunadens eigenart. Hovudområdet omfattar også produksjon av tilbehør til bunader. Analyse av materiale og teknikkar som er brukte på ulike bunader og folkedraktplagg, høyrer med til hovudområdet. Kunnskap om rekonstruksjonar med grunnlag i ulikt drakthistorisk materiale høyrer også med.

Kultur og kundebehandling

Hovudområdet omfattar kunnskap om ulike bunader og folkedrakter og deira historie. Grunnleggjande kunnskap om folkedraktområde og stilhistoriske særtrekk inngår i hovudområdet. Vedlikehald av utstyr, verktøy og maskiner og metodar for stell, vedlikehald og oppbevaring av bunader høyrer også med til hovudområdet. Hovudområdet omfattar vidare bygging av faglege nettverk og kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre. Utrekning av pris på eigne produkt og tenester, dokumentasjon av eige arbeid og bruk av digitale verktøy inngår i hovudområdet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til utvikling av fagkompetansen og er ein del av han. I bunadtilverkarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i bunadtilverkarfaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar om bunadstradisjonar, estetikk, arbeidsprosessar og historiske kjelder. Det inneber å delta i faglege diskusjonar og å dokumentere eige arbeid.

Å kunne lese i bunadtilverkarfaget inneber å forstå og nytte fagleg informasjon knytt til bunader og folkedrakter og å tolke skriftlege kjelder. Det dreiar seg vidare om å bruke faglitteratur, arbeidsteikningar og forklaringar med teikn og symbol.

Å kunne rekne i bunadtilverkarfaget inneber å ta mål og tilpasse mønster. Det inneber vidare å rekne ut storleik, mengd, tidsforbruk og pris. Det inneber også samansetjing av einingar og analyse av former, strukturar og proporsjonar.

Å kunne bruke digitale verktøy i bunadtilverkarfaget inneber å innhente opplysningar om bunader og folkedrakter. Det inneber også å dokumentere handverksprodukt og tenester. Vidare inneber det deltaking i faglege nettverk og presentasjon av eige arbeid.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon og tradisjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • ta mål, tilpasse mønster, prøve inn og tilpasse bunader
  • lage arbeidsomtalar og produsere ulike bunadtypar
  • bruke ulike saumteknikkar i produksjon av bunader
  • utføre reparasjonar og omsaum på bunader
  • bruke historisk riktige broderi-, saum- og monteringsteknikkar tilpassa den aktuelle bunadtypen
  • bruke dei vanlegaste broderiteknikkane til pryding av bunader og skjorter
  • bruke ulike handverksteknikkar tilpassa produksjon av tilbehør
  • beskrive og analysere ulike materiale og teknikkar på eldre og nyare draktplagg
  • nytte presse- og stiveteknikkar og før- og etterbehandlingsmetodar tilpassa ulike materiale og bruksområde
  • bruke tidsriktig materiale og verktøy ved produksjon av bunader
  • gjere greie for prinsipp for rekonstruksjon av bunader og avtaking av mønster frå eldre draktplagg
  • dokumentere og vurdere arbeid med bunader i historisk samanheng

Kultur og kundebehandling

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • gjere greie for ulike bunadtypar og folkedrakter og historia deira
  • gjere greie for forskjellige folkedraktområde og vurdere dagens bunader i ein stilhistorisk samanheng
  • vurdere eige arbeid i bunadtilverkarfaget ut frå nasjonal og internasjonal folkedrakt- og bunadhistorie
  • gjere greie for og nytte ulike metodar for stell, vedlikehald og oppbevaring av bunader
  • utføre nødvendig vedlikehald av utstyr, verktøy og maskiner
  • bruke fagterminologi i bunadtilverkarfaget i kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • bruke faglege nettverk lokalt og nasjonalt
  • rekne ut pris på produkt og tenester
  • presentere og dokumentere eige arbeid i bunadtilverkarfaget med og utan bruk av digitale verktøy

Vurdering

Vg3 bunadtilverkarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon og tradisjon

Kultur og kundebehandling

Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på åtte vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!