Programområde for brønnteknikk - læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-03)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 4. april 2016 etter delegasjon i brev av 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2018-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2021-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Programfaga skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan brønnteknikk i olje- og gassverksemda. Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda, som utgjer ein av Noregs viktigaste arenaer for teknologiutvikling, og er ei av våre største eksportnæringar. Det er viktig å ha på plass robuste og gode system for sikkerheitsstyring, og programfaga skal medverke til å sikre medarbeidarar med kompetanse til å handtere desse systema.

Opplæringa i programfaga i brønnteknikk skal medverke til å gi eleven kunnskap om tekniske samanhengar offshore. Opplæringa skal fremme kulturforståing, toleranse og evne til å vere med på å løyse oppgåver i fellesskap. Vidare skal programfaga medverke til at eleven tileignar seg grunnkompetanse i brønnteknikk som basis for vidare utdanning. Arbeidsoppgåver i brønnfaga set krav om at arbeidet blir utført nøyaktig, sjølvstendig og planmessig, og opplæringa skal leggje grunnlaget for at eleven utviklar kompetanse i tråd med dette.

Opplæringa i brønnteknikk skal gi eleven eit godt grunnlag for å medverke til effektive og sikre operasjonar. Opplæringa skal også gjere eleven kjend med den samfunnsmessige rolla til bransjen. Yrke og arbeid i brønnteknikk er i utvikling, og opplæringa skal derfor leggje eit godt grunnlag for livslang læring.

Struktur

Brønnteknikk inneheld tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg2

Leiting og boring

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

HMS og kvalitet

Omtale av programfaga

Leiting og boring

Programfaget omhandlar geologiske prosessar, korleis oljen og gassen har samla seg i formasjonane, og ulike leitemetodar. Det omfattar også kvar og kvifor ein borar, utstyr til boring frå faste og flytande installasjonar og utstyr og metodar for brønnbygging.

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

Programfaget omhandlar korleis hydrokarbonar strøymer inn til og opp i brønnen. Vidare omfattar det prosessering av hydrokarbon på installasjonen og transport til prosessanlegg. Faget omhandlar også utstyr og metodar for komplettering av brønnar og brønnvedlikehald.

HMS og kvalitet

Programfaget omhandlar regelverk som regulerer petroleumsverksemda, omsynet til tryggleik og helse for andre og ein sjølv, og omsynet til det indre og ytre miljøet. Faget omhandlar også praktisk bruk av regelverk i dagleg arbeid og skriftleg og munnleg rapportering om gjennomførte arbeidsoppgåver både på norsk og engelsk.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Leiting og boring 197 årstimar

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald 140 årstimar

HMS og kvalitet 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av denne kompetansen. I brønnteknikk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege og skriftlege ferdigheiter i brønnteknikk inneber å forklare kva som blir gjort når ein utfører faglege oppgåver. Det inneber også å gi klar og presis rapportering om utføringa av arbeidsprosessane, som del av kvalitetsarbeidet.

Å kunne lese i brønnteknikk inneber å forstå arbeidsforklaringar, prosedyrar og standardar som blir nytta i faget. Det inneber også å forstå relevant regelverk.

Å kunne rekne i brønnteknikk inneber å berekne volum, tilsetjingsstoff i slam, trykket i brønnar og brønnteknisk utstyr og lengda på produksjonsrør.

Digitale ferdigheiter i brønnteknikk inneber å hente opp og følgje prosedyrar for boring, komplettering og vedlikehald og å bruke digitale verkty for sikker jobbanalyse og jobbrapportering. Det inneber å søkje etter informasjon på nettet og kommunisere med andre.

Kompetansemål

Leiting og boring

Leiting og boring

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare samanhengar mellom dei sentrale geologiske prosessane og petroleumsverksemda
  • beskrive ulike leitemetodar og ha kunnskap om korleis leitedata blir brukte
  • gjere greie for faste og flytande innretningar og beskrive hovudsystema som finst om bord
  • drøfte oppbygginga av og verkemåten til ulike typar barrierar
  • drøfte korleis ein brønn blir bygd med fôringsrør, krav til sementering og metodane som blir nytta til sementering
  • beskrive oppbygginga av og verkemåten til dei vanlegaste hydrauliske, pneumatiske og elektriske anlegga i overflate- og nedihòlsutstyret
  • gjere greie for utstyr, boremetodar og borestrengsberekningar for dei vanlegaste boreoperasjonane
  • gjere greie for rutinevedlikehald av borestrengen og boreutstyret
  • vurdere ulike metodar og utstyr for logging ved boreoperasjonar og kunne gjere enkle tolkingar av loggdata
  • gjere greie for føremålet med kjerneboring, og for utstyr og metode som blir brukte i denne operasjonen
  • vurdere trykk og trykkendring i ein brønn og i brønnteknisk utstyr og kunne rekne trykk og volum i brønnen
  • beskrive sirkulasjonssystemet, gjere greie for samansetjinga av og eigenskapane til boreslam og gjere laboratorieforsøk med boreslam
  • bruke simulator for å gjere øvingar i boring, trykkontroll, inn- og utkjøring i ein brønn

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • drøfte barrierar under produksjon og brønnvedlikehald
  • gjere greie for forskjellige typar brønntesting og tilhøyrande utstyr
  • drøfte øvre komplettering med oppbygginga av produksjonsrør, brønnhovudforankring og ventiltre
  • drøfte ulike nedre kompletteringsmetodar i reservoarsona
  • gjere greie for samansetjinga av og funksjonane til kompletteringsvæsker
  • gjere greie for skilnaden mellom installasjons- og havbotnkompletterte brønnar
  • gjere greie for drivmekanismar i reservoar, strøymingsgang og trykkfall gjennom reservoar, brønn og overflateutstyr
  • gjere greie for ulike transportsystem for olje og gass
  • gjere greie for årsaker til produksjonsproblem og tiltak for å løyse dei
  • beskrive ulike brønndrepingsmetodar for produksjons- og injeksjonsbrønnar
  • beskrive føremål og metodar for brønnintervensjon
  • gjere greie for overflate- og nediholsutstyr til kabel- og kveilerørsoperasjonar
  • bruke vedlikehalds- og arbeidsrutinar med kabel- og kveilerørsverkty i ein verkstad
  • forklare oppbygginga av og verkemåten til dei vanlegaste hydrauliske, pneumatiske og elektriske anlegga på overflate- og havbotnanlegg

HMS og kvalitet

HMS og kvalitet

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • kjenne til regelverk som regulerer petroleumsverksemda
  • gjere greie for regelverket for HMS knytt til arbeidsoperasjonar og bruk av utstyr
  • arbeide på ein måte som tek omsyn til eigen og andre sin tryggleik og helse etter gjeldande regelverk
  • arbeide på ein måte som tek omsyn til det ytre miljøet etter gjeldande regelverk
  • bruke verkty for førebuing, risikovurdering, arbeidsløyve, sikker jobbanalyse og avviksrapportering
  • vurdere faremoment ved løfteoperasjonar på innretningar offshore
  • beskrive faremoment og tilhøyrande styringsreglar for arbeid på og nær bevegeleg utstyr, i støysone og i samband med kjemikalieeksponering
  • gjere greie for regelverk og faremomenta ved å arbeide på trykksett utstyr og levande brønnar
  • rapportere skriftleg og munnleg om gjennomførte arbeidsoppgåver både på norsk og engelsk
  • dokumentere grunnleggjande tryggleiksopplæring, relevant krankurs og stroppekurs i samsvar med gjeldande føresegner for arbeid på sokkelen.

Vurdering

Vg2 Brønnteknikk

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Leiting, boring

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

HMS og kvalitet

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Leiting, boring

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

HMS og kvalitet

Eleven skal opp til ein tverrfagleg, skriftleg eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Leiting, boring

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

HMS og kvalitet

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Leiting, boring

Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald

HMS og kvalitet

Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Gjennomgådd opplæring som gjeld grunnleggende sikkerhetsopplæring, krankurs og stroppekurs skal ikkje inngå i grunnlaget for standpunktkarakterane, men skal dokumenterast med eige kursbevis.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!