Læreplan i børsemakarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BMF3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Børsemakarfaget skal medverke til å halde oppe eit høgt kunnskaps- og tryggleiksnivå omkring våpen og våpenbruk. Dette skal medverke til å dekkje behov i samfunnet for tenester og produkt av våpenteknisk art og å føre vidare eit yrke som er knytt til jakt- og skyttarkulturen.

Opplæringa skal gje grunnleggjande kunnskap om oppbygging og verkemåte for ammunisjon og skytevåpen. Praktisk arbeid med ulike konstruksjonar, materiale og teknikkar skal medverke til utvikling av handverksferdigheiter og evne til praktisk problemløysing på fagområdet. Opplæringa skal stimulere evna til å forstå samanhengen mellom tekniske konstruksjonar og estetiske løysingar.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er børsemakar.

Hovudområde

Børsemakarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon

Produktutvikling

Produksjon

Hovudområdet dreiar seg om reparasjon, tilverking og produksjon av våpen og våpendelar. Hovudområdet omfattar utvikling av handverksferdigheiter og bruk av verktøy og maskiner. Hovudområdet omfattar også bruk av ulike materiale og teknikkar.

Produktutvikling

Hovudområdet omfattar utvikling av nye våpen og våpendelar. Hovudområdet dreiar seg om planlegging, dokumentasjon og kvalitetssikring av eige arbeid. Helse, miljø og tryggleik er ein del av hovudområdet. Hovudområdet omfattar arbeid med design, der forhold mellom materiale, form og funksjon, bruk av verktøy og teknikkar høyrer med. Våpenrapportering og bruk av digitale verktøy og kostnads- og tidsutrekning høyrer også med i hovudområdet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I børsemakarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i børsemakarfaget inneber å kommunisere om våpen, våpenbruk og våpentekniske spørsmål med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det inneber å bruke fagspråk, delta i faglege diskusjonar og presentere eige arbeid.

Å kunne lese i børsemakarfaget inneber å tolke skriftleg og visuelt språk knytt til faget og bruke arbeidsteikningar, deleteikningar og forklaringar med teikn og symbol. Det inneber også å forstå og nytte faglitteratur.

Å kunne rekne i børsemakarfaget inneber å rekne ut tidsforbruk, kostnader og pris. Det inneber også å rekne ut masse, fart, anslagsenergi, volum, trykk og styrkeforhold. Det inneber vidare å rekne ut lengd, mengd, vinklar, kulebane, flygetid og luftmotstand i direkte tilknyting til den praktiske utøvinga av faget.

Å kunne bruke digitale verktøy i børsemakarfaget inneber å innhente og bruke informasjon i produktutvikling og produksjon, delta i faglege digitale nettverk og presentere eige arbeid.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • reparere skjefte og ta vare på opphavleg overflatebehandling
  • tilverke og nettskjere skjefte frå emne
  • utføre bøying av treskjefte
  • utføre tilpassing av skjefte etter oppgjevne mål
  • utføre blånering av ståldelar med ulikt innhald av krom og nikkel
  • justere avtrekk og varmebehandle aktuelle delar på våpen med og utan mekanisk justerbart avtrekk
  • vurdere og reparere skadar på haglepipe
  • føye saman våpendelar ved bruk av sveising, sølvlodding og blautlodding
  • herde, settherde og anløpe våpendelar
  • smi, varmebehandle og tilpasse ei toarma bladfjør
  • byggje om boltrifle frå standardkaliber til magnumkaliber
  • identifisere slark i brytevåpen og beskrive utbetring av dette
  • tilpasse og montere sving og hakemontasje på brekkvåpen
  • justere og varmebehandle sikring og sikringsdelar
  • montere riflepipe frå emne
  • tilpasse pipe til revolver
  • overhale brytevåpenmekanismar
  • søkje etter og utbetre feil på ulike typar skytevåpen
  • deaktivere registreringspliktig våpen i tråd med gjeldande regelverk
  • utføre nødvendig vedlikehald av verktøy og maskiner

Produktutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lage arbeidsteikningar og annan visuell informasjon for produksjon
  • rapportere registreringspliktige våpen og våpendelar og plomberingar til politiet i tråd med gjeldande regelverk og ved hjelp av digitale verktøy
  • velje verktøy, materiale og teknikkar tilpassa eige produksjonsnivå
  • utarbeide rutinar for internkontroll og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • rekne ut kostnader for produksjon og reparasjon av våpen og våpendelar
  • berekne justering av siktemiddel
  • gjere greie for mekanisk og ballistisk hendingsgang ved avfyring av skytevåpen
  • planleggje produksjonsprosessen ut frå ønska til kunden
  • utvikle prosedyrar for kontroll av eige arbeid og eigne produkt
  • gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for børsemakarfaget

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon

Produktutvikling

Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på femten vyrkedagar.

Før svenneprøva må alle ha greidd eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamenen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må og ha greidd skriftleg eksamen på Vg2-nivå i lærefaget. Eksamenen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!