Læreplan i blomsterdekoratørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BLD3-02)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Lengde på fagprøva er endra til fjorten vyrkedagar frå 1. august 2012, jf. brev frå Utdanningsdirektoratet 5. mai 2012. (ref. 2011/2882)

Gjelder fra: 01.08.2012

Føremål

Blomsterdekoratørfaget byggjer på ei lang historie og fører vidare gamle teknikkar i nye uttrykk. Blomsterdekoratørfaget skal medverke til å dekkje behov i samfunnet for blomsterprodukt med allsidig design. Faget skal òg medverke til å skape ei verdig, stiltilpassa og personleg ramme for store hendingar i livet. Faget skal medverke til forståing for estetiske og etiske problemstillingar knytte til ulike kulturar og tradisjonar i lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med råvarer, materiale, uttrykk og teknikkar i faget. Opplæringa skal medverke til utvikling av handverkskunnskapar og ferdigheiter og stimulere evne til kreativitet, nytenking og kritisk refleksjon. Opplæringa skal vidare medverke til å utvikle kompetanse innan framstilling av ulike produkt og tenester, tilpassa høve, sesong og kundebehov. Opplæringa skal også stimulere til forståing av marknadsmekanismar, ressursforvaltning og helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er blomsterdekoratør.

Struktur

Blomsterdekoratørfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon

Design med blomstrar

Hovudområde

Produksjon

Hovudområdet omfattar arbeid med blomsterfaglege produkt med ulike uttrykk. Det inneber bruk av ulike teknikkar og utvikling av handverksferdigheiter. Hovudområdet omfattar også bruk av botanisk materiale og aktuelle reiskapar. Forholdet mellom form, farge og funksjon inngår i hovudområdet. Hovudområdet omfattar også kunnskap om særtrekk og eigenskapar ved botanisk materiale. Vidare omfattar hovudområdet berekning av materialforbruk og pris. Helse, miljø og tryggleik, bruk av digitale verktøy og dokumentasjon av eige arbeid høyrer med.

Design med blomstrar

Hovudområdet inneber konkretisering og grunngiving av idear ut frå estetiske og etiske normer og behov til kundar. Hovudområdet omfattar vurdering av eigenskapar ved ulike materiale og kor eigna dei er. Informasjon og kunderettleiing, analyse av trendar og enkel marknadsanalyse høyrer med. Hovudområdet omfattar også vurdering av eigne produkt og bruk av digitale verktøy.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I blomsterdekoratørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i blomsterdekoratørfaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon om råvarer, produkt og tenester overfor kundar, kollegaer, leverandørar og andre. Det inneber vidare å rettleie kundar og kommunisere verbalt og visuelt om design, estetikk og etikk.

Å kunne lese i blomsterdekoratørfaget inneber å forstå og bruke faglitteratur. Det inneber også å tolke skriftleg og visuelt språk med teikn og symbol.

Å kunne rekne i blomsterdekoratørfaget inneber å berekne pris, vekt, mengd, vinklar, proporsjonar, storleik, styrkeforhold og tidsbruk. Det inneber også å framstille geometriske to- og tredimensjonale grunnformer.

Å kunne bruke digitale verktøy i blomsterdekoratørfaget inneber å nytte digitalt utstyr i kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre. Det inneber også å innhente informasjon, å eksperimentere med form, farge og komposisjon, å utvikle og produsere faglege produkt og tenester og å bruke digitale verktøy i dokumentasjon av eige arbeid.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • planleggje eige arbeid med blomsterfagleg materiale basert på kunnskap om ulike kulturar, stilhistoria og handverkets tradisjonar og historie
  • utføre og tilpasse eige arbeid med blomsterfaglege produkt til høve, rom og underlag, trendar og dei ønska og behova kunden har
  • berekne forbruk av råvarer til ulike oppdrag og kalkulere kostnadene
  • eksperimentere med og velje materiale og teknikkar til ønskt produkt og uttrykk i blomsterdekoratørfaget
  • grunngi og følgje rutinar knytte til kvalitetssikring av kundehandsaming
  • lage ulike vareeksponeringar og utstillingar av blomsterfaglege produkt
  • utføre dekoroppdrag inne og ute, og tilpasse desse til rom, høve og kva behov kunden har
  • gjere greie for og bruke eigenart og særtrekk ved levande materiale tilpassa ulike uttrykk
  • gjere greie for opphav, naturleg sesong for og stell av eit breitt utval av namngitt botanisk materiale
  • gjere greie for og kjenne att skadar som skriv seg frå kulde, varme, støyt og feilvatning og førebygge slike skadar på blomstrar og plantar
  • gjere greie for og kjenne att vanlege sjukdommar på stoveplanter og gjere greie for ulike tiltak mot sjukdommane
  • bruke fagspråk og fagleg kompetanse i kommunikasjon med kollegaer, kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar
  • utvikle miljøvennlege teknikkar, velje miljøvennleg materiale og gjere greie for verknadene av dette i utøving av blomsterdekoratørfaget
  • grunngi og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • dokumentere og vurdere eigne produkt

Design med blomstrar

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • vurdere og grunngi ulike idear til blomsterfaglege produkt
  • informere og rettleie kundar om blomsterfaglege produkt og tenester
  • utnytte eigenskapar ved ulike materiale i eige arbeid og vurdere kor eigna materiala er
  • analysere og vurdere eigne produkt med tanke på heilskapleg uttrykk og funksjon
  • bruke digitale verktøy i eige designarbeid med blomstrar
  • gjere greie for aktuelle trendar og vurdere behov for produkt og tenester i marknaden
  • gjere greie for og følgje gjeldande rutinar og regelverk knytt til bruk av ulike materiale og produkt i blomsterdekoratørfaget

Vurdering

Vg3 blomsterdekoratørfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon

Design med blomstrar

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fjorten vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!