Læreplan i banemontørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BAN3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Den første jernbanelinja i Noreg blei fullført i 1854 og gjekk mellom Oslo og Eidsvoll, ei strekning på 58 km. Få år seinare var fleire byar knytte saman med jernbane. ”Rallaren”, som banemontøren den gong blei kalla på folkemunne, var ein viktig ressurs for utviklinga av infrastrukturen i Noreg. Banemontørarbeidet blir gjort på og ved offentlege og private jernbaner, T-baner og trikkelinjer.

Banemontørfaget skal medverke til utbygging av jernbaneinfrastrukturen og sikker gods- og persontrafikk. Faget skal medverke til vedlikehald og kontroll av sporanlegg til ulike årstider og under ulike vêrforhold. Jernbanesektoren tek i bruk nye maskiner, nytt utstyr og nye arbeidsmetodar. Endra kvalitetskrav og krav til utforming av arbeidsoppgåvene krev eit solid fagleg fundament.

Opplæringa skal medverke til å utvikle evna til å planleggje, gjennomføre og vurdere eigne arbeidsoppgåver i tråd med krav frå brukarane, prioriteringar i samfunnet og gjeldande regelverk. Vidare skal opplæringa fremme kreativitet og gode arbeidsvanar i samspel med kollegaer og andre yrkesutøvarar.

Bygging av jernbaneanlegg medfører inngrep i naturen og miljøet. Opplæringa skal derfor fremme ei medviten haldning til ressursspørsmål og helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er banemontør.

Struktur

Banemontørfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Bygging og vedlikehald

Bransjelære

Hovudområde

Bygging og vedlikehald

Hovudområdet handlar om bygging og vedlikehald av jernbanespor, sporvekslar, plattformer, planovergangar og dreneringsanlegg. Vidare omfattar det kontroll av sporanlegg. Bruk av maskiner og utstyr og digitale verktøy høyrer også med. Teikningar, planlegging, dokumentasjon og kvalitetssikring inngår i hovudområdet. Kjeldesortering av avfall inngår også. Helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om materiale, produkt og produksjonsutstyr. Vidare omfattar det ulike faktorar i samband med sporanlegg. Ulike typar utrekningar inngår også, i tillegg til faghistorie og kva plass faget har i samfunnet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I banemontørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i banemontørfaget inneber å kommunisere med kundar og kollegaer og ulike samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessane fram til det ferdige produktet. I tillegg vil det seie å kunne diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.

Å kunne lese i banemontørfaget inneber å finne fram i relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, monteringsrettleiingar, teikningar, produktomtalar og arbeidsforklaringar.

Å kunne rekne i banemontørfaget inneber å gjere overslag over tid og pris og å rekne ut vekt, volum og mengder. Det inneber også å bruke målestokk og å rekne ut vinklar, høgder og fall knytte til sporkonstruksjonar.

Å kunne bruke digitale verktøy i banemontørfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon og kommunikasjon. Det vil også seie å bruke slike verktøy til utrekningar, teikning, bilethandtering og føring av sjekklister i samband med kvalitetssikring.

Kompetansemål

Etter Vg3

Bygging og vedlikehald

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere arbeidet
  • utføre arbeid etter rettleiingar og teikningar
  • gjere greie for val av skinner og bruke ulike metodar for utlegging
  • byggje og halde ved like sporanlegg og sporvekslar med bruk av relevant utstyr
  • kontrollere sporanlegg og sporvekslar
  • byggje og halde ved like planovergangar
  • gjere greie for val av sviller og bruke ulike metodar for utlegging
  • bruke ulike metodar ved legging av sporvekslar
  • kontrollere hjul- og skinneslitasje og vedlikehalde ulike typar skinnefeste
  • vedlikehalde heilsveist spor
  • vedlikehalde grøfter, stikkrenner og støttemurar
  • kontrollere for vindskeivheit og byggje overhøgderampar i sporet
  • måle sporvidd og rette feil i sporet i samsvar med data frå målevogndiagram
  • kontrollere sporgeometrien i forhold til vertikal- og horisontalkurver
  • justere spor og sporvekslar ved hjelp av ulike maskiner
  • vurdere behovet for ballastreinsing
  • vedlikehalde plattformer, lasterampar og ulike typar bruer
  • utføre kjeldesortering og handtere avfall etter gjeldande regelverk
  • sikre og sperre av byggjeplassar og anleggsområde
  • følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp
  • bruke digitale verktøy i arbeidet

Bransjelære

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for den historiske utviklinga til faget og drøfte kor viktig det er for samfunnet
  • gjere greie for krefter som verkar i sporet, og krav til heilsveist spor
  • utføre enkle sporgeometriske utrekningar
  • gjere greie for ulike typar brukonstruksjonar
  • gjere greie for oppbygging og tilpassing av hjul og skinner
  • gjere greie for korleis overhøgder blir nytta i sporet, og for forholdet mellom overhøgd og fart
  • gjere greie for forholdet mellom fart og sporvidd og krav til overbygningsklasser
  • vurdere vedlikehaldsstrategiar med utgangspunkt i ulike kvalitetsklasser
  • gjere greie for krav som blir stilte til ballast og ballastprofilering i sporet
  • gjere greie for minste tverrsnitt som ledd i å halde sporet fritt for hindringar
  • gjere greie for ulike metodar for vegetasjonskontroll langs spor og ved stasjonsområde
  • gjere greie for oppbygginga av det elektrotekniske anlegget i sporet
  • gjere greie for varig utfesting av sporet
  • drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen

Vurdering

Vg3 banemontørfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Bygging og vedlikehald

Bransjelære

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fire vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!