Læreplan i asfaltfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ASF3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Asfalt har vore nytta som byggjemateriale i fleire tusen år og som vegbyggingsmateriale sidan 1800-talet. I byrjinga av 1900-talet kom asfalten til Noreg, men det var ikkje før etter den andre verdskrigen det blei vanleg med asfalterte vegar i dei større byane, og først i 60-åra i distrikta.

Asfaltfaget omfattar produksjon, legging og vedlikehald av asfalt på vegar og plassar og til tetting i vassreservoar og fyllingsdammar. Faget skal medverke til utvikling og utbygging av eit trygt og tidsmessig vegnett som er med på å redusere transportkostnadene og minske miljøforureininga. Gjennom å utvikle fagarbeidarar skal faget medverke til å oppfylle dei krava samfunnet stiller til trygg og effektiv transport.

Opplæringa skal utvikle evna til å meistre utfordrande arbeidsoppgåver, ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmetodar og oppfylle krav til kvalitet. Opplæringa skal medverke til å fremme sjølvstende, kreativitet og gode arbeidsvanar. Vidare skal opplæringa styrkje evna til å kommunisere med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Opplæringa skal vise breidda i faget og dekkje både manuelt arbeid og maskinell produksjon og tilverking av asfalt.

Opplæringa skal leggje vekt på å utvikle eit fagleg fellesskap og bransjeforståing og leggje grunnlaget for ei fagmessig yrkesutøving. Vidare skal praktisk arbeid og samarbeid stå sentralt i opplæringa. Opplæringa skal leggje vekt på helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er asfaltør.

Struktur

Asfaltfaget består av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon

Utlegging

Bransjelære

Hovudområde

Produksjon

Hovudområdet handlar om produksjon av ulike typar asfalt etter resept. Det omfattar også lagring, opplasting og transport av råvarer og asfaltprodukt. Kvalitetskontroll av produkta høyrer også med. Bruk og vedlikehald av produksjonsutstyr og maskiner står sentralt, og det gjer også helse, miljø og tryggleik.

Utlegging

Hovudområdet handlar om utlegging og komprimering av asfalt og forarbeid i samband med dette. Bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr står sentralt. Til hovudområdet høyrer dessutan planlegging, utføring, dokumentasjon og vurdering av arbeidet. Helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om materiale, produkt og produksjonsutstyr. I tillegg omfattar det bruk av skisser og teikningar og digitale verktøy. Etiske retningsliner, faghistorie og kva plass faget har i samfunnet, høyrer også med. Helse, miljø og tryggleik og kvalitetssikring står sentralt.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I asfaltfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i asfaltfaget inneber å kommunisere med ulike kundegrupper, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessane fram til det ferdige produktet. I tillegg vil det seie å kunne diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.

Å kunne lese i asfaltfaget inneber å finne fram til relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, teikningar, produktomtalar og arbeidsrettleiingar.

Å kunne rekne i asfaltfaget inneber å gjere overslag over tid, pris, volum, mengd og areal. Ulike former for kalkulasjon av massar er viktig, i tillegg til målestokk, måling og utrekning av fall.

Å kunne bruke digitale verktøy i asfaltfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det vil også seie å bruke slike verktøy til måling, utrekning og føring av skjema og sjekklister i samband med kvalitetssikring.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • produsere asfalttypar ved bruk av ulike steinmateriale, bitumen og andre tilsetjingar etter typegodkjend resept
  • lagre, laste opp og transportere råvarer og asfalt i samsvar med gjeldande regelverk
  • vurdere risiko og utføre arbeidet i samsvar med krav til helse, miljø og tryggleik
  • utføre reinhald og regelmessig vedlikehald av produksjonsutstyr
  • utføre laboratoriekontroll for å kvalitetssikre produserte og utlagde massar
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp

Utlegging

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utføre arbeid i samsvar med kvalitetskrav
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
  • finplanere berelaget før asfalteringa
  • klebe ulike typar belegg
  • bestille asfalt og transport etter arbeidets omfang og tidsramme
  • leggje ut og komprimere kalde, halvvarme og varme massar
  • vedlikehalde faste dekke
  • utføre reinhald og regelmessig vedlikehald av maskiner og utstyr for utlegging
  • vurdere risiko og utføre arbeidet i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik
  • utføre arbeidsvarsling
  • bruke elektronisk og manuelt måleutstyr
  • bruke eigna maskiner og utstyr
  • leggje asfalt etter teikningar og spesifikasjonar

Bransjelære

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for den historiske utviklinga av faget og drøfte kva rolle faget speler i samfunnet
  • gjere greie for innhaldet i relevant nasjonalt og internasjonalt regelverk som gjeld kva rettar og plikter kunden har, under dette reglar om klagerett
  • utføre profesjonell kundebehandling og service
  • drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen
  • drøfte ulike typar løysingar for produksjon og utlegging av asfalt
  • drøfte etiske retningslinjer for faget
  • gjere greie for eigenskapane til asfalt og kva funksjons- og bruksområde asfalt har
  • lage enkle skisser og arbeidsteikningar
  • bruke digitale verktøy
  • utføre kjeldesortering og handtere avfall i samsvar med gjeldande regelverk

Vurdering

Vg3 asfaltfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon

Utlegging

Bransjelære

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!