Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 (AKT2-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2015-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Aktivitet og opplevingar er viktige for menneske i alle aldrar. Forandringar i samfunnet, sjukdom, skade eller alder gjer at mange har problem med å finne seg til rette i skole, arbeid og fritid. Aktivitørfaget byggjer på det friske og reparerbare i mennesket. Det skal medverke til å tilretteleggje tilbod for ulike brukarar slik at dei kan oppnå meistring, meining med og innhald i livet. Opplæringa skal leggje grunnlag for kompetanse til å arbeide i institusjonar og organisasjonar som driv ulike former for aktivitet for alle aldersgrupper. Programfaga skal medverke til forståing av kva helse og miljø har å seie.

Programfaga skal medverke til kunnskap om aktivisering av ulike brukargrupper gjennom fysisk og sosial aktivitet, daglege gjeremål, nettverksbygging og kunst- og kulturaktivitetar som er bygde på handverkstradisjonar. Opplæringa skal utvikle forståing for estetiske problemstillingar knytte til ulike kulturar, urfolk, tradisjonar og trendar. Ho skal medverke til å utvikle kreativitet i yrkesutøvinga og evne til kritisk refleksjon, respekt for eige og andres fagarbeid og medvit om yrkesetiske problemstillingar.

I opplæringa skal det leggjast vekt på tilrettelegging og leiing av grupper i ulike arrangement og aktivitetar. Praktisk og skapande arbeid med materiale, reiskapar og teknikkar som er relevante for aktivitøren, inngår i programfaget. I tillegg skal det leggjast vekt på kunnskap om administrering av aktiviseringsarbeid og grunnleggjande krav som blir stilte til profesjonell yrkesutøving på fagområdet.

Struktur

Programområde for aktivitør består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg2

Aktiviseringsfag

Administrasjonsfag

Omtale av programfaga

Aktiviseringsfag

Programfaget omhandlar heile aktiviseringsprosessen. Det omfattar pedagogiske metodar for planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar i tillegg til kvalitetssikring og dokumentasjon. Programfaget omhandlar ulike aktivitetar, samhandling og koordinering mellom brukarar, og samarbeidspartnarar. I tillegg dreier det seg om produktutvikling og konkretisering av ein idé og bestilling etter dei behova brukarane har. Vidare handlar programfaget om digitale ferdigheter i aktiviseringsarbeidet. Gamle og nye handverksteknikkar, sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar og tilretteleggings¬prosessar inngår i programfaget. Oppbygging og utvikling av delfunksjonar og funksjonsnivå hos mennesket, fysisk, psykisk og sosialt, er sentralt. I programfaget inngår etiske problemstillingar, kommunikasjon og rettleiing.

Administrasjonsfag

Programfaget dreier seg om administrasjon, kvalitetssikring og dokumentasjon av utøving av aktivitørfaget. Det omfattar planlegging av og målsetjing for aktiviseringsarbeidet, og kommunikasjon og presentasjon av moglegheiter innan aktivisering og produksjon. Å skrive rapportar, føre statistikk, skrive søknader og bestillingar ved å bruke IKT inngår i programfaget. Vidare inngår leiing av grupper og aktivitetar knytte til ulike arrangement. Programfaget omhandlar forholdet mellom praktisk arbeid, marknad og økonomi. Tradisjonar, særpreg og avgrensingar som gjeld aktiviseringsarbeidet, inngår i programfaget.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Aktiviseringsfag 337 årstimar

Administrasjonsfag 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I aktivitørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i aktivitørfaget inneber å kommunisere med brukarar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Leie grupper i ulike arrangement og aktivitetar. Det inneber å gi informasjon om arbeid og aktivisering i tverrfaglege team, og å motivere og rettleie brukarar i aktiviseringsprosessar.

Å kunne skrive i aktivitørfaget inneber å formidle eigne meiningar og å vurdere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Det inneber å bruke eit visuelt språk gjennom illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.

Å kunne lese i aktivitørfaget inneber å innhente informasjon om brukarane, forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument, og å finne eigna litteratur for lesing saman med eller for brukarane. Det inneber å lese og forstå symbol og illustrasjonar.

Å kunne rekne i aktivitørfaget inneber å føre rekneskap, rekne ut vekt, volum, mengd, kalkulere pris og utarbeide statistikk og diagram.

Digitale ferdigheiter i aktivitørfaget inneber å kommunisere, formidle og innhente informasjon til bruk i faglege nettverk og å rettleie brukarar, studentar og samarbeidspartnarar. Det inneber også arbeid med aktiviserings- og opplæringsprogram og å dokumentere og kvalitetssikre eige arbeid.

Kompetansemål

Aktiviseringsfag

Aktiviseringsfag

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • konkretisere og grunngi idear og val av aktivitetar tilpassa fysiske, psykiske og sosiale føresetnader hos ulike brukarar
  • gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar
  • tilretteleggje, koordinere og leie sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa brukarane
  • tilretteleggje arbeid og aktivitetar på grunnlag av informasjon om ulike sjukdommar og tilstandar hos brukarane
  • lage og bruke arbeidsteikningar og enkle handverksprodukt i aktiviseringsarbeidet
  • velje og bruke verktøy, materiale og teknikkar tilpassa ulike aktivitetar
  • gjere bruk av fargar og formelement for å skape bestemte uttrykk
  • velje digitale verktøy tilpassa aktiviteten for brukarane
  • motivere og rettleie brukarar i ulike aktiviseringsprosessar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • halde orden på arbeidsplassen og utføre nødvendig vedlikehald av utstyr, verktøy og maskinar
  • innhente og bruke nødvendig informasjon om funksjonsevna hos brukarane
  • finne fram til og bruke regelverk for personvern og anna aktuelt regelverk for aktivitørfaget og for helse, miljø og tryggleik

Administrasjonsfag

Administrasjonsfag

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere mål for aktiviseringsarbeidet
  • utarbeide og grunngi ulike planar for aktivitetar tilpassa enkeltbrukarar og brukargrupper
  • leie og rettleie brukarar, studentar og samarbeidspartnarar i ulike aktiviseringstiltak
  • gjere greie for verknaden av aktivitetar på den fysiske og mentale helsa hos brukarane, og dokumentere endringar på bakgrunn av gjennomførte aktivitetar
  • dokumentere skriftleg alle fasar i ein fagleg arbeidsprosess
  • berekne forbruk og gjere innkjøp av materiale, reiskapar og utstyr til bruk i aktiviseringsarbeidet
  • presentere tenester, produkt og produksjonsprosessar i samsvar med behov i aktivitørfaget ved bruk av digitale verktøy
  • lage budsjett og føre rekneskap over kostnader knytte til aktiviseringsarbeidet
  • gjere greie for samanhengar mellom kosthald, fysisk aktivitet, hygiene og helse
  • forklare tradisjonar, særpreg og avgrensingar som gjeld aktivitørfaget
  • presentere og dokumentere eige arbeid ved bruk av digitale verktøy

Vurdering

Vg2 aktivitør

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Aktiviseringsfag

Administrasjonsfag

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Aktiviseringsfag

Administrasjonsfag

Eleven skal opp til ein tverrfagleg, praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Aktiviseringsfag

Administrasjonsfag

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!