Følge opp resultata frå nasjonale prøver på skolen og i kommunen

Dei nasjonale prøvene vil gi grunnlag for å tilpasse undervisninga på skolenivå, klassenivå og elevnivå dersom skoleeigaren og skoleleiaren systematisk legg til rette for å analysere og vurdere resultata i fellesskap.

Prøvene måler berre eit utval av det elevane skal kunne. Resultata frå prøvene må ein derfor alltid sjå i samanheng med annan informasjon ein har om elevane, skolen eller kommunen.

Vegen vidare - arbeidet med resultata frå nasjonale prøver

For å få fullt utbytte av kunnskapsgrunnlaget som resultata frå nasjonale prøver gir, bør både kommunar og skolar stille relevante spørsmål til resultata. Skoleeigaren kan ta initiativ til analyse, drøfting og oppfølging av resultata i heile kommunen og på den enkelte skolen.

Eksempel på ein resultatrapport for nasjonale prøver i engelsk (med fiktive elevdata)

Som eit ledd i analysen av resultata kan det vere nyttig å skaffe seg ei oversikt over kva endringar i resultata kan henge saman med, til dømes sjå på kva for tiltak skolane har sett i verk, eller kva skolane har jobba meir eller mindre med. Gode døme på moglege årsaker kan inspirere andre skolar i deira arbeid med å forbetre elevane sine ferdigheiter.

Dersom skoleeigaren også kjenner til innhaldet i prøvene og lærarrettleiingane, kan det utdjupe og forsterke det utbyttet skoleeigaren har av analysen av resultata. Lærarrettleiinga gir ein analyse av årets prøver. Ho er eit nyttig dokument også for skoleeigarar og skoleleiarar, fordi ho gir ein god innfallsvinkel for å forstå resultata i sin heilskap. Lærarrettleiingane gir oversikt over talet på oppgåver på dei ulike meistringsnivåa og gode forslag til oppfølgingstiltak.

Lærarrettleiingane vil saman med denne rettleiinga for skoleeigarar og skoleleiarar vere til god hjelp når skoleeigarar skal planleggje prosessen med resultatoppfølging.

Vi foreslår at de følgjer opp resultata i ein prosess over tre trinn:

  1. Kva er resultatet?
  2. Kvifor er resultatet som det er?
  3. Korleis kan det følgjast opp?

Arbeid med analyse av resultata

Forslag til spørsmål skoleeigarar kan stille seg når dei gjennomgår resultata i kommunen:

1. Kva er resultatet i kommunen og for den enkelte skolen?

  • Kva er resultatet i kommunen samanlikna med det nasjonale gjennomsnittet?
  • Har det skjedd endringar i resultata i kommunen dei siste åra?
  • Korleis gjer dei enkelte skolane i kommunen det samanlikna med det nasjonale snittet?
  • Korleis presterer skolane når vi samanliknar fordelinga på dei ulike meistringsnivåa med nasjonalt nivå?
  • Kva er resultatet for årets 5. og 8. trinn samanlikna med fjorårets 5. og 8. trinn?
  • Kva for skoler har størst/minst framgang frå fjorårets 8. trinn til årets 9. trinn på dei ulike prøvene?
  • Er det store skilnader i resultata mellom prøvene i rekning, lesing og engelsk?
  • Er det nokon av skolane som har løfta elevar frå eit nivå til eit anna? Kva kan årsaka til dette vere? Sjå på tiltak skolane har sett i verk, eventuelt kva skolane har jobba meir eller mindre med.
  • Har nokon av skolane redusert talet på elevar på meistringsnivå 1? Kva kan årsaka til dette vere? Sjå på tiltak skolane har sett i verk for denne elevgruppa, eventuelt kva skolane har gjort meir/mindre av.

I møte med skoleleiarar er det nyttig å stille spørsmål som:

  • Korleis snakkar skolane om resultata internt?
  • Har skoleleiarar, i samarbeid med lærarar, planlagt analyse- og oppfølgingsprosessar på skolen?
  • Kva for skolar har flest/færrast elevar på dei ulike meistringsnivåa? Kva kan liggje bak tala?

2. Kvifor er resultata slik?

Det er vesentleg å stille spørsmål om kva årsaka til resultatet kan vere. Kvifor er det skilnader i resultata mellom lesing, rekning og engelsk? Korleis har vi arbeidd med dei ulike ferdigheitene og faga?

  • Korleis har lesesatsinga vår vore dei siste åra?
  • Korleis har vi jobba med rekning dei siste åra?
  • Korleis har innsatsen i engelsk vore dei seinaste åra?

3. Korleis kan vi jobbe vidare i vår kommune på grunnlag av resultata?

Det avgjerande for god kvalitetsutvikling er å leggje ein plan for korleis resultata kan følgjast opp. Dette er forslag til innfallsvinklar skoleeigaren kan leggje vekt på i oppfølginga av skolane:

  • Kva for tiltak har skolane sett i gang for å auke elevane sine ferdigheiter på skolenivå/på enkeltelevnivå?
  • Kva for tiltak har skolane sett i gang for å løfte elevar frå eit nivå til neste?
  • Korleis arbeider skoleleiarane for å følgje opp tiltaka undervegs?
  • Korleis leggje til rette for å dele god praksis i eigne nettverk/eigne møte?
  • Korleis kan skolane som er inne i ei god utvikling, dele erfaringane sine med andre skolar?
  • Korleis kan skoleeigaren motivere og hjelpe skolane til å velje ut nokre konkrete tiltak til bruk på eigen skole?

Kva kan det vere viktig å tenkje på i dialogane mellom skoleeigarar/skoleleiarar?

  • Skolane bør i det strategiske planarbeidet synleggjere korleis dei arbeider med dei grunnleggjande ferdigheitene.
  • Skoleeigarane bør vurdere om dei skal følgje opp nokre av tiltaka som skolane set i verk.

Det er viktig at skoleeigaren og skoleleiarane snakkar saman og samarbeider om oppfølginga av resultata. For å få til dette er det viktig å få fram eit bilete av kva som kan ha ført til framgang eller tilbakegang, for deretter å planleggje kva for tiltak kommunen og skolane skal velje å setje i verk for å utvikle kvaliteten for elevane. Dersom skolar jobbar på tvers, kan dei trekkje vekslar på kvarandre. Skoleeigaren, som ser kommunen som heilskap, er ei viktig brikke i dette arbeidet for at det skal få god effekt.

Gode døme frå andre kommunar kan vere inspirerande i arbeidet med kvalitetsutvikling i eigen kommune.

Skolen får resultata kort tid etter gjennomføringa. Arbeidet med å følgje opp resultata på skolen kan følgje same tretrinnsprosess som er omtalt i tidlegare avsnitt: Kva er resultatet, kvifor er resultata slike, og korleis kan vi arbeide med dei? Lærarrettleiingane gir innsikt i kva prøvene måler, og dei har gode konkrete forslag til korleis resultata kan følgjast opp på skolen og i klasserommet. Med grunnlag i denne skoleeigar- og skoleleiarrettleiinga og lærarrettleiingane kan skolen leggje ein plan for korleis resultata kan følgjast opp. Denne planen kan brukast når skolen skal gi tilbakemelding til elevane og foreldra, og han kan starte det lokale utviklingsarbeidet som peiker seg ut etter skolane sine eigne analysar.

Forslag til spørsmål skoleleiarar kan stille når dei gjennomgår resultata for skolen:

1. Kva er resultatet for skolen?

  • Er det skjedd endringar i resultata for skolen dei siste åra?
  • Korleis er resultata samanlikna med nasjonalt nivå?
    - sjå på gjennomsnittet
    - sjå på fordelinga av elevar på dei ulike meistringsnivåa
  • Samanlikna med nasjonalt nivå - korleis gjer dei enkelte klassene det?
  • Korleis gjer skolen det i år samanlikna med dei siste åra?
  • Kor stor er framgangen frå fjorårets 8. trinn til årets 9. trinn på dei ulike prøvene?
    - Kor stor er framgangen samanlikna med nasjonalt nivå?
  • Kva for elevar har de på meistringsnivå 1 (1 og 2 på ungdomstrinnet)?
    - Kva for resultat hadde dei same elevane på kartleggingsprøvene på 1., 2. og 3. trinn?
    - Kva for tiltak har skolen sett i verk for desse elevane tidlegare?
    - Er desse tiltaka evaluerte?
    - Korleis vil skolen følgje opp desse elvane?

2. Kvifor er resultata slike?

Det er vesentleg å stille spørsmål om kva årsaka til resultatet kan vere. Kvifor er det skilnader i resultata mellom lesing, rekning og engelsk?

  • Korleis har vi arbeidd med dei ulike ferdigheitene og faga?
  • Korleis har vår lesesatsing vore dei siste åra?
  • Korleis har vi arbeidd med rekning dei siste åra?
  • Korleis har innsatsen i engelsk vore dei seinaste åra?

3. Korleis kan vi arbeide med kvalitetsutvikling på grunnlag av resultata?

  • Kva for tiltak skal skolen setje i verk for å løfte elevar frå dei lågaste meistringsnivåa?
  • Kva for tiltak skal skolen setje i verk for å få løfta elevar frå dei midtarste meistringsnivåa til dei øvste nivåa?
  • Kva skal skolen gjere for å vidareutvikle elevar på det øvste nivået?

Konkrete tiltak på skolenivå

  • Korleis skal skolen jobbe heilskapleg for å heve ferdigheitene til alle elevane?
  • Skal skolen setje i gang/vidareutvikle prosjekt for å styrkje lesing, rekning eller engelsk?
  • Skal skolen jobbe meir tverrfagleg med lesing og rekning?
  • Korleis kan ein god praksis frå klasser eller trinn delast?
  • Kan vi etablere nettverk for å arbeide med kvalitetsutvikling?

Meir om resultata

Samanlikning av resultata mellom 8. og 9. trinn

I lesing og rekning blir det gjennomført nasjonale prøver også på 9. trinn. Elevane på 9. trinn gjennomfører den same nasjonale prøva som elevane på 8. trinn. Når vi ser på resultata for 9. trinn, er det viktig å hugse at prøvene er laga etter kompetansemåla på 7. trinn. Elevane på 9. trinn har gått på skolen eitt år lenger, og er blitt eitt år eldre, og vi kan forvente at desse elevane vil prestere betre på prøva enn elevane på 8. trinn.

Skolar, kommunar og fylke kan samanlikne resultata på 8. trinn med resultata på 9. trinn. På nasjonalt nivå presterer elevane på 9. trinn mellom 3 og 4 skalapoeng betre enn elevane på 8. trinn.

Det er interessant å samanlikne både gjennomsnittet og fordelinga på meistringsnivåa for dei to årskulla. I rekning er det òg mogleg å samanlikne fjorårets resultat på 8. trinn med årets resultat på 9. trinn, altså kva for endring den same elevgruppa har hatt frå eitt år til eit anna.

Slik finn og brukar de resultata for nyleg avgitte elever (avgiverrapporten)

Barneskolane finn òg resultata til elevane som nyleg gjekk ut av 7. trinn, i si eiga analyserapport (avgitte elever). De finn han nedst i oversikten over skolens resultat.

Avgiverrapporten er til for at barneskolen skal få sjå korleis det gjekk med elevane deira på nasjonale prøver på 8. trinn. Føremålet er at barneskolen skal bruka denne informasjonen til å vidareutvikla praksisen til skolen. Elevnamna i rapporten er anonymisert grunna personvernomsyn. Resultata i rapporten eignar seg godt som grunnlag for diskusjon i personalet.

Spørsmål det kan vera bra å diskutera er:

  • Har resultata på gruppa endra seg frå nasjonale prøver på 5. trinn?
    Er det færre eller fleire elevar på lågaste mestringsnivå? NB: nivå 1 på 5. trinn vert samanlikna best med nivå 1 + 2 på 8. trinn.
    Er det endring i mengd elevar på høgaste mestringsnivå frå 5. til 8. trinn? NB: nivå 3 på 5. trinn vert samanlikna best ned nivå 4+5 på 8. trinn.
  • Er det område eller fag de ser at det er grunn til å sjå på ein gong til?
  • Kva tenkjer de ligg bak resultata, og kva vil de gjera meir av eller annleis vidare?
  • Bør skolens praksis endrast på noe område?

Friteken eller ikkje delteke

I tillegg til dei elevne som blir fritekne, er det òg elevar som ikkje deltek på dei nasjonale prøvene, anten på grunn av dokumentert eller udokumentert fråvær. Dokumentert fråvær kan til dømes vere sjukdom. Nokre skolar kan ha fleire fritak enn andre på grunn av elevsamansetjinga på trinnet.

Skolen har ansvar for å registrere riktig status (friteken eller ikkje delteke) på dei elevane som ikkje har eit resultat på prøva. Elevar som er påmelde, og som ikkje har gjennomført prøva, får automatisk statusen «ikkje delteke».

Friteken og ikkje delteke blir publisert samla for å få eit reelt bilete av kor mange elevar som ikkje tek nasjonale prøver på skolane, i kommunane og i fylka.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!