Til hovedinnhold

Hovednavigasjon og hjelpeverktøy

Læringsstøttande prøver

Læringsstøttande prøver kan brukast som eit verktøy i undervegsvurderinga og gir læraren grunnlag for læringsfremjande tilbakemeldingar til elevar på alle nivå. Prøvene er frivillige, og skolen bestemmer sjølv når og kor mange gonger dei vil gjennomføre prøvene.

Prøvebanken

Læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver ligg i prøvebanken.

 

Vi har læringsstøttande prøver for grunnskolen i lesing, rekning, skriving og i digitale ferdigheiter. I november 2016 kjem ei læringsstøttande prøve i vokabular. Prøva høyrer til den læringsstøttande prøva i lesing og gir læraren informasjon om elevane sin ordkunnskap og ordforståing. Ho er særskild eigna for elevar med eit lite ordforråd og mangelfullt utvikla ordkunnskap.

For vidaregåande skole utarbeider direktoratet læringsstøttande prøver i lesing, rekning og engelsk på Vg1. Prøva i engelsk  kjem hausten 2017.

Hausten 2016 kan skolar som ønskjer det, bruke kartleggingsprøva i engelsk på Vg1.

Støtte til undervegsvurderinga

  • Prøvene med tilhøyrande rettleiingsmateriell gir skolen og lærarane informasjon om kva elevane meistrar, og kva dei må ha hjelp til å arbeide vidare med.
  • Resultata skal brukast til å gi elevane tilbakemeldingar undervegs i opplæringsløpet og danne grunnlag for tilpassa opplæring. 
  • Prøvene kan gjennomførast når som helst, og om ønskjeleg fleire gonger i løpet av skoleåret.
  • Resultata skal ikkje brukast til å setje karakterar.
  • Resultata skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet.

Det finst fleire læringsstøttande prøver innanfor kvar av ferdigheitene/faga. Nokre prøver testar heile ferdigheita, mens andre prøver testar berre enkelte område innanfor ei ferdigheit. Det blir publisert nye prøver i prøvebanken kvar haust.

Prøvene er laga slik at utprøvinga (standardane/nivåa skolane kan samanlikne seg med) er gjord på bestemte trinn. Prøvene kan òg brukast på andre nærliggjande trinn. Lese- og rekneprøvene på 6. trinn kan til dømes òg gjennomførast på 5. og 7. trinn.

Læringsstøttande prøver finn du i prøvebanken. Skoleadministrator tildeler lærarane tilgang til prøvene. Dei fleste prøvene er elektroniske, og elevane skal gjennomføre prøvene i prøvebanken. Læringsstøttande prøver i skriving skal gjennomførast på papir. Desse prøvene ligg ope tilgjengelege som pdf-er i prøvebanken.

Her finn du prøvene

Læringsstøttande prøver finn du i prøvebanken.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!