Kva er læringsstøttande prøver?

Læringsstøttande prøver er prøver i grunnleggande ferdigheiter som kan brukast som eit verktøy i undervegsvurderinga og gi læraren grunnlag for læringsfremjande tilbakemeldingar og framovermeldingar til elevar på alle nivå. Prøvene er frivillige, og skolen bestemmer sjølv når dei vil gjennomføre prøvene. Eleven kan berre gjennomføre ei prøve ein gong i same skoleår.

Grunnleggande ferdigheiter som del av kompetansen i kvart fag

Grunnleggande ferdigheiter er ein del av kompetansen i alle fag og nødvendige reiskapar for læring og utvikling. Dei er samstundes ein føresetnad for at elevane skal kunne vise kompetansen deira i det enkelte faget. Utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene er viktige gjennom heile opplæringsløpet. Det går for eksempel ein samanhengande linje igjennom alle læreplanane i fag frå den første lese- og skriveopplæringa til det å kunne lese avanserte, faglege tekstar på videregående skole.

Det finst fleire læringsstøttande prøver innanfor kvar av ferdigheitene. Vi har læringsstøttande prøver for grunnskolen i lesing, rekning og digitale ferdigheiter, og for Vg1 i lesing, rekning og engelsk.

I «påmeldingsoversikten» i PAS – prøver finn du ein totaloversikt over kva for prøver som er tilgjengelege. Du kan forhandsvise oppgåvene i prøva før du vel å ta den i bruk ved å velge «Se læringsstøttende prøver» i menyvalget øverst. Under «Veiledninger og dokumenter» finn du lærarrettleiingar med utdjupande informasjon om kva prøvene måler og kor lang tid elevane treng for å gjennomføre prøvene.

Alle prøver som er utvikla innan same ferdigheit er like gode og kan brukast om kvarandre uavhengig av kva for år dei ble utvikla. Nokre prøver testar heile ferdigheita, mens andre prøver testar berre enkelte område innan ei ferdigheit.

For engelskprøvane på VG1 er det i år laga to sett med tre prøvar i kvar, i lytting, i lesing og i bruk av engelsk. Kvart sett består av prøvar som måler det same og er like vanskelege. Lærar kan bruke desse prøvesetta til å måle elevanes utvikling viss elevane tek eit sett tidleg på hausten og eit nytt eit på våren.

Eit verktøy for lærar i undervegsvurderinga

  • Prøvene med tilhøyrande rettleiingsmateriell gir skolen og lærarane informasjon om kva elevane meistrar innanfor grunnleggande ferdigheiter på tvers av fag, og kva dei må ha hjelp til å arbeide vidare med.
  • Resultata kan brukast til å gi elevane tilbakemeldingar og framovermeldingar undervegs i opplæringsløpet og danne grunnlag for tilpassa opplæring.
  • Om elevane gjennomfører fleire av dei tilgjengelege prøvene innan same ferdigheit, kan prøvene benyttast til å måle progresjon.
  • Resultata blir ikkje rapportert til Utdanningsdirektoratet.

Korleis blir prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med lærarar og fagpersonar i Utdanningsdirektoratet.
Fagmiljøa utviklar prøvene ut frå eit rammeverk som skildrar innhaldet til prøvene og tekniske krav til utforming.

Det tek fleire år å utvikle ei prøve. Oppgåvene blir prøvd ut fleire gangar slik at vi på førehand veit at oppgåvene fungerer slik dei skal, og at prøva i si heilskap måler det ho skal måle.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.
Det er mogleg å få tilgang til tekniske rapportar frå prøvene ved å sende ein førespurnad til post@udir.no.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!