Gjennomføre ei læringsstøttande prøve

Læringsstøttande prøver er opne for gjennomføring heile skoleåret. Prøvene er frivillige, og skolen bestemmer sjølv når dei vil gjennomføre prøvene. Eleven kan berre gjennomføre ei prøve ein gong i same skoleår.

For å gjennomføre ei læringsstøttande prøve må skoleadministrator melde på elevene til prøvene i PAS – prøver. Her legg skoleadministrator også til lærarar som prøvegruppeansvarleg. Prøvegruppeansvarleg får tilgang til å starte og overvake ei eller fleire prøver og til resultata etter prøvegjennomføring i PAS – prøver.

Kva for prøver kan du bruke for dei ulike trinna

  • Skoler med 1. til 7. trinn kan melde på og bruke prøver som er laga for 1. til 10. trinn.
  • Skoler med 11. til 13. trinn kan melde på og bruke prøver som er laga for 8. til 13. trinn.
  • Skoler med 1. til 10. trinn og skoler med 8. til 10. trinn kan melde på og bruke alle prøver.

Førebu elevane på oppgåveeksemplar

Det er ikkje meininga at elevane skal øve på læringsstøttande prøver innan bruk. Det kan likevel vere lurt å førebu dei på oppgåvetypar dei vil møte i prøva. Vi har utarbeida nokre eksempelprøver med ulike oppgåvetypar til dei læringsstøttande prøvene. Vi har ikkje eksempelprøver til alle prøvene.

Finn eksempelprøver 

Skal alle elevane ta læringsstøttande prøver?

Elevar med rett til spesialundervisning eller til særskilt språkopplæring kan få fritak frå læringsstøttande prøver.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!