Finn, analyser og bruk resultata frå læringsstøttande prøver

Resultata blir tilgjengelege i PAS – prøver rett etter gjennomføring.

Om resultata

I PAS – prøver under menyvalet «Resultater og skåring» finn du resultata frå prøva rett etter gjennomføring. For prøver med opne oppgåver, må læraren vurdere og skåre dei opne oppgåvene i skåringsverktøyet, før resultata blir synlege. Du kjem til skåringsverkøyet frå resultatsida.

Følgande prøver har opne oppgåver

  • Læringsstøttande prøve i lesing Vg1 2016
  • Læringsstøttande prøve i lesing Vg1 2017
  • Læringsttøttande prøve i lesing Vg1 2018

Resultatvisinga er delt inn i ei gruppevising (gruppe), elevvising (elev) og oppgåvevising (oppgåve). I gruppevisinga får du ei oversikt over resultata til heile gruppa di. Resultata er gitt som ein poengsum og eit meistringsnivå. I elevvisinga får du sjå nærare på svaret til ein elev. Oppgåvevisninga gir deg informasjon om alle oppgåvene og korleis resultata til gruppa di er samanlikna med eit nasjonalt resultat.

Følg opp resultata

I PAS – prøver under «Veiledninger og dokumenter» finn du lærarrettleiingar med utdjupande informasjon om kva prøvene måler, og tips til korleis dere kan arbeide i dei ulike faga for å følge opp resultata.

Informasjonen frå prøva skal medverke til å auke kompetansen til eleven. Husk at grunnleggande ferdigheiter er integrert som ein del av kompetansen i alle fag og nødvendige reiskapar for læing og utvikling. Prøvene er ikkje prøver i eitt enkelt fag.

Resultata er ein del av undervegsvurderinga og kan brukast til å gi elevane tilbakemeldingar og framovermeldingar undervegs i opplæringsløpet. Dei kan óg danne grunnlag for tilpassa opplæring saman med annan informasjon om læringa til eleven.

Å bruke resultat frå prøver som grunnlag for å hjelpe elevane vidare i eiget læringsløp, er ein del av det vi kallar vurdering for læring. På udir.no/vfl finn du eksempel og nyttige filmar som du kan bruke i vurderingsarbeidet.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!