Retningslinjer for sentral sensur

Retningslinjer for sentral sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen, grunnskoleopplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.

Retningslinjer for sentral sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen, grunnskoleopplæring for vaksne og vidaregåande opplæring

Ved sentralt gitt skriftleg eksamen skal kvart prøvesvar sensurerast av to sensorar (jf. forskrifta til opplæringslova §§ 3-28 og 4-21). Fylkesmannen har ansvaret for å oppnemne sensorar.

Sensorane skal vurdere prøvesvara i samsvar med reglane i forskrifta til opplæringslova.

Viktige dokument ved sensureringa

  • Eksamensrettleiing

For nokon fag kan det være lurt å også sjå på:

  • sensorrettleiing
  • vurderingsskjema
  • førehandssensur

Det er berre rektor som kan avgjere om eleven har fuska, jf. §§ 3-37 og 4-30. Dersom sensor har mistanke om at eleven har fuska til eksamen, skal sensor gje melding til fylkesmannen. Sensor skal setje karakter på prøvesvaret ut frå reglane for vurdering i forskrifta til opplæringslova.

Praktiske opplysningar

Ved å logge seg på https://eksamen.udir.no får sensor oversikt over:

  • kandidatar som skal vurderast
  • namn og adresse på medsensor

Sensor loggar seg på ved hjelp av ID-Porten eller Feide.

Sending av prøvesvar

Prøvesvara skal sendast elektronisk, førast med penn på papir eller vere utskrifter. Dersom eit prøvesvar er levert som kladd, og det ligg ved særskild melding om spesielle tilhøve som ligg til grunn for dette, skal ein sjå på kladden som ein fullgod del av svaret. Sensor skal ikkje notere på sjølve prøvesvaret.

1. Papirbasert sensur

Sendingane med prøvesvar frå skolane skal innehalde:

  • eit eksemplar av oppgåvesettet i faget
  • prøvesvar med ev. vedlegg

Prøvesvara blir sende med post til sensor straks etter at eksamen er halden. Sensor får då om lag halvparten av prøvesvara. Sensor byttar med medsensor innan halvgått tid. Prøvesvar skal sendast som registrert post (ekspress over natta).

Prøvesvara skal returnerast til skolen eller eksamensinstitusjonen der kandidaten har teke eksamen.

2. IKT-basert sensur

Sensorar finn prøvesvara ved å logge seg inn på https://eksamen.udir.no. Sensorane får tilgang til elevsvara samstundes.

Fellessensurmøtet

Sensor får informasjon om tid og stad for fellessensurmøtet frå fylkesmannen.

Før sensorpara tek til med samordning av vurderinga, er det ei felles samling der sensorane drøfter oppgåvesettet, korleis det har fungert, retningslinjer for karakterfastsetjinga og andre tilhøve. Oppmannen for grunnskulane og formøteleiar for dei vidaregåande skulene leier drøftingane.

Når sensuren er ferdig, fører sensorane endeleg karakter på https://eksamen.udir.no. Dersom det i ettertid blir oppdaga at ein karakter er registrert feil, må fylkesmannen som har ansvaret for sensuren kontaktast.

Usemje om karaktersetjing

Karakterar som sensorane ikkje blir samde om, eller er i tvil om, blir fastsette av oppmannen/formøteleiar. Spesielle tilhøve rundt kandidatsvaret tek sensorane opp med oppmannen/formøteleiar. Når oppmannen/formøteleiar har teke avgjerda, registrerer sensorparet den endelege karakteren på https://eksamen.udir.no.

Telefonsensur for fag/grupper med få prøvesvar

Denne forma for sensur må avtalast med fylkesmannen i forkant av fellessensurmøte. Om sensorane ikkje møter å fellessensurmøtes skal karakterane fastsettas i eit telefonmøte mellom 1. sensor og 2. sensor. Dei endelege karakterane blir førte for endeleg karakter på https://eksamen.udir.no.

Dersom sensorane ikkje blir samde, skal dei ta kontakt med fylkesmannen som har oppnemnt dei.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!