Eksamen i norsk hovudmål våren 2020

Sjølv om elevane på vidaregåande berre får standpunktkarakterar i år, går mange opp til privatisteksamen for å få vitnemålet dei ønskjer seg. 

I dag har omtrent 4500 privatistar tatt eksamen i norsk hovudmål, og i går tok 3500 privatistar eksamen i sidemål.

I norsk hovudmål har privatistane gjort greie for etosappellen i ein kort sakprosatekst frå flyselskapet Widerøe. Vidare har dei kunna velje å samanlikne to romanutdrag frå den realistiske tradisjonen, drøfte om det har nokon verdi å kjempe for å behalde dialektane i Noreg, dei har tolka ei novelle frå 2009 – eller dei har skrive om kvifor forteljingar kan ha stor betydning for menneske.

Du kan lese oppgåvesettet til dagens eksamen i norsk hovudmål her.

Oppgåvesettet til gårsdagens eksamen i norsk sidemål finn du her.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!