Eksamen i norsk Vg3 våren 2019

Torsdag 23. mai har 51 000 elevar og privatistar teke eksamen i norsk hovudmål i vidaregåande skole. Om lag halvparten av dei tok også eksamen i norsk sidemål onsdag 22. mai.

Norsk hovudmål

I norsk hovudmål skreiv alle eksaminandane eit kortsvar om retoriske appellformer på facebook-sida til Noregs Mållag. Som langsvar kunne dei velje å drøfte kva moglegheiter og utfordringar det språklege mangfaldet gir oss, dei kunne tolke ei novelle, samanlikne to dikt med modernistiske trekk eller skrive utforskande om forholdet mellom teknologi og menneske.

Eksamensoppgåva hovudmål

Norsk sidemål

I norsk sidemål skreiv alle eit kortsvar om språklege verkemiddel i ein skjønnlitterær tekst. Nokre skreiv langsvar om norrøn litteratur, medan andre drøfta kva naturen har å seie for førestillingane våre om om det norske, analyserte eit foredrag av Per Fugelli eller samanlikna eit kjærleiksdikt og ein korttekst med tittelen «Blodspor».

Eksamensoppgåva sidemål

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!