Prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar for 2024

Private og frivillige organisasjonar kan søke om tilskot til prosjekt som støttar prioriterte mål for grunnskolar og vidaregåande opplæring. 

Kven kan søke: Private og frivillige organisasjonar i Noreg, inkludert ideelle aksjeselskap, som fyller kriteria for ordninga (sjå nedanfor)
Søknadsfrist: 8. desember 2023

Her søker du:

Rapporteringsfrist:

  • Eittårige prosjekt: sluttrapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret.
  • Fleirårige prosjekt: årlege undervegs-rapporteringar innan 1. oktober, og sluttrapportering innan 1. juli i året etter det siste tildelingsåret.

Om ordninga

For 2024 er formålet å stimulere organisasjonar til å iverksette

  • tiltak mot mobbing i skolen
  • prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst

Dei prosjektretta tiltaka må vere landsdekkande, og nå flest mogeleg elevar og lærlingar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Søkjaren må kunne synleggjere den forventa nytteeffekten ved å skildre planlagde eller igangsette aktivitetar/tiltak.

Dette er ei prosjektstøtteordning, og organisasjonar kan derfor ikkje søke om tilskot til ordinær drift frå ordninga. Tiltaka i søknaden må gjelde prosjektretta aktivitetar som er tidsavgrensa, og som blir følgt opp som eigne økonomiske einingar. Prosjekta kan vere eittårige eller gå over fleire år, med ei maksimal tidsramme på 3 år. Med atterhald om Stortingets årlege budsjettløyving til ordninga, kan tilskotsmottakarar få innvilga prosjektstøtte for inntil 3 år, med prosjektavslutning seinast 31.12.2026.

Det er berre søknader som gjeld tiltak mot mobbing i skolen eller prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst som vil bli vurderte for eventuell tilskotstildeling.

Om statsbudsjettet for tilskotsposten blir vedteke i samsvar med budsjettframlegget for 2024, vil potten til fordeling på nye prosjektsøknader vere på om lag 6 mill. kroner for 2024.

Kven kan få prosjektstøtte?

Private og frivillige organisasjonar i Noreg, inkludert ideelle aksjeselskap, som fullt ut fyller desse kriteria:

  • er registrert i Einingsregisteret og Frivillighetsregisteret
  • har eit ideelt formål i samsvar med sine vedtekter
  • representerer ei interessegruppe, brukargruppe, eit fagfelt etc.
  • ikkje er ei bransjeforeining
  • ikkje er organisert av det offentlege
  • baserer sitt arbeid på medlemsavgifter eller støtte frå offentlege styresmakter og/eller private gjevarar
  • ikkje har som formål å tene pengar (non-profit)
  • har vedtektsfesta at eit eventuelt overskott skal tilbakeførast til organisasjonen si drift
  • kan bidra på ein positiv måte i arbeidet mot mobbing i skolen og/eller kan stimulere til auka leseferdigheit og leselyst

Slik søker du

Du finn lenke til søknadsskjema og obligatoriske vedlegg øvst på sida. Søknader som er mottekne hos Utdanningsdirektoratet etter søknadsfristen, blir ikkje saksbehandla.

Tildeling

Ordninga har ikkje berekningsreglar. Løyvinga på posten blir fastsett etter vedtak i Stortinget.

Utdanningsdirektoratet vurderer søknadene og fattar vedtak om fordeling av midlar etter ei totalvurdering på skjønnsmessig grunnlag.

 Rapportering

  • For eittårige prosjekt skal du sende inn sluttrapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret.
  • For fleirårige prosjekt skal du sende inn årlege undervegs-rapporteringar innan 1. oktober, og sluttrapportering innan 1. juli i året etter det siste tildelingsåret.

Send inn prosjektrapport og eventuelt andre dokument som skildrar gjennomføringa av prosjektet i tilskotsåret.

  • Av rapporten må det gå fram korleis organisasjonen gjennom prosjektet har medverka til å nå målet for tilskotsordninga, og korleis organisasjonens tiltak er gjennomført i samsvar med vilkåra for innvilga prosjektstøtte.

Prosjektrekneskap og revisjonsmelding for prosjektet

Prosjektrekneskapen skal utgjere ei separat eining i organisasjonen sin årsregnskap.

  • Den årlege prosjektrekneskapen skal omfatte alle prosjektet sine inntekter og kostnader, og skal vere bokført på underpost-nivå i samsvar med Norsk Standard Kontoplan NS 4102.
  • Statstilskotet frå tilskotsordninga skal spesifiserast i ei eiga linje i prosjektrekneskapen, og eventuelle tilskot frå andre statlege instansar skal også gå fram i eigne linjer i prosjektrekneskapen.
  • Prosjektrekneskapen skal kunne samanhaldast med søknaden sitt prosjektbudsjett.

For tilskot som overstig kr 100.000, skal prosjektrekneskapen reviderast av statsautorisert revisor.

Årsrekneskap og årsrapport for organisasjonens samla verksemd i det enkelte tildelingsår. Tilskotet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i resultatrekneskapen eller i note til årsrekneskapen.

Revisors oppgaver

Statsautorisert revisor skal attestere årsrekneskapen og prosjektrekneskapen for tilskot som overstig kr 100.000. Revisjonsmeldingane må innehalde opplysningar om økonomisk nettoresultat i dei reviderte rekneskapane.

Tildeling 2024

Følgjande organisasjonar fekk tilskot i 2024
OrganisasjonType tiltakProsjektnamnProsjekt-
periode
Tilskot i prosjektperioden
Foreningen !lesAuka leseferdigheiter og leselyst
  • Les og lek
  • Idrettens lesedag
3 år5 029 500
Drama- og teaterpedagogeneAuka leseferdigheiter og leselystBli med inn i boka - læringsressurs og turné til skoler2 år620 500
Foreningen !lesTiltak mot mobbing i skolenBokprat: VGS3 år1 908 000
Redd BarnaTiltak mot mobbing i skolen
  • Styrket foreldresamarbeid
  • Ingen utenfor
2 år1 300 000