Læreplan i biologi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (BIO1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I biologi forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i biologi inneber å gjere greie for eigne observasjonar og røynsler frå naturen og laboratoriet ved å bruke biologifaglege omgrep. Det omfattar å formulere spørsmål og hypotesar som kan undersøkjast, argumenterast for og drøftast i høve til annan biologisk informasjon. I tillegg vil det seie kritisk vurdering av ulike typar biologisk informasjon i fagtidsskrift og i media.

Å kunne lese i biologi inneber å trekkje ut, tolke og reflektere over informasjonen som finst i biologifaglege tekstar, brosjyrar, aviser og bøker og på Internett. Det omfattar å forstå oppskrifter, tabellar, diagram og symbol. Å setje seg inn i nye område av faget ved å forstå stadig meir krevjande biologisk litteratur er ein del av kompetansen.

Å kunne rekne i biologi inneber å bruke tal og utrekningar, registrere, gjere enkle statistiske analysar, arbeide med og presentere resultat av eigne observasjonar. Å setje seg inn i og bruke matematiske modellar frå biologisk forsking inngår òg. Like eins inneber det å forstå resultat i form av grafar og tabellar.

Å kunne bruke digitale verktøy i biologi inneber å hente informasjon og utforske, registrere, arbeide med og presentere resultat av eigne observasjonar. Det omfattar å bruke animasjonar og simuleringar til å illustrere og utdjupe biologifagleg stoff. Å vurdere nettbasert biologifagleg informasjon inngår òg.

Side 5 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!