Vurdering
Retningsliner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
|
Årssteg |
Ordning |
|
10. årssteget |
Elevane skal ha ein standpunktkarakter. |
|
Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram Vg1 studieførebuande utdanningsprogram Vg2 studieførebuande utdanningsprogram Påbygging til generell studiekompetanse |
Elevane skal ha ein standpunktkarakter. |
Der faget går over fleire år, er det berre standpunktvurderinga på det øvste nivået som eleven har i faget, som kjem fram på kompetansebeviset eller vitnemålet. Unnateke frå dette er dokumentasjon for påbygging til generell studiekompetanse, der òg standpunktkarakteren frå Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram skal førast.
Eksamen for elevar
|
Årssteg |
Ordning |
|
10. årssteget |
Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
|
Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram |
Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
|
Vg2 studieførebuande utdanningsprogram |
Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (224 timar). |
|
Påbygging til generell studiekompetanse |
Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar berre faget i påbygging til generell studiekompetanse (140 timar). |
Eksamen for privatistar
|
Årssteg |
Ordning |
|
10. årssteget |
Sjå ordninga som gjeld for grunnskole-opplæring for vaksne. |
|
Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram |
Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
|
Vg2 studieførebuande utdanningsprogram |
Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen omfattar heile faget (224 timar). |
|
Påbygging til generell studiekompetanse |
Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen omfattar berre faget i påbygging til generell studiekompetanse (140 timar). |
Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.