Læreplan i matematikk - utgått 31.07.10 (Utgått)

Gyldig til: 31.07.2010

Kompetansemål -
Måling


Omtale av hovudområde

Etter 2. årssteget

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av høvelege måleiningar
  • nemne dagar, månader og enkle klokkeslett
  • kjenne att dei norske myntane og bruke dei i kjøp og sal

Etter 4. årssteget

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar
  • bruke ikkje-standardiserte måleiningar og forklare føremålet med å standardisere måleiningar, og gjere om mellom vanlege måleiningar
  • samanlikne storleikar ved hjelp av høvelege målereiskapar og enkel berekning med og utan digitale hjelpemiddel
  • løyse praktiske oppgåver som gjeld kjøp og sal

Etter 7. årssteget

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje høvelege målereiskapar og gjere praktiske målingar i samband med daglegliv og teknologi, og vurdere resultata ut frå presisjon og måleusikkerheit
  • gjere overslag over og måle storleikar for lengd, areal, masse, volum, vinkel og tid, og bruke tidspunkt og tidsintervall i enkle berekningar
  • velje høvelege måleiningar og rekne om mellom ulike måleiningar
  • forklare oppbygginga av mål for areal og volum og berekne omkrins og areal, overflate og volum av enkle to- og tredimensjonale figurar
  • bruke målestokk til å berekne avstandar og lage enkle kart og arbeidsteikningar
  • bruke forhold i praktiske samanhengar, rekne med fart og rekne om mellom valutaer

Etter 10. årssteget

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over og berekne lengd, omkrins, vinkel, areal, overflate, volum og tid, og bruke og endre målestokk
  • velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling, og drøfte presisjon og måleusikkerheit
  • gjere greie for talet p og bruke det i berekningar av omkrins, areal og volum
 

Direktoratet i Oslo, Hamar og Molde:   Tlf: 23 30 12 00   |   Faks: 23 30 12 99   |    post@utdanningsdirektoratet.no   |   Mer kontaktinformasjon

Ansvarlig redaktør: Helge Lund   |   Redaktør: Doris Amland   |   redaksjon@utdanningsdirektoratet.no   |   Om nettstedet