Kompetansemål
Etter 4. årssteget
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
- presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy
- skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no
- utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida
- fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg
- kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
- gje att mytar, segner og eventyr med historisk innhald
- beskrive korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar, ved å fantasere rundt dei første menneska som kom til landet vårt etter istida
- fortelje om samane, urfolket i Noreg, og om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane fram til vikingtida
- fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen
- forklare kvifor ein feirar 17. mai og 6. februar og fortelje om nasjonaldagane til andre land
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
- beskrive landskapsformer og geografiske nemningar ved å utforske landskapet nær skulen og heimen
- bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg
- samle opplysningar frå globus, kart og digitale kjelder og bruke dei til å samtale om stader, folk og språk
- peike ut verdshav og verdsdelar og bruke sentrale geografiske omgrep
- peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader
- samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land
- planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere resultata av undersøkingane
- finne fram i trykte og digitale medium, sortere innhaldet i kategoriar og produsere materiale som kan publiserast
- følgje enkle reglar for personvern når ein bruker Internett
- samtale om oppgåvene til familien og om variasjonar i familieformer, inkludert åleineforsørgjarfamiliar, storfamiliar, familiar der dei føresette har same kjønn, og familiar med fleire sett føresette
- gje døme på ulike forventningar til gutar og jenter og drøfte korleis forventningane kan opplevast
- beskrive pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk
- lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske og samtale om konsekvensar ved å bryte normene
- utforme og praktisere reglar for samspel med andre og vere med og ta demokratiske avgjersler i skulesamfunnet
- samtale om toleranse og om korleis møte mellom ulike kulturar kan vere både gjevande og konfliktfylte
- drøfte oppfatningar av rettferd
Etter 7. årssteget
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
- presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
- skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
- utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar
- fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida, og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
- fortelje om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane frå vikingtida til slutten av dansketida, og om forholdet deira til statane på Nordkalotten i denne perioden
- gjere greie for kva for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved historia og levekåra til minoritetane
- lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy
- undersøkje greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eigen kultur
- gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa, og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
- bruke historiske kart og framstille oppdagingsreiser som europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dei ulike kulturane opplevde møtet
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar
- registrere og ordne spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet
- forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
- samanlikne og påvise likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar
- fortelje om regnskog, grasslette, ørken og andre landskapstypar og forklare korleis menneske gjer seg nytte av dei
- forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast
- forklare korleis vi i Noreg bruker ressursar frå andre stader i verda
- registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning
- planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder
- forklare korleis informasjon frå massemedium og kommersiell påverknad kan verke inn på forbruksvanar
- samtale om variasjon i seksuell orientering i tilknyting til kjærleik, samliv og familie
- beskrive roller i sin eigen kvardag og undersøkje kva forventningar som knyter seg til desse rollene
- drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
- gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
- forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg
- samtale om kva vi meiner med identitet og kultur, kjenne att kulturelle symbol og lage ein visuell presentasjon av dei
- gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag
- gjere greie for ein aktuell konflikt og drøfte framlegg til løysing
- gje døme på korleis Noreg er med i internasjonalt samarbeid gjennom FN og andre organisasjonar, også internasjonalt urfolkssamarbeid
Etter 10. årssteget
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
- presentere ei historisk hending med utgangspunkt i ulike ideologiar
- skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar
- søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historia ulikt
- drøfte menneskeverd, rasisme og diskriminering i eit historisk og notidig perspektiv med elevar frå andre skular ved å bruke digitale kommunikasjonsverktøy
- presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå dansketida til i dag, og drøfte forholdet deira til storsamfunnet
- presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
- forklare framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved det moderne Noreg
- forklare teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgde av den industrielle revolusjonen
- drøfte idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og følgjer som dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg
- gjere greie for imperialisme og gje døme på avkolonialisering
- lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane
- drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn
- gjere greie for eigne rettar og konsekvensar når ein arbeider på Internett og publiserer sitt eige materiale
- lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar
- fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
- beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
- forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda
- vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt
- gjere greie for storleik, struktur og vekst i befolkningar og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyare tid, inkludert urbanisering
- forklare og drøfte variasjonar i levekår i ulike delar av verda og samanlikne og vurdere dei store skilnadene mellom fattige og rike
- drøfte premissar for ei berekraftig utvikling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata
- finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla
- leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift
- analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel
- drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer
- beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg og gjere greie for rettane til forbrukarane
- forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
- utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn
- gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land
- gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati
- diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla
- forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar
- beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien
- gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte
Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
- forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid
- rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
- drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar
- gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
- gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot
- bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis kriminalitet kan førebyggjast
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- definere omgrepet levestandard, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
- bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
- reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
- gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
- diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
- gjere greie for organisasjonane sin plass i arbeidslivet og drøfte faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
- vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift
- trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapet til bedrifter med manuelle og digitale verktøy
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet og diskutere kva som kan truge demokratiet
- diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
- identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
- forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
- presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
- beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
- forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
- gje døme på korleis religion påverkar samfunn og kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
- forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
- gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
- gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
- gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU
- bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
- gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
- gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
- diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling