Kva er kartleggingsprøver?

Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging.

Kvifor kartleggingsprøver?

Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet.

Prøvene er digitale og er laga for elevar på 1. og 3. trinn.

Resultata frå prøvene

Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er i eit definert oppfølgingsområde. For desse elevane kan du sjå kva dei har svart på dei ulike oppgåvene i prøva.

Kartleggingsprøvene består av mange lette oppgåver. Derfor gir prøvene lite informasjon om elevane som får til alle eller nesten alle oppgåvene.

Resultatvisninga

Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAS – prøver oversikt over elever som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene være tilgjengelege i resultatvisninga. For dei andre elevane vil det berre vises at de har gjennomført prøva. 

Prøvene er adaptive

Dei nye kartleggingsprøvene er blokk-adaptive. Dei er lagt opp litt ulikt, men felles er at elevane startar med å gjere nokre oppgåver som er like for alle. Basert på resultatet frå desse oppgåvene, sendes elevane ulike veger i prøva. På denne måten får elevane tildelt oppgåver som dei kan meistre. 

Oversikt over prøvene

Obligatoriske kartleggingsprøver

  • Lesing på 3. trinn
  • Rekning på 3. trinn

Frivillige kartleggingsprøver

  • Lesing på 1. trinn
  • Rekning på 1. trinn

Det blir utvikla eigne leseprøver på nord-, sør- og lulesamisk. Kartleggingsprøvene i rekning blir omsette og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk. 

Sjå oversikt over prøveperiode.

Dersom skolen eller kommunen vel å gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, skal alle elevane på det aktuelle trinnet ta prøva.

Korleis blir prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med fagpersonar i Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for kartleggingsprøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.

Rammeverk for kartleggingsprøver