Poenggrenser og meistringsbeskrivingar i rekning for 8. og 9. steget 2011.
- Artikkel
-
Publisert: 06.12.2011
Meistringsnivå 1, 0-13 poeng
Den typiske elev på dette nivået kan:
- utføre elementær talbehandling med heile tal
- bestemme brøkdel av mengd og heil
- berekne enkle tidsintervall
- bestemme areal ved å telje ruter i eit rutenett
- samanlikne enkle storleikar
- lese av enkle tabellar og diagram og teikne søylediagram
Meistringsnivå 2, 14-23 poeng
Den typiske elev på dette nivået kan:
- utføre elementær talbehandling med desimaltal
- løyse enkle prosent- og brøkoppgåver
- berekne tidsintervall
- velje rett måleining til storleik, rekne med storleikar som har same eining og gjere enkle omgjeringar
- bestemme omkrins og areal av trekantar, kvadrat og rektangel
- lese av ulike typar tabellar og diagram
Meistringsnivå 3, 24-38 poeng
Den typiske elev på dette nivået kan:
- utføre rekneoperasjonar med heile tal og desimaltal
- løyse oppgåver som krev rekning med prosent og brøk
- løyse enkle samansette problem som krev mellomrekning
- rekne ut gjennomsnitt
- lese og omarbeide informasjon frå ulike typar diagram og teikne linjediagram
- gjere overslag og til ein viss grad vurdere om eigne svar er rimelege
Meistringsnivå 4, 39-46 poeng
Den typiske elev på dette nivået kan:
- løyse samansette problem som krev rekning med heile tal, desimaltal, brøk og prosent
- gjere omgjeringar og utføre berekningar med måleiningar
- løyse oppgåver som krev rekning med gjennomsnitt
- tolke og analysere tabellar og diagram
- til ein viss grad analysere og reflektere over eigne svar
Meistringsnivå 5, 47-58 poeng
Den typiske elev på dette nivået kan:
- løyse ulike samansette problem som krev effektive metodar og val av riktig rekneart
- gjere omgjeringar mellom ulike representasjonar av tal og storleikar
- vurdere, analysere og samanlikne datamateriale
- i alle samanhengar analysere og reflektere over svaralternativ og eigne svar