Resultata skal brukast av skolar og skoleeigarar som grunnlag for ei kvalitetsutvikling i opplæringa. Prøvene er ein del av undervegsvurderinga og skal gjennomførast om hausten på 5., 8. og 9. steget.
Prøver i grunnleggjande ferdigheiter
Nasjonale prøver er ikkje prøver i fag, men i grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Prøvene i lesing og rekning tek derfor ikkje berre utgangspunkt i kompetansemåla i norsk og matematikk, men også i andre fag der mål for lesing og rekning er integrerte. Prøvene i engelsk skil seg frå dei to andre prøvene sidan dei tek utgangspunkt i kompetansemål i eit fag.
Dei nasjonale prøvene skil seg frå internasjonale testar og kartleggingsprøver. Dei internasjonale testane gir resultat på nasjonalt nivå, og grunnlag for å samanlikne dei norske elevresultata med resultata til elevar frå andre land. Dei er utvikla for å vurdere endring i ferdigheitene til elevane over tid. Kartleggingsprøver skal vere eit pedagogisk verktøy for læraren og skal gi kunnskap om kven av elevane i klassa som treng særskild oppfølging.
Prøver på 5., 8. og 9. steget
Nasjonale prøver skal gjennomførast om hausten, kort tid etter at elevane har starta på 5., 8. og 9. steget. Mange elevar skiftar skole frå barnesteget til ungdomssteget. Derfor seier ikkje prøvene på 8. steget noko om kvaliteten på ungdomssteget, men fortel kva elevane har med seg av grunnleggjande ferdigheiter frå barnesteget. Det er mogleg for skoleeigar å tilbakeføre resultata på 8. steget til avgivarskolane på 7. steget. Prøva på 9. steget i lesing og rekning er dei same prøvene som blir gjennomførte på 8. steget og dei vil seie noko om kva elevane har lært det siste året.
Fritak
Fritak frå dei nasjonale prøvene gjeld berre for:
- elevar med rett til spesialundervisning (enkeltvedtak)
- elevar med opplæring etter § 2-8 (særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar), og der det samstundes er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven
Dei elevane som har enkeltvedtak skal ikkje få fritak frå prøvene automatisk, men skolen skal vurdere om elevane som har enkeltvedtak har nytte av prøva i opplæringa eller ikkje. Her kan det vere stor skilnad mellom elevane.
Slik les du resultatene
Resultata frå nasjonale prøver blir presenterte ved hjelp av gjennomsnitt, standardavvik (spreiing) og som prosentfordeling på ein skala med tre nivå for 5. steget og fem nivå for 8. steget. Ein fordeler elevane på dei ulike meistringsnivåa etter kva slags poengsum dei fekk på prøvene.
Lærarane får oversikt over resultata til dei elevane dei har ansvar for. Det er utvikla eit rettleiingsmateriell som forklarer korleis ein kan følgje opp resultata i høve til enkeltelevar og på gruppenivå.
Sidan det berre er elevar i norsk skole som deltek i nasjonale prøver, gir ikkje resultata svar på om ferdigheitene til norske elevar har kome nærare nivået til elevane i andre land. Dei nasjonale prøvene gir heller ikkje grunnlag for å seie noko om elevane på 5.- og 8. steget har blitt betre eller dårlegare til å lese og rekne frå eit år til eit anna. På same måte som for dei internasjonale studiane krev dette analysar over lengre tid og eit metodisk opplegg med mellom anna hemmeleghald av ein del oppgåver. I dag blir ikkje oppgåvene i dei nasjonale prøvene haldne hemmelege fordi det er lagt vekt på at det skal vere mogleg å bruke dei i oppfølginga på lokalt nivå.
Likevel kan skolar, kommunar og fylke vurdere si eiga utvikling frå år til år ved å samanlikne eigne resultat med landsgjennomsnittet, som endrar seg svært lite på eit år. Samstundes skal ein vere klar over at endringar i elevgrunnlaget frå eit år til eit anna kan ha store følgjer for resultata på ein skole eller i ein liten kommune. Nokre få elevar med veldig svake eller sterke resultat kan gi stort utslag for skolen som heilskap. Kvaliteten på innsatsen til skolen kan derfor ikkje aleine bli målt gjennom resultata frå dei nasjonale prøvene. Endringar i resultata frå år til år må relaterast til det skolen elles veit om elevane og om andre tilhøve som verkar inn på resultata.