Viktige oppgåver for rektor under gjennomføringa av nasjonale prøver.
- Artikkel
-
Publisert: 21.06.2011
Før prøva
- Informere elevane og dei føresette om prøvene. Skolane får ein brosjyre til føresette (ranselpost) ved skolestart.
- Sjekke at alt materiell er komme fram, kontrollere innhaldet og syte for forsvarleg oppbevaring.
- Syte for at ALLE elevane på gjeldande steg er påmelde til alle prøvene i Prøveadministrasjonssystemet (PAS). Også elevar som mellombels er på ein annan skole eller institusjon.
- Avklare stad og tidspunkt for gjennomføringa av prøvene, og syte for at alle lærarane som er ansvarlege for elevgrupper på prøvedagen, er godt informerte om korleis prøvene skal gjennomførast.
- Registrere lærarar med ansvar for prøvene og alle elevane på 5., 8. og 9. steget i prøveadministrasjonssystemet (PAS).
- Vurdere om det er enkeltelevar som har behov for spesiell tilrettelegging og eventuelt leggje til rette for dette.
- Vurdere om det er enkelte elevar som skal ha fritak frå enkelte prøver og skrive enkeltvedtak for dei elevane det gjeld, per prøve, jf forvaltningslova §§ 23-27.
- Gå inn på Utdanningsdirektoratets nettside dagen før prøvedagen og på prøvedagen for å finne oppdatert informasjon om dei nasjonale prøvene.
På prøvedagen
- Rettleie og vere til hjelp for dei lærarane som skal gjennomføre prøvene.
Etter prøva
- Syte for at alle elevresultata frå nasjonale prøver i lesing blir registrerte i Prøveadministrasjonssystemet (PAS) innan 30. september 2011.
- Syte for at elevar med gyldig fråvær blir registrerte som ”ikkje delteke”, og elever som hadde fritak frå å delta, blir registrerte som ”fritekne” i PAS. Fristar for registrering av ”ikkje delteke”/”fritekne”:
- Lesing 5., 8. og 9. steget: 30. september 2011
- Engelsk 5. og 8. steget: 21. oktober 2011
- Rekning 5., 8. og 9. steget: 18. november 2011
- Hente ut rapportar om resultata for skolen når slike rapportar ligg føre i Prøveadministrasjonssystemet (PAS).
- Syte for at eleven og dei føresette får tilbakemelding om resultata.
- Bruke resultata som ledd i det lokale forbetrings- og utviklingsarbeidet.