Resultata frå nasjonale prøver er tilgjengelege for skoleeigarar og skoleleiarar på Skoleporten, mens lærarane kan hente resultata i Prøveadministrasjonssystemet (PAS). Skoleporten består av ein open og ein pålogga del. Resultata på skolenivå er tilgjengelege i PAS og på den pålogga delen av Skoleporten.
- Artikkel
-
Publisert: 18.10.2011
Personvern
Opplysningar som direkte eller indirekte kan identifisere enkeltindivid, er personopplysningar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 1. Dersom opplysningane dessutan omhandlar ”noens personligeforhold”, er opplysningane teiepliktige og skal haldast utanfor det offentlege, jf. forvaltningslova §13.1.1 og offentleglova § 13. Utdanningsdirektoratet eig PAS og er behandlingsansvarleg for sine behandlingar i systemet. Skolane, skoleeigarane og fylkesmannen er behandlingsansvarlege for sine behandlingar av personopplysningar i tilknyting til PAS.
Opplysningar om karakterane til enkeltindivid i grunnopplæringa må ein sjå på som eit personleg tilhøve etter forvaltningslova § 13.1.1. Det same gjeld opplysningar om helsetilhøva til enkeltindivid eller om etnisk bakgrunn, noko som indirekte kjem fram gjennom at eleven har fått fritak frå å delta i dei nasjonale prøvene fordi vedkommande får spesialundervisning eller særskild språkopplæring.
Utdanningsdirektoratet legg til grunn følgjande publiseringsreglar for å ta vare på personvernet til elevane og direktoratet si teieplikt i samband med nasjonale prøver:
- Dersom verdien for eitt eller fleire meistringsnivå er basert på resultata for 1 til 4 elevar, og det totale talet på elevar i utvalet er mindre enn 30, skal verdiane på alle meistringsnivåa haldast utanfor det offentlege
- Dersom 100 % av elevane er plasserte på same meistringsnivå, skal verdiane på alle meistringsnivåa haldast utanfor det offentlege.
- Dersom regel 1 eller regel 2 blir brukt for eitt av kjønna, skal også tilsvarande tal for det andre kjønnet haldast utanfor det offentlege. Tala for begge kjønna samla skal likevel publiserast dersom ikkje regel 1 blir brukt direkte for dette talet.
- Verdien for gjennomsnitt skal haldast utanfor det offentlege dersom gjennomsnittet er basert på færre enn 10 elevar
- Verdien for standardavvik skal ikkje publiserast dersom tilhøyrande gjennomsnittsverdi er halden utanfor det offentlege.
- Verdien for både fritekne og ikkje delteke skal haldast utanfor det offentlege dersom prosenten for fritatt er basert på 1 til 4 elevar.
- Verdien for både fritekne og ikkje delteke skal haldast utanfor det offentlege dersom 100 avelevane er fritekne.
- Dersom regel 6 blir brukt for eitt av kjønna, skal også tilsvarande verdi for det andre kjønnet haldast utanfor det offentlege. Verdiane for begge kjønna samla skal likevel publiserast dersom ikkje regel 6 blir brukt direkte for denne verdien.
Resultat som er haldne utanfor det offentlege, er tilgjengelege på Skoleporten for skoleeigarar og skoleleiarar som loggar inn med brukarnamn og passord, men dei vil berre ha tilgang til desse data for einingar dei har eit ansvar for (eigen skole for skoleleiaren, eigne skolar forskoleeigaren). Skoleeigaren og skoleleiinga er ansvarlege for å behandle desse resultata i samsvar med reglane ovanfor. Dette gjeld både ved bruk av resultatet i den ordinære verksemda i kommunen og på skolen, og ved behandling av krav om innsyn i resultata.
Rett til innsyn i resultat som er haldne utanfor det offentlege
Nedanfor følgjer ei nærmare presisering av kva for organ innanfor skoleeigar- og skoleorganisasjonen som kan vere til stades når resultata som er haldne utanfor det offentlege, skal behandlast, jf. pkt. 5.1 om personvern.
Omgrepet ”skoleeigar”
Den enkelte skoleeigaren har innsynsrett i alle resultata frå nasjonale prøver for eigne skolar. Problemstillinga er altså kva for organ innanfor den enkelte kommunen som ein kan sjå på som ein del av skoleeigaromgrepet, og som dermed har rett til innsyn i tal som er haldne utanfor det offentlege. Utgangspunktet for denne avgrensinga er at berre kommunale organ eller folkevalde i kommunen som har relevant tilknyting til skoleverket, og som har behov for å ha tilgang til alle resultata, har innsynsrett. Eventuell innsynsrett må òg kunne forankrast i føremålet med nasjonale prøver. Prøvene skal gi ”informasjon til elever, lærere, foresatte, skoleeiere, de regionale myndigheter og det nasjonale nivået som grunnlag for forbedrings- og utviklingsarbeid”. [1] Behovet for informasjon vil dermed variere med rolla til den enkeltemottakaren, og det må takast utgangspunkt i det forvaltningsrettslege prinsippet om at ein skal giinnsyn i teiepliktige opplysningar berre i den grad det er nødvendig for å oppfylle føremålet.
Både rådmannen og skolesjefen vil klart vere omfatta av skoleeigaromgrepet og har såleis rett til innsyn i resultat som er haldne utanfor det offentlege. Folkevalde organ som kommunestyret (øvste kommunale organ), formannskapet og faste utval/komitear (med skole somføremål/verksemd) vil på lik linje med rådmannen og skolesjefen ha rett til innsyn i resultat som er haldne utanfor det offentlege. Møta i desse organa ”skal holdes for åpne dører hvis ikke annet følger av lovbestemt taushetsplikt eller vedtak etter denne paragraf”, jf. kommunelova § 31 nr. 1. Hovudregelen om lovbestemt teieplikt følgjer av forvaltningslova § 13 som mellom anna omfattar opplysningar om ”noens personlige forhold”. Opplysningar om kva for karakter- eller meistringsnivå ein elev ligg på, må ein sjå på som eit ”personlig forhold” etter forvaltningslova §13. I dei tilfella der det eventuelt ikkje skulle liggje føre ei lovbestemt teieplikt, kan kommunestyret dessutan ”vedta å behandle en sak for lukkede dører hvor hensynet tilpersonvern … tilsier dette”, jf. kommunelova § 31 nr. 3. Konklusjonen er at dersom resultata frå nasjonale prøver som er haldne utanfor det offentlege etter kap 5.1, blir lagde fram for kommunestyret eller eit anna folkevalt organ, skal dørene stengjast. Det gjer at berre dei som har ei oppgåve i samband med behandlinga av den aktuelle saka, skal vere til stades når resultata blir lagde fram/behandla.
Når det gjeld private skolar, ser ein på styret, som er det øvste ansvarlege organet, jf.privatskolelova § 5–1, som skoleeigar i denne samanhengen. I saker der teiepliktige opplysningar blir behandla, skal styret syte for at personar under 18 år som har møterett, går ut frå møtet, jf.privatskolelova § 5–1 siste ledd. I tillegg til dei kriteria som er nemnde over her, ligg det òg ei generell avgrensing i at berre personar eller organ med teieplikt kan få innsyn i teiepliktige opplysningar.
Omgrepet ”skolen”
Føremålet med nasjonale prøver er også å gi skolen eit verktøy til å forbetre kvaliteten på opplæringa. Problemstillinga er kven som er omfatta av omgrepet ”skolen”, og som dermed kan få innsyn i teiepliktige resultat. Rektor og lærarar har høve til å hente ut rapportar frå PAS, både på elev-, gruppe- og skolenivå, og har såleis innsynsrett i resultata.
Samarbeidsutvalet ved grunnskolar har ”rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen”, jf.opplæringslova § 11-1 andre ledd. Utdanningsdirektoratet vurderer det slik at resultata frå nasjonale prøver er ei sak som gjeld skolen, og utvalet må ein derfor gå ut frå har innsynsrett i resultat som er haldne utanfor det offentlege etter kap. 5.1. Elles skal ikkje elevrepresentantane vere til stades når resultata (som er omfatta av teieplikta) blir lagde fram for samarbeidsutvalet,jf. opplæringslova § 11-1 første ledd.
Foreldrerådet kan ikkje få sjå resultat som er haldne utanfor det offentlege etter kap. 5.1.
Når det gjeld private skolar, vil dagleg leiar og lærarar ha tilgang til resultat som er haldne utanfordet offentlege. Dei private skolane har elles ikkje eit samarbeidsutval. Foreldrerådet på private skolar kan heller ikkje få sjå resultat som er haldne utanfor det offentlege.
Resultata på skolenivå
Det er vedteke at ved offentleggjering av resultata frå nasjonale prøver skal ein ikkje leggje tilrette for rangering av skolar. Dette inneber at alle verdiane (meistringsnivå, gjennomsnitt,standardavvik, fritekne og ikkje delteke) for eit utval som er basert på elevar frå éin enkelt skole, ikkje blir viste på den opne delen av Skoleporten. Dette vil alltid gjelde data på skolenivå, og i nokre tilfelle gjeld det også kommunenivå (dvs. kommunar med éin skole). For å kunne sjå desse resultata må skoleeigaren eller skoleleiaren logge seg på med brukarnamn og passord på Skoleporten eller i PAS. Offentleglova gir ikkje heimel for å nekte innsyn i resultat så lenge det ikkje er grunnlag for direkte eller indirekte identifisering av enkeltelevar. Ved eventuelt innsynskrav om skoleresultata kan det derfor bli aktuelt å gi innsyn i rapportar for skolar der identifisering av enkeltelevar ikkje er mogleg. I PAS kan skoleeigaren og skoleleiaren hente ut resultatrapport NP04 på kommunenivå som tek omsyn til dei publiseringsreglane som er nemnde over her.
1 Brev frå Kunnskapsdepartementet 23.05.06