Dette kapitlet handlar om korleis ein kan forstå og følgje opp resultata frå nasjonale prøver, og korleis skoleleiinga og skoleeigaren kan arbeide systematisk med resultata frå nasjonale prøver.
- Artikkel
-
Publisert: 18.10.2011
Korleis prøvene er utvikla
Kunnskapsdepartementet fastset Rammeverk for nasjonale prøver. Det inneheld mellom anna beskriving av føremålet med prøvene, organiseringa av prøvene, korleis det blir arbeidd metodisk med prøvene og med fastsetjing av meistringsnivåa. Direktoratet har ansvar for at prøvene blir gjennomførte i samsvar med rammeverket. Sjølveutviklinga av prøvene er utført av ulike fagmiljø ved høgskolar/universitet og blir kvalitetssikra av ekstern kvalitetssikrar. Prøvene skal oppfylle høge reliabilitetskrav. Reliabiliteten fortel om prøva er påliteleg som verktøy for å måle ferdigheitene til elevane. Det er òg sett høge krav til validiteten av prøvene. Det vil seie at prøvene skal måle dei ferdigheitene som rammeverket definerer. Nasjonale prøver måler delar av den enkelte grunnleggjande ferdigheita i lesing og rekning og delar av engelskkompetansen. Prøvene skal utarbeidast slik at dei kan brukast som grunnlag for pedagogisk oppfølging i klasserommet.
Prøveutformarane utviklar ein teknisk rapport i etterkant av prøvene, der dei gjer greie for korleis innhaldet er bestemt, kva for empiriske data som støttar valet av oppgåver, og forklarer kva prøva måler. Før kvar prøve er det gjennomført pilot-prøver som dei endelege prøvene baserer seg på. Pilotprøva går føre seg på eit representativt utval skolar.
Oppfølging av resultata
Dei første resultatrapportane frå dei elektroniske prøvene vil normalt vere tilgjengelege i Prøveadministrasjonssystemet (PAS) innan 48 timar etter at ein eller fleire elevar har gjennomført prøva. Desse rapportane vil mellom anna vise poengsummen til elevane, og kor mange elevar som har svart rett på kvar oppgåve i prøva. Det vil òg vere mogleg å overføre resultata til Excel og lage eigendefinerte rapportar her.
Den enkelte eleven og dei føresette skal få tilbakemelding om resultata til eleven på prøvene. Skolen og læraren får informasjon om meistringsnivået til elevane på kvar av prøvene, i tillegg til poengsum og oversikt over kva for oppgåver kvar enkelt elev har fått til/ikkje fått til på prøvene (rapport NP01 og NP06 i PAS).
Som grunnlag for oppfølging av prøvene får skolane også rettleiingsmateriell som er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratets nettside www.udir.no/nasjonaleprover og i PAS. Rettleiingsmateriellet er meint som ei støtte til lærarane i deira arbeid med undervegsvurdering, medrekna at lærarane skal rettleie elevane i korleis dei kan arbeide for å auke sin kompetanse.
Rettleiinga gir konkrete tips til vurdering av resultata, tips til oppfølging av elevar og fasit. Vurderingsrettleiinga for lesing vil bli publisert i PAS etter at prøveperioden er ferdig. I denne rettleiinga er det òg forklart korleis lærarane kan sjå svara til elevane i dei elektroniske prøvene som ligg i PGS-C. Prøver som allereie er gjennomførte, vil òg bli lagde ut på www.udir.no/nasjonaleprover.
Nasjonale prøver i lesing og rekning er ikkje prøver i fag, men i grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Til dømes er prøva i lesing knytt til ulike typar tekstar frå ulike fag. Når det gjeld oppgåvene i prøva i rekning, er dei knytte til rekneoperasjonar i ulike fag. Prøva i engelsk tek utgangspunkt i kompetansemåla i engelsk.
Bakgrunnen for å integrere grunnleggjande ferdigheiter i læreplanane i alle fag var mellom anna at utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane ikkje berre skulle vere eit ansvar for lærarar i norsk og matematikk, men for lærarar i alle fag. Når det gjeld lesing, er det til dømes skilnad på å lese ein skjønnlitterær tekst i norskfaget, ein tabell i samfunnsfag eller ein faglegtekst i naturfag. Dette krev ulike lesemåtar som må lærast i tilknyting til dei ulike faga.
Det er dermed viktig at resultata frå nasjonale prøver ikkje berre skal følgjast opp av lærarar i norsk, matematikk og engelsk, men at alle lærarane blir involverte i resultata, og korleis dei skal følgjast opp. På denne måten kan nasjonale prøver fungere som eit utgangspunkt for arbeidet med å utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane på tvers av faggrenser. Skoleeigaren og skoleleiaren syter for at dette blir gjort ved den enkelte skolen. Aktuelle spørsmål som kan diskuterast i lærarkollegiet:
- Ser vi mønster/tendensar i resultata for vår skole?
- Har vi annan type informasjon som stadfestar eller avkreftar resultata frå nasjonaleprøver?
- Indikerer resultata frå nasjonale prøver at det er behov for ytterlegare kartlegging?
- Kva for konsekvensar får resultata for den vidare praksis ved skolen, og kva kan vi gjere for å forbetre dei resultata vi ikkje er nøgde med?
Nasjonale prøver er forankra i opplæringslova og privatskolelova med forskrifter. Her blirnasjonale prøver regulerte spesifikt, men òg krav til undervegsvurdering og sluttvurderinggenerelt.
Presentasjon av resultata frå nasjonale prøver
Resultata frå nasjonale prøver blir presenterte på Skoleporten og i PAS på ein skala med ulike meistringsnivå. I tillegg er det presentert gjennomsnitt og standardavvik (spreiing) for dei ulike prøvene. Resultata blir offentleggjorde fortløpande etter kvart som Utdanningsdirektoratet har behandla og kvalitetssikra dei.
Skalaen og beskrivingane av meistringsnivåa skal kunne brukast i dialog mellom skoleeigaren og skolen og mellom lærarar og skoleleiarar. I tillegg skal skalaen liggje til grunn for oppfølging av resultata og for tilbakemelding til elevar og føresette frå lærarane. Dessutan vil det vere naturleg at resultata blir presenterte og analyserte i rapporten frå skoleeigaren om tilstanden i skolane, jf.opplæringslova § 13-10 andre ledd.
Skalaen er utforma på same måten for dei ulike prøvene, og har tre nivå for 5. steget og fem nivå for 8. steget. Elevane blir fordelte på dei ulike meistringsnivåa etter poengsummen sin på prøvene. Kvart nivå på skalaen har ein tekst som beskriv kva som kjenneteiknar ferdigheitene til elevar på dette meistringsnivået. Føremålet med denne teksten er å gi informasjon om kva resultata til elevane på prøvene inneber, og gi eit utgangspunkt for oppfølging avresultata/elevane. Desse beskrivingane ligg i rettleiingane :
www.udir.no/nasjonaleprover.
Gjennomsnitt og standardavvik
I tillegg til å fordele elevar på ulike meistringsnivå på skalaen blir resultata presenterte ved hjelp av gjennomsnitt og standardavvik (standardavvik gjeld rapportar i Skoleporten).
Gjennomsnitt
Gjennomsnittet viser gjennomsnittleg meistringsnivå for det aktuelle utvalet av elevar, dvs. forfylke, kommune eller skole.
Gjennomsnittet er berekna ved å:
a) multiplisere talet på elevar på kvart meistringsnivå med nivånummeret (1-5), og deretter b) summere produkta frå punkt ”a” og dividere med summen av elevar på alle meistringsnivåa.
Døme:
Dersom ei gruppe elevar har 15 elevar og tre elevar på kvart meistringsnivå, 1 til 5, gongar ein 3 elevar med dei ulike meistringsnivåa, høvesvis 1 til 5, og summerer desse tala. Det blir 45. Dette talet skal delast på talet på elevar, 15. Det blir 3, altså er gjennomsnittleg meistringsnivå 3.
(1*3) + (2*3) + (3*3) + (4*3) + (5*3) = 3
Standardavvik
Standardavviket er eit mål for spreiinga i resultata for ei gruppe elevar. Standardavviket viser kormykje ein serie med resultat for ei gruppe elevar (skole, kommune etc.) avvik frå gjennomsnittet for gruppa. Sjølv om to kommunar har det same gjennomsnittet, kan standardavviket likevel vere forskjellig, fordi den eine kommunen til dømes har fleire elevar enn den andre på lågaste og høgaste meistringsnivå, men færre i midten. Standardavviket er presentert som eit tal frå 0,0 og oppover. Eit lågt tal inneber at det er lita spreiing i elevresultata i den gruppa det gjeld. Det vil seie at elevane fordeler seg lite ut over skalaen, og at det er mange som presterer rundt gjennomsnittet. Eit høgt tal viser at det er stor spreiing i elevresultata og dermed stort avvik frå gjennomsnittet.
Tolking av resultata frå nasjonale prøver
I 2007 vart prosentfordelinga mellom dei ulike meistringsnivåa fastsett på bakgrunn av innhaldet i meistringsbeskrivingane og statistiske analysar. Kvart år blir poenggrensene fastsette med utgangspunkt i at dei på nasjonalt nivå skal gi tilnærma same gjennomsnitt og fordeling på nivåa som i 2007. Bakgrunnen for dette er å gi best mogleg samanlikningsgrunnlag for lokalt nivå.
Samanlikning av resultata innan same året
Skolar, kommunar og fylke kan vurdere eigne resultat på dei ulike prøvene ved å samanlikne eiga fordeling på meistringsnivå, gjennomsnitt og standardavvik med nasjonalt nivå. Til dømes kan ein samanlikne eiga fordeling på meistringsnivåa med den fastsette fordelinga på nasjonalt nivå. Har ein til dømes ein større del av elevar på meistringsnivå 1 for enkelte av prøvene enn landet som heilskap har? I Skoleporten kan ein få ei oversikt over fordelinga av kjønn på dei ulike meistringsnivåa. Dette gjer det mogleg å samanlikne kjønnsfordelinga på ulike meistringsnivå for eiga gruppe med kjønnsfordelinga på nasjonalt nivå, og for dei ulike prøvene. Vidare kan ein sjå på om gjennomsnittet for eiga gruppe (skole, kommune eller fylke) er høgare eller lågare enn det nasjonale gjennomsnittet, og om dette eventuelt varierer mellom dei ulike prøvene. I tillegg vil det å sjå på standardavviket for dei ulike prøvene opp mot standardavviket for nasjonalt nivå gi informasjon om spreiinga i resultata til elevane i eiga gruppe er større eller mindre enn ho er for nasjonalt nivå. Når ein samanliknar gjennomsnittet for eiga gruppe elevar med andre grupper (til dømes for nasjonalt nivå), er det viktig å ta omsyn til talet på elevar som gruppa representerer. I små utval (til dømes skolar eller små kommunar) vil nokre få elevar kunne gi store utslag på gjennomsnittet. Når det gjeld samanlikning av gjennomsnitt mellom dei ulike prøvene, må ein i tillegg ta omsyn til at på 8. steget er gjennomsnittet på nasjonalt nivå for engelsk litt lågare ennpå dei to andre prøvene.
I tillegg kan ein samanlikne gjennomsnitt, standardavvik og fordeling på meistringsnivåa på til dømes eigen skole eller i eigen kommune med andre skolar/kommunar. Skoleeigaren kan mellom anna bruke oversikt over fordelinga på meistringsnivåa for dei ulike skolane i eigen kommune, jf. rapport NP04 i PAS.
Samanlikning av resultata mellom 8. og 9. steget i same året
Elevane på 8. og 9. steget gjennomfører den same nasjonale prøva. Skolar, kommunar og fylke kan dermed samanlikne resultata for 8. steget med resultata for 9. steget i same året. Her er det relevant å samanlikne gjennomsnitt, standardavvik og fordeling på meistringsnivå. Ved å sjå på standard avviket får ein informasjon om spreiinga i resultata. Eit høgt standardavvik, over 1, viser at det er elevar på alle meistringsnivåa. I Skoleporten kan ein få ei samanstilling av fordelinga på meistringsnivåa på 8. og 9. steget. Her kan ein sjå på skilnader i fordelinga på meistringsnivåa. Vidare kan ein sjå på skilnadene mellom 8. og 9. steget samanlikna med kommune- og fylkesnivå, og med nasjonalt nivå. Her kan ein til dømes sjå om det er større skilnad mellom 8. og 9. steget på skolen enn på landsbasis.
Internt på skolen kan ein sjå på gjennomsnittet for 8. og 9. steget. I nokre tilfelle vil gjennomsnittet for 8. og 9. steget vere likt eller liggje nær kvarandre. I slike tilfelle vil det vere relevant å sjå på fordelinga på meistringsnivåa og standardavviket.
For store utval er det forventa at 9. steget vil gjere det betre enn 8. steget. Dette kan derimot vere annleis når det gjeld små utval. Ved små utval må ein vere varsam med samanlikninga fordi enkeltelevar kan gi store utslag.
Samanlikning av resultata frå 8. i fjor til 9. steget i år
Nasjonale prøver blir kvart år utvikla ut frå det same rammeverket, og prøvene har same vanskegrad og omtrent same fordeling mellom lette, middels og vanskelege oppgåver. Innhaldet i prøvene er relativt konstant. Til dømes vil nasjonale prøver i lesing ha minst éin fagtekst, éin skjønnlitterær tekst og éin samansett tekst, og nasjonale prøver i rekning vil omhandle delområda tal, måling og statistikk. Dette gjer det mogleg å samanlikne resultata frå 9. steget i år med deira resultat frå nasjonale prøver i fjor da dei gjekk på 8. steget. Her kan det vere relevant å sjå på gjennomsnittet, standardavviket og den prosentvise fordelinga på meistringsnivåa på 8. samanlikna med 9. steget. Her kan ein til dømes sjå om gjennomsnittet blir betre, om fordelinga på meistringsnivåa endrar seg. Om standardavviket blir lågare og om elevane på dei lågaste meistringsnivåa gjer det betre på 9. steget enn på 8. steget.
Ved analyse av resultatutviklinga til enkeltelevar vil det vere føremålstenleg å rekne om elevane sin poengsum på prøva i år og prøva i fjor til prosent av toppskår, og på den måten sjå kor mange prosentpoeng betre – eller dårlegare – elevane er på 9. steget enn på 8. steget. Mykje informasjon går tapt dersom ein utelukkande studerer endringar i meistringsnivåa. Til dømes kan ein elev som på 8. steget låg lågt på meistringsnivå 3, ha utvikla leseferdigheitene sine monaleg, men likevel berre hamne høgt på det same meistringsnivået på prøva på 9. steget. Ein elev som låg høgt på meistringsnivå 3 på 8. steget, kan ha klatra opp til ei svak plassering på meistringsnivå 4 på prøva på 9. steget, men leseferdigheitene til eleven kan i praksis berre ha endra seg svært lite.
Dersom gjennomsnittet og standardavviket ikkje endrar seg frå 8. steget til 9. steget, er det viktig å spørje seg om det er nokon klare grunnar til at det skal vere slik. For små utval (ein skole eller ein liten kommune) vil det vere større variasjon i resultata enn for store utval, mellom anna fordi elevgrunnlaget endrar seg frå år til år. Nokre få elevar med veldig svake eller sterke resultat kan gi stort utslag for resultata til skolen som heilskap. Resultata i små utval vil i større grad bli påverka av tilfeldige hendingar enn i større utval. All samanlikning av resultata frå eit år til eit anna på lokalt nivå må ein derfor relatere til det skolen elles veit om elevane og andre forhold som har noko å seie for resultata.
Skolar som ønskjer å tolke resultatutviklinga frå åttande til niande steget for enkeltklassar eller -grupper, bør vere merksame på faren for feiltolkingar. Følgjande spørsmål kan vere naturlege å stille:
- Rommar skolen, klassen eller gruppa dei same elevane i 2010 som i 2009?
- Fekk nokon av elevane fritak frå prøva i det eine året, men ikkje i det andre?
- Var nokon av elevane hindra frå å ta prøva på grunn av sjukdom eller permisjon?
- Vart retningslinjene for prøva følgde på ein god måte både i 2009 og 2010?
- Kan forhold ved prøveavviklinga ha påverka motivasjonen i klassen for dei to leseprøvene?
Samanlikning av skoleresultata frå år til år
Skolar, kommunar og fylke kan samanlikne årets resultat med resultata frå tidlegare år opp mot nasjonalt nivå. Når ein skal samanlikne resultata for eiga gruppe frå eit år til eit anna, er det først og fremst relevant å sjå på om gjennomsnittet for eiga gruppe er blitt høgare eller lågare enn i førre året samanlikna med gjennomsnittet på nasjonalt nivå. Ein kan òg samanlikne fordelinga på meistringsnivåa for eiga gruppe med den fastsette fordelinga på nasjonalt nivå og sjå korleis dette har endra seg frå år til år. Når ein vurderer endring i fordelinga på nivåa, må ein likevel ta omsyn til at det for heile landet er noko ulik fordeling på meistringsnivåa frå år til år.
Det er viktig å vere klar over at det for små utval (ein skole eller ein liten kommune) kan vere stor variasjon i resultata frå eit år til eit anna, mellom anna fordi elevgrunnlaget endrar seg frå år til år. Nokre få elevar med veldig svake eller sterke resultat kan gi stort utslag for resultata til skolen som heilskap. Resultata i små utval vil i større grad bli påverka av tilfeldige hendingar enn i større utval. All samanlikning av resultata frå eit år til eit anna på lokalt nivå må dermed relaterast til det skolen elles veit om elevane og andre forhold som har noko å seie for resultata.
Når ein vurderer endring i resultata frå eit år til eit anna, er det òg relevant å sjå på den delen av elevane som har fått fritak på prøvene. Dersom til dømes talet på fritak i ein kommune er høgare enn det var året før, kan dette vere ei forklaring på at resultata eventuelt er noko betre.
Dersom gjennomsnittet eller avstanden mellom eiga fordeling på meistringsnivåa og den nasjonale fordelinga endrar seg frå eit år til eit anna, bør ein vurdere og dokumentere kva endringane kjem av. Er det rimeleg å forklare dei med ulikskap i elevsamansetjinga, eller kan dei knytast til forhold ved opplæringa ved skolen eller til rammevilkåra? Slike analysar av resultata kan danne grunnlag for å vurdere forhold knytte til opplæringa, både på skole- og kommunenivå.
Det er likevel viktig å vere varsam når det gjeld kva for konklusjonar ein trekkjer basert på samanlikning av resultata frå eit år til eit anna. Til dømes er ikkje prøvene like frå år til år og har ikkje nøyaktig same fordeling av lette og vanskelege oppgåver. I tillegg er det slik at sjølv om nasjonale prøver har høg reliabilitet, er det likevel knytt ei viss usikkerheit til resultata. Det inneber at ein kunne ha fått eit litt anna resultat med nokre andre oppgåver. Resultata bør følgjast opp over lengre tid, for med auka sikkerheit å kunne seie at det skjer ei endring.
Spørsmål og svar om tolking av resultata
Her er nokre eksempel på vanlege spørsmål om resultata frå nasjonale prøver og korleis dei kan tolkast.
- Dersom eit fylke har eit gjennomsnitt på 2,1 i rekning og 2,2 i lesing, vil det seie at elevane i fylket er flinkare til å lese enn å rekne? Svar: Ja, sett opp imot landsgjennomsnittet kan vi hevde det (i dei innhaldselementa vedrekning og lesing som blir målte i nasjonale prøver).
- Dersom kommune A får 2,3 i gjennomsnitt på prøva i engelsk, og kommune B får 2,1 igjennomsnitt på den same prøva, kan ein da seie at elevane i kommune A er flinkare i engelsk enn elevane i kommune B? Svar: Ja, i gjennomsnitt er dei det (i dei innhaldselementa ved engelsk som blir målte i nasjonale prøver).
- I 2008 fikk skole A ingen elevar på nivå 3 i lesing på 5. steget, mens i år fekk den same skolen 16 % elevar på dette nivået. Inneber dette at ein kan seie at elevane på skolen har blitt flinkare til å lese? Svar: Nei, det er ikkje dei same elevane som blir testa. Skolen har nokre fleire elevar på nivå 3 enn i fjor, men dette resultatet må ein sjå i samanheng med resultata på nasjonalt nivå. Det kan hende at desse resultata har endra seg på same måte som på skole A.
- Dersom eit fylke har 0,1 høgare gjennomsnitt på prøva i rekning på 5. steget i 2009 enn i 2008, vil det seie at elevane i fylket har blitt flinkare til å rekne? Svar: Ja, det er naturleg å registrere dette som ein svak positiv trend for rekneferdigheita, definert slik ho er målt ifølgje rammeverket for prøva, for dette årskullet samanlikna med førre året. For eit heilt fylke blir elevtalet høgt nok til at vi kan gå ut frå det. Vi samanliknar altså med landsgjennomsnittet, og vi går ut frå at dette endrar seg svært lite frå år til år.
- Dersom gjennomsnittet for rekning i eit fylke held fram å auke 0,1 i 2010 og 0,1 i 2011, kan vi da med sikkerheit seie at elevane har blitt flinkare til å rekne? Svar: Det er naturleg å sjå dette som ein klar positiv trend for fylket. Vi må da gå ut frå at gjennomsnittet for landet er det same også i dei to kommande åra. Over fleire år er det elles mogleg at den gjennomsnittlege ferdigheita/kompetansen for elevar i heile landet endrar seg, så det er grunn til å vere varsam med å tolke framgang i resultat som anna enn framgang samanlikna med landsgjennomsnittet.
- På vår skole skårar 9. steget 0,2 meistringsnivå betre enn 8. steget. På landsbasis er denne skilnaden 0,4 meistringsnivå. Korleis skal vi tolke eit slikt resultat? Svar: Framgangen for 9. steget på dykkar skole var for dykk noko lågare enn for landsgjennomsnittet. Dersom dette er ein liten skole, kan det vere variasjonar i elevgrunnlaget som speler inn. De kan til dømes sjå på om 8. steget gjer det betre enn landsgjennomsnittet. Vidare kan de sjå på standardavviket og fordelinga på meistringsnivåa. Dersom standardavviket er mindre på 9. steget enn på 8. steget, kan dette tyde på at elevane på 9. steget kan vere jamt gode.
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
Nasjonale prøver er ein del av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS). Det overordna målet for dette er å medverke til kvalitetsutvikling på alle nivå i grunnopplæringa med tanke på tilpassa opplæring og auka læringsutbytte for den enkelte eleven. Kvalitetsvurderingssystemet skal i tillegg til dette danne grunnlag for lokalt vurderings- og utviklingsarbeid gjennom at skoleeigaren og skoleleiaren legg til rette for vurdering og oppfølging av resultata.
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet består av ulike element:
- Nasjonal kartlegging av læringsmiljø, læringsutbytte, ressursar og gjennomføring i vidaregåande opplæring
- Synleggjering av data og resultat på lokalt og nasjonalt nivå på Skoleporten
- Bruk av dei nasjonale prøvene saman med andre verktøy i vurderingar av tilstanden på nasjonalt og lokalt nivå
- Deltaking i internasjonale, komparative undersøkingar
- Iverksetjing av tiltak baserte på vurderingane
- Tilgang på nødvendig støtte og rettleiing for skoleeigarar og skolar
- Statleg tilsyn med grunnopplæringa
Skoleeigaren og skoleleiinga har ansvar for at den lokale vurderinga blir gjennomført i tråd med forskrifta til opplæringslova kapittel 2 og 3 og forskrifta til privatskolelova kapittel 2 og 3.
Skoleeigaren si vurdering av kvaliteten på opplæringa skjer ut frå ei heilskapsvurdering der mange element og resultat kan inngå. Resultata frå nasjonale prøver inngår i ei slik vurdering. Dette vil vere ein viktig indikator på kvaliteten. Likevel kan ikkje resultata frå nasjonale prøver stå åleine når ein skal vurdere kvaliteten på opplæringa. Mellom anna omfattar ikkje nasjonale prøver alle kompetansemåla i læreplanane (LK06). Nasjonale prøver er derfor eit innspel til den analysen skoleleiinga og skoleeigaren gjer av verksemda, og kan brukast i styringsdialogen mellom skolen og skoleeigaren.
For å utvikle ein lærande organisasjon og best mogleg læring for den enkelte eleven, bør arbeidet med kvalitet involvere heile organisasjonen. Elevar og føresette bør trekkjast inn i arbeidet når det er relevant. Når skoleeigaren skal arbeide strategisk med resultat og annan dokumentasjon for å vurdere tilstanden i opplæringa, og vidare utarbeide strategi- og utviklingsdokument, finst det ikkje eitt svar eller éi oppskrift på korleis ein skal gjere dette. Dette kjem mellom anna an på politisk og kommunal organisering, storleik og mengd, plassering og andre lokale og administrative faktorar. Skoleeigarar må sjølve finne sin måte å etablere sitt administrative system på, og korleis dei skal drive si kvalitetsvurdering/-sikring. I opplæringslova § 13-10 og privatskolelova § 5-2 er det definert kva for ansvar skoleeigaren/styret har for å systematisere og rapportere om tilstanden i skolen(-ane). I denne rapporteringa vil det vere naturleg å integrere resultat frå nasjonale prøver.
Analysearbeid som strategiarbeid
Systematisk analysearbeid av eige verksemdsområde gir eit godt grunnlag for å gjennomføre strategiarbeid. For å utvikle ein velfungerande strategi med tilhøyrande plandokument er det nødvendig at skoleeigaren og skoleleiinga har eit bilete av dagens situasjon innafor eige verksemdsområde. Kvar står vi faktisk i dag? Har vi dokumentasjon på situasjonen? Har vi ein klar ambisjon om kvar vi vil? Mange spørsmål melder seg idet ein set i gang eit strategisk analysearbeid. Som utgangspunkt for analyseprosessen må ein stille seg kritisk til eigne data og sjå ulike data i samanheng. Her er eit knippe tips, verktøy og spørsmål ein kan stille seg i analysearbeidet:
- Gjennomfør Utdanningsdirektoratets ståstadsanalyse (utarbeidd for skolenivå). Informasjon om verktøyet finst i brosjyren ”Ståstedsanalysen – hvilken vei skal vi velge?” http://udir.no/upload/Brosjyrer/stastedsanalysen_kfoth.pdf
- Samanlikn resultat som handlar om same fenomen, men som stammar frå ulike undersøkingar. Stør resultata kvarandre eller motseier dei kvarandre?
- Diskuter kva som er eit godt resultat i eige verksemdsområde. Fleire tilhøve speler inn når vi skal vurdere om eit resultat er tilfredsstillande eller ikkje. Dei oppnådde resultata må vurderast opp mot målsetjingar som er definerte i lov, forskrift og læreplan. Vidare må resultata vurderast i lys av dei lokale måla og tiltaka som skoleeigaren og skolen har definert og sett i verk. På nokre av områda gjer Skoleporten det mogleg å sjå endring av resultat på det same området over tid.
- Samanlikning av resultata med andre skolar kan òg vere nyttig. Skoleporten gjer ei slik samanlikning mogleg. Kor viktige dei ulike resultata i Skoleporten er, vil vere avhengig avbåde nasjonale og lokale prioriteringar og av situasjonen lokalt. Det er likevel viktig å ta omsyn til dei lokale tilhøva ved både eigen skole og dei skolane ein samanliknar seg med. Lokale tilhøve inneber alle tilhøva som kan tenkjast å påverke resultata, til dømes geografisk plassering, sosioøkonomiske tilhøve, skolestorleik, lærartettleik og elevsamansetjing ved skolen.
- Indikatorar på undervisningskvalitet kan vere opplysningar om resultat (output), men òg opplysningar om ressursar, rammevilkår og prosessar (input) kan vere vesentlege indikatorar for undervisningskvalitet, når dei blir vurderte i samanheng med resultata som er oppnådde på dei nasjonale prøvene.