Resultata frå nasjonale prøver er presenterte i ei rad rapportar som skoleleiinga og skoleeigaren har tilgang til på Skoleporten og i PAS. Nedanfor finn du ei oversikt.
- Artikkel
-
Publisert: 18.10.2011
Om rapportar i Skoleporten og i PAS
Skoleporten er eit verktøy for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa. Skoleporten er tilgjengeleg på www.udir.no/skoleporten, der òg brukarrettleiingar for Skoleporten ligg. Målet med Skoleporten er at skolar, skoleeigarar, foreldre, elevar og andre interesserte skal få tilgang til relevante og pålitelege nøkkeltal for grunnopplæringa.
PAS er Utdanningsdirektoratets system for administrasjon av sentralt gitte prøver. Det vil seie nasjonale prøver og eksamen. PAS er tilgjengeleg på www.udir.no/nasjonaleprover. Når prøvene er gjennomførte, og resultata registrerte, vil skoleeigaren, skoleleiaren og lærarane kunne henta ut ulike rapportar frå PAS.
Dei to systema (Skoleporten og PAS) har noko ulik rapportfunksjonalitet. I Skoleporten kan ein hente ut rapportar som viser resultatet frå nasjonale prøver frå år til år. I PAS er berre resultata frå inneverande år tilgjengelege. I arbeidet med kvalitetsutvikling kan skolane og skoleeigaren bruke rapportane frå begge systema.
Rapportane gir skoleeigaren høve til å følgje med på resultata for kvar enkelt skole i kommunen, omfanget av fritak på prøvene eller ikkje delteke, og korleis resultata for kommunen som heilskap og for dei enkelte skolane utviklar seg. Rapportane inneheld informasjon som kan støtte skoleeigaren og skoleleiinga i arbeidet med å vurdere og følgje opp resultata.
Utdanningsdirektoratet offentleggjer resultata frå kommunenivå, fylkesnivå og nasjonalt nivå, men ikkje for den enkelte skolen. I PAS og på den pålogga delen av Skoleporten har skoleeigarar tilgang til resultata for alle skolane i sitt skoleeigarområde.
Resultatrapportar i PAS
Tilgangen til informasjon i PAS er rollestyrt. Det inneber at ulike typar roller har tilgang til ulik type informasjon og ulike typar rapportar.
Oversikt over tilgang i PAS:
| Rapport |
Systemadministrator (Udir)
| Fylkesmann | Skoleeigar | Skoleadministrator | Lærar |
|
NP01 Rett/gale
per oppgåve og totalt
per elev gruppevis
(ikkje meistringsnivå)
|
Alle |
Ingen |
Ingen |
Alle elevane på
eigen skole
|
Alle
elevane i
gruppene
til læraren
|
|
NP02
Meistringsnivå
per skole
NP02
Meistringsnivå per skole
|
Ingen |
Ingen |
Alle skolane
tilhøyrande
skoleeigaren
|
Eigen skole |
Eigne grupper |
|
NP03
Meistringsnivå per skole
samanlikna med
kommune, fylke og nasjon
|
Ingen |
Ingen |
Alle skolane
tilhøyrande
skoleeigaren
|
Eigen skole |
Eigne grupper |
|
NP04 Resultat for
alle kommunar
(kan
offentleggjerast)
|
Alle kommunar |
Alle kommunar |
Alle kommunar |
Alle kommunar |
Alle kommunar |
|
NP06 Aggregert
svar fordeling per
oppgåve
|
Nasjonalt |
Ingen |
Totalt for
skoleeigaren
|
Totalt per gruppe
på eigen skole
|
Eigne grupper |
|
NP07 Aggregert
fordelt på
meistringsnivå
|
Nasjonalt, fordelt
på fylke
|
Eige fylke,
fordelt på
kommunar
|
Eigen kommune
fordelt på skolar
|
Ingen |
Ingen |
|
NP08
Melding til
elev (med meistringsnivå)
|
Ingen |
Ingen |
Ingen |
Alle
elevane på
eigen skole
|
Alle elevane
i gruppene
til læraren
|
Brukarrettleiinga for skoleeigarar og skoleleiarar til PAS er lagt ut på
www.udir.no/nasjonaleprover.