Informasjon om nasjonale prøver.
Til foreldre som har barn på 5., 8. og 9. trinn.
- Brosjyre
-
Publisert: 10.08.2011
Kva er nasjonale prøver, og kvifor har vi nasjonale prøver?
Kva er nasjonale prøver,
og kvifor har vi nasjonale prøver?
Nasjonale prøver skal vurdere i
kva grad skolen lykkast med å
utvikle elevane sine grunnleggjande
ferdigheiter i lesing og rekning og i
delar av faget engelsk.
I læreplanen er dei grunnleggjande
ferdigheitene definerte som å kunne:
• uttrykkje seg munnleg
• uttrykkje seg skriftleg
• lese
• rekne
• bruke digitale verktøy
Desse ferdigheitene er viktige for
læring og utvikling i alle fag og har
mykje å seie for korleis elevane klarer
seg på skolen, og seinare i livet.
Prøvene i rekning og lesing er ikkje
prøver i faga norsk og matematikk, men
i lesing og rekning som grunnleggjande
ferdigheiter på tvers av fag. Prøvene i
engelsk er knytte til kompetansemåla
berre i eitt fag – engelsk – og oppgåvene
fokuserer på leseforståing,
ordforråd og grammatikk.
Skolen må sjå på informasjonen frå
prøvene i samanheng med annan
informasjon om elevane. Prøvene skal
komme til nytte for utviklinga til den
enkelte eleven i samarbeid mellom
lærar, elev og føresette.
Resultata frå prøvene vil gje
informasjon som skolar, kommunar
og sentrale styresmakter skal bruke i
arbeidet med å forbetre kvaliteten på
opplæringa.
Kven skal gjennomføre prøvene,
og kva for prøver skal elevane ta?
Nasjonale prøver skal gjennomførast
på 5., 8. og 9. steget. Hovudregelen
er at prøvene er obligatoriske for alle
elevane. Det er avgrensa høve til
fritak, jf. forskrifta til opplæringslova.
Fritak kan gjevast for
- elevar med rett til spesialundervisning
eller elevar med rett til
særskild språkopplæring,
og der det samtidig
- er klart at prøvene ikkje vil ha mykje
å seie for opplæringa.
Sjølv om ein elev har rett til fritak, kan
eleven sjølv eller dei føresette likevel
bestemme at eleven skal gjennomføre
prøva.
Elevar på 5. og 8. steget skal
gjennomføre nasjonale prøver i lesing,
rekning og engelsk. Elevar på 9.
steget skal gjennomføre nasjonale
prøver i lesing og rekning. Desse
prøvene er dei same som prøvene
for 8. steget.
Prøvene i engelsk og rekning er
elektroniske prøver. Prøvene i lesing
skal gjennomførast på papir.
Kva slags oppgåver skal elevane
løyse?
Prøvene består av fleirvalsoppgåver
og opne oppgåver. På opne oppgåver
skal elevane svare med eigne ord eller
med tal, mens fleirvalsoppgåver vil
seie at eleven skal velje eitt av fleire
svaralternativ.
Resultata frå prøva skal kunne
gje informasjon om elevar på alle
ferdigheitsnivåa. Prøvene er derfor
sette saman av lette, middels og
vanskelege oppgåver.
På www.udir.no er det eksempel på
oppgåvetypane som blir brukte i dei
nasjonale prøvene. Her er det òg
tidlegare elektroniske prøver i engelsk
og rekning.
Kven får tilgang til resultata?
Eleven og foreldra skal få tilbakemelding
frå læraren når resultata frå
prøvene er klare.
Utdanningsdirektoratet legg ikkje
til rette for offentleggjering av
resultata på skolenivå. Resultata
for kommunane og fylka vil bli
offentleggjorde på:
www.skoleporten.udir.no
Resultata for skolen vil vere tilgjengelege
for rektor og skoleeigaren
(kommunen). Desse resultata skal
brukast i arbeidet med å gjere
kvaliteten på opplæringa betre.
Lærara og skolen har teieplikt om
resultata til den enkelte eleven.
Lurer du på noko?
Ta kontakt skolen din.
Les meir på:
www.udir.no/nasjonaleprover
Prøvene skal gjennomførast frå veke
37 til veke 45.
Elevar som ikkje har høve til å
gjennomføre nasjonale prøver på den
oppsette prøvedagen, skal få tilbod
om å gjennomføre prøva seinare.
Nasjonale prøver skal vurdere i kva grad skolen lykkast med å utvikle elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av faget engelsk. I læreplanen er dei grunnleggjande ferdigheitene definerte som å kunne:
- uttrykkje seg munnleg
- uttrykkje seg skriftleg
- lese
- rekne
- bruke digitale verktøy
Desse ferdigheitene er viktige forlæring og utvikling i alle fag og har mykje å seie for korleis elevane klarer seg på skolen, og seinare i livet.
Prøvene i rekning og lesing er ikkje prøver i faga norsk og matematikk, men i lesing og rekning som grunnleggjande ferdigheiter på tvers av fag. Prøvene i engelsk er knytte til kompetansemåla berre i eitt fag – engelsk – og oppgåvene fokuserer på leseforståing, ordforråd og grammatikk.
Skolen må sjå på informasjonen frå prøvene i samanheng med annan informasjon om elevane. Prøvene skal komme til nytte for utviklinga til den enkelte eleven i samarbeid mellom lærar, elev og føresette.
Resultata frå prøvene vil gje informasjon som skolar, kommunarog sentrale styresmakter skal bruke i arbeidet med å forbetre kvaliteten på opplæringa.
Kven skal gjennomføre prøvene, og kva for prøver skal elevane ta?
Nasjonale prøver skal gjennomførast på 5., 8. og 9. steget. Hovudregelen er at prøvene er obligatoriske for alle elevane. Det er avgrensa høve tilfritak, jf. forskrifta til opplæringslova.
Fritak kan gjevast for
- elevar med rett til spesialundervisningeller elevar med rett til særskild språkopplæring,
og der det samtidig
- er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa.
Sjølv om ein elev har rett til fritak, kan eleven sjølv eller dei føresette likevel bestemme at eleven skal gjennomføre prøva. Elevar på 5. og 8. steget skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Elevar på 9.steget skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing og rekning. Desse prøvene er dei same som prøvene for 8. steget.
Prøvene i engelsk og rekning er elektroniske prøver. Prøvene i lesing skal gjennomførast på papir.
Kva slags oppgåver skal elevane løyse?
Prøvene består av fleirvalsoppgåver og opne oppgåver. På opne oppgåver skal elevane svare med eigne ord eller med tal, mens fleirvalsoppgåver vil seie at eleven skal velje eitt av fleire svaralternativ. Resultata frå prøva skal kunne gje informasjon om elevar på alle ferdigheitsnivåa. Prøvene er derfor sette saman av lette, middels og vanskelege oppgåver.
På www.udir.no er det eksempel på oppgåvetypane som blir brukte i dei nasjonale prøvene. Her er det òg tidlegare elektroniske prøver i engelsk og rekning.
Kven får tilgang til resultata?
Eleven og foreldra skal få tilbakemelding frå læraren når resultata frå prøvene er klare. Utdanningsdirektoratet legg ikkje til rette for offentleggjering av resultata på skolenivå. Resultata for kommunane og fylka vil bli offentleggjorde på: http://skoleporten.udir.no
Resultata for skolen vil vere tilgjengelege for rektor og skoleeigaren (kommunen). Desse resultata skal brukast i arbeidet med å gjere kvaliteten på opplæringa betre.
Lærara og skolen har teieplikt om resultata til den enkelte eleven.
Lurer du på noko?
Ta kontakt skolen din. Les meir på: www.udir.no/nasjonaleprover
Prøvene skal gjennomførast frå veke 37 til veke 45.
Elevar som ikkje har høve til å gjennomføre nasjonale prøver på den oppsette prøvedagen, skal få tilbod om å gjennomføre prøva seinare.
Oversikt over gjennomføring av prøvene:
| Veke: | Dato: | Prøve og steg: | Prøvetype: |
| 37 |
Onsdag 14. september |
Lesing 5., 8. og 9. steget |
Papirprøver |
| 38 |
19. - 24. september |
Engelsk 5. steget |
Elektronisk prøve |
| 39 |
26. september - 1. oktober
|
Engelsk 8. steget |
Elektronisk prøve |
| 42 |
17. - 22. oktober |
Rekning 5. steget |
Elektronisk prøve |
| 43 og 44 |
24. oktober - 5. november |
Rekning 8. og 9. steget |
Elektronisk prøve |
Prøvetida for lesing og rekning er 90 minutt, mens prøvetida for engelsk er 60 minutt.