Eksempeloppgåver og tidligare oppgåver engelsk

Hovedinnhold

Kva prøva måler, beskriving av meistringsnivå, elektroniske eksempeloppgåver og tidlegare nasjonale prøver i engelsk for 5. og 8. årssteget.

  • Artikkel
  • Publisert: 06.05.2010
  • Sist endret: 17.07.2014

Læreplan

Kva måler nasjonal prøve i engelsk?

Nasjonal prøve i engelsk skal vurdere i kva grad elevane på 5. og 8. trinn har ferdigheiter i engelsk som er i samsvar med noen av kompetansemåla i læreplanen i engelsk under hovedområda språklæring og skrifteleg kommunikasjon. Kompetansemåla for opplæringa er utvikla med tanke på områda Språklæring, Munnleg kommunikasjon, Skriftleg kommunikasjon og Kultur, samfunn og litteratur. Prøven måler kompetansemål i læreplanen som handlar om generell leseforståing, vokabular og grammatikk.

Generell leseforståing inneber:

  • å kunne finne relevant informasjon
  • å forstå hovudinnhald og nokre detaljar
  • å kople informasjon i tekstar
  • å trekkje slutningar (berre 8. trinn)

Dette betyr at det ikkje er nok berre å kjenne att enkelte ord.

Å beherske vokabular inneber:

  • å forstå kva enkelte ord og faste uttrykk betyr ut frå samanhengen. 

Her er det snakk om leksikalske ord (for eksempel house, run, sad) heller enn funksjonsord som er meir knytt til grammatikk.

Å beherske grammatikk inneber å forstå

  • setningsstruktur
  • ordformer
  • funksjonsord

Elevar på 5. trinn må ikkje skrive sjølve på prøva, men dei må likevel vise at dei forstår grunnleggjande grammatiske strukturar gjennom oppgåvene som måler grammatikk. Elevar på 8. trinn må i nokre oppgåver skrive frå eitt til fire ord for å fullføre setningar.

Oppgåvene i prøva er utforma for å dekkje alle desse ferdigheitene. Det er likevel viktig å vere klar over at i mange tilfelle blir fleire ferdigheiter målt samtidig. I korte tekstar for dei yngste vil det til dømes ofte vere vanskeleg å skilje mellom å forstå hovudinnhald og detaljar. I slike tilfelle er det viktig å forstå detaljane (orda) for å forstå hovudinnhaldet. I andre tilfelle kan det vere viktig å kople informasjon for å forstå hovudinnhald eller detaljar.

Meir om Nasjonal prøve i engelsk

Elektronisk prøve

Prøva er elektronisk og blir skåra automatisk. Elevane svarer ved å klikke på rett svar/ord/namn, klikke og dra objekt til rett stad. Elevar på 8. trinn må i tillegg skrive enkeltord og fullføre setningar.

Tid

60 minutt

Teksttypar

Brev, beskriving, forteljing, faktatekst, nyheitsmelding, bok- eller filmmelding, tabell, kalender

Tema

5. trinn: Tekstane handlar i all hovudsak om det kjende og nære, til dømes heim, skule, fritidsaktivitetar, vener, dyr og så vidare

8. trinn: I tillegg til tema nemnt for 5. trinn: historiske personar, engelskspråkleg kultur og elles tema som er aktuelle i samtida og relevante for aldersgruppa

Tekstlengd

5. trinn: Frå eit par setningar til om lag  250 ord

8. trinn: Frå eit par setningar til om lag 400 ord

Vanskegrad

Det er stor variasjon i vanskegraden oppgåvene har. Dette er avhengig av både tekst og sjølve oppgåva – altså det eleven skal gjere for å finne fram til svaret. Dette betyr at prøva inneheld oppgåver utvikla for elevar på ulike ferdigheitsnivå. Resultata frå dei siste åra viser at gjennomsnittseleven svarer rett på mellom 50% og 60% av oppgåvene i prøva.

Meistringsnivå

Elevane sitt prøveresultat blir plassert på eit meistringsnivå. På 5. trinn er det tre meistringsnivå. Elevar som har svart rett på få oppgåver blir plasserte på mestingsnivå 1, og elevar som har svart rett på dei fleste oppgåvene blir plassert på mestringsnivå 3. På 8. trinn er det fem mestringsnivå, og dei svakaste resultata blir plassert på mestringsnivå 1 og dei sterkaste på nivå 5.

Det er utvikla beskrivingar for kva elevane sannsynlegvis kan på dei ulike mestringsnivåa. Sjå beskrivingane under.

Beskriving av meistringsnivå for Nasjonal prøve i engelsk, 5. trinn

Meistringsnivå 1

Elevane

  • kan forstå nokre konkrete, vanlege ord og uttrykk, til dømes uttrykk for tid.
  • kan finne kjente og konkrete ord i ein tekst.
  • kan følgje korte, klare og enkle instruksjonar.
  • kan kople ein del vanlege og konkrete ord med bilde.
  • kan kople kjente og konkrete ord innanfor same tema, til dømes  fish og aquarium.
  • kan kjenne igjen nokre innlærte grammatiske uttrykk i ein kontekst.

Meistringsnivå 2

Elevane

  • kan forstå nokre vanlege ord og uttrykk.
  • kan forstå nokre enkle setningar.
  • kan kople enkle setningar med bilde.
  • kan kople vanlege ord i ein tekst når dei er innanfor same tema.
  • kan kople enkeltord i ein tekst med t.d. ei enkel beskriving (hat med something for my head).
  • kan finne spesifikke detaljar i ein lengre tekst.
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein enkel tekst.
  • kan finne enkle opplysningar sjølv når det finst noko konkurrerande informasjon i teksten.
  • kan gå fram og tilbake i ein enkel tekst for å finne informasjon.
  • kan kjenne igjen nokre enkle funksjonsord (t.d. but, her, with) og grammatiske strukturar i ein kontekst.

Meistringsnivå 3

Elevane

  • kan forstå ein del mindre vanlege ord og uttrykk.
  • kan få meining ut av ein del komplekse setningar.
  • kan få meining ut av korte og lengre enkle tekstar.
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein tekst.
  • kan finne opplysningar sjølv når det er konkurrerande informasjon i teksten.
  • kan nærlese ein tekst.
  • kan kople enkel informasjon frå ulike delar av ein tekst.
  • kan bruke konteksten for å forstå vanskelege punkt i teksten.
  • kan kjenne igjen grunnleggjande grammatiske strukturar og funksjonsord i ein kontekst.

Beskriving av meistringsnivå for Nasjonal prøve i engelsk, 8. trinn

Meistringsnivå 1

Elevane

  • kan forstå nokre konkrete, vanlege ord og uttrykk.
  • kan finne kjente og konkrete ord i ein tekst.
  • kan følgje korte, klare og enkle instruksjonar.
  • kan kople vanlege og konkrete ord med bilde.
  • kan kople kjente og konkrete ord innanfor same tema, t.d. fish og aquarium.
  • kan kjenne igjen nokre innlærte grammatiske uttrykk og enkle funksjonsord i ein kontekst, til dømes personlege pronomen.

Meistringsnivå 2

Elevane

  • kan forstå ein del vanlege ord og uttrykk.
  • kan forstå enkle setningar.
  • kan kople enkle setningar med bilde.
  • kan kople vanlege ord i ein tekst når dei er innanfor same tema.
  • kan finne spesifikke detaljar i ein lengre tekst.
  • kan finne enkle synonym i ein kort tekst.
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein enkel tekst.
  • kan finne enkle opplysningar sjølv når det er noko konkurrerande informasjon i teksten.
  • kan gå fram og tilbake i teksten for å finne informasjon.
  • kan trekkje enkle slutningar når det er mykje støtte i teksten.
  • kan kjenne igjen og bruke nokre enkle funksjonsord og grammatiske strukturar i ein kontekst.

Meistringsnivå 3

Elevane

  • kan forstå tildels abstrakte og mindre vanlege ord og uttrykk.
  • kan få meining ut av ein del komplekse setningar.
  • kan få meining ut av korte og lengre enkle tekstar.
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein tekst.
  • kan finne opplysningar sjølv når det er konkurrerande informasjon i teksten.
  • kan nærlese ein tekst.
  • kan forstå korleis avsnitta i ein lengre tekst heng saman.
  • kan kople enkel informasjon frå ulike delar av ein tekst.
  • kan bruke konteksten for å forstå vanskelege punkt i teksten.
  • kan trekkje enkle slutningar.
  • kan kjenne igjen og bruke grunnleggjande grammatiske strukturar/funksjonsord i ein kontekst.

Meistringsnivå 4

Elevane

  • har eit ganske breitt vokabular.
  • kan forstå kva ukjente ord tyder ut frå samanhengen.
  • kan forstå ganske komplekse setningar.
  • kan forstå ganske lange og til dels komplekse tekstar.
  • kan kople informasjon frå ulike delar av teksten.
  • kan trekkje slutningar
  • kan velje mellom nokre vanlege grammatiske strukturar/funksjonsord for å uttrykkje seg.

Meistringsnivå 5

Elevane

  • kan bruke lesestrategiar som passar til formålet.
  • har eit ganske breitt og nyansert vokabular.
  • kan forstå komplekse setningar.
  • kan forstå lange og komplekse tekstar.
  • kan lese mellom linjene.
  • kan velje mellom ei rekkje grammatiske strukturar/funksjonsord for å uttrykkje seg.

Førebuing til prøva

Elevane førebur seg til nasjonal prøve i engelsk ved å følgje undervisning som er lagt opp etter kompetansemåla i læreplanen i engelsk.  Når elevane over tid får arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene i engelsk, munnlege ferdigheiter (lytte, tale og samtale) samt å kunne lese, kunne  skrive, kunne rekne og digitale ferdigheiter, førebur dei seg samstundes til  nasjonal prøve i engelsk og andre prøver i faget.

Sidan nasjonal prøve i engelsk måler språkferdigheiter, kan ikkje elevane førebu seg på innhaldet dei blir prøvde i. Likevel er det viktig at dei  kjenner oppgåveformata prøven inneheld. Dette kan dei gjere seg kjent med ved å gjennomgå eksempeloppgåver eller ei tidlegare prøve.  

Eksempeloppgåver i engelsk

Eksempeloppgåvene er ikkje fullverdige prøver, men gir eksempel på oppgåvetyper som brukast. Det finnst ikkje vurderingsveiledningar eller fasitar til eksempeloppgåvene.

Tidligare nasjonal prøve i engelsk