Om kartleggingsprøver i vidaregåande opplæring

Hovedinnhold

Føremålet med kartleggingsprøver er å undersøkje om det er enkeltelevar som treng ekstra oppfølging i ferdigheiter og fag. 

  • Artikkel
  • Publisert: 09.03.2010
  • Sist endret: 07.06.2011

Kvifor har vi kartleggingsprøver?

Prøvene skal kunne gi eit betre fagleg og pedagogisk grunnlag for å organisere opplæringa og tilpasse ho til den enkelte eleven, vurdere om det bør setjast i verk tiltak og vere eit hjelpemiddel i undervegsvurderinga.

Kva testar kartleggingsprøvene?

Kartleggingsprøver er ikkje prøver i fag, men i grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Prøvene tek derfor ikkje berre utgangspunkt i kompetansemåla i norsk og matematikk, men også i andre fag der mål for lesing og rekning er integrerte. Kartleggingsprøvene er laga slik at dei har mange lette oppgåver og få middels eller vanskelege oppgåver. Prøvene har derfor ein såkalla ”takeffekt”. Kartleggingsprøvene fortel på den måten ikkje noko om elevar på ulike ferdigheitsnivå, men gir berre informasjon om kven av elevane som ligg under ei bekymringsgrense. Nasjonale prøver, derimot, gir informasjon om elevane på alle meistringsnivåa.

Kva slags prøver finst det for elevar på Vg1?

I vidaregåande opplæring er det obligatoriske kartleggingsprøver i leseferdigheit og i rekning på Vg1, og ei frivillig prøve i engelsk. Kartleggingsprøvene i engelsk og rekning er elektroniske, mens kartleggingsprøva i lesing skal gjennomførast på papir.

Fritak

Fritak frå kartleggingsprøver gjeld berre for elevar med spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova og for elevar som får særskild språkopplæring etter § 2-8 i opplæringslova, jamfør forskrift til § 2-4 andre ledd i opplæringslova. Dessutan når det er tydeleg at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til elevane.

Sjølv om ein elev har rett til fritak frå ei kartleggingsprøve, vil det i dei fleste tilfella vere slik at lærar og elev kan ha nytte av ei kartlegging nettopp fordi ho skal brukast som grunnlag for eventuelle pedagogiske tiltak.

Korleis blir resultata brukte? 

Resultata frå kartleggingsprøver skal ikkje rapporterast i Utdanningsdirektoratets Prøveadministrasjonssystem (PAS) eller sendast inn til Utdanningsdirektoratet. Grunngivinga for dette er at føremålet med kartleggingsprøvene berre er å gi informasjon om elevar under eller rundt bekymringsgrensa, slik at læraren og skolen kan vurdere om det er behov for å setje i verk spesielle tiltak for desse elevane.

Det er viktig å understreke at kartleggingsprøvene ikkje gir uttømmande informasjon om kompetansen til den enkelte eleven, men resultatet på prøva må ein sjå i samanheng med det lærarane elles veit om ferdigheitene til elevane. Til kvar kartleggingsprøve følgjer det med rettleiingsmateriale som lærarane skal bruke til oppfølging av elevane. Elevar og foreldre skal få tilbakemelding om resultata frå kartleggingsprøvene.

Kartleggingsprøver, nasjonale prøver og internasjonale testar

Kartleggingsprøver skil seg frå dei nasjonale prøvene og internasjonale testar på fleire vesentlege punkt. Dei nasjonale prøvene skal ved sida av å gi informasjon som kan bli brukt i arbeidet med tilpassa opplæring, gi styringsinformasjon til kommunane og skolane. Kartleggingsprøver skal gi informasjon til lærarar og skolar om enkeltelevar som treng spesiell oppfølging. Dei internasjonale testane gir resultat på nasjonalt nivå, og grunnlag for å samanlikne norske elevresultat med resultata til elevar frå andre land. Internasjonale testar er også utvikla for å vurdere endring i ferdigheitene til elevane over tid.

Lukk X

Gi tilbakemelding om denne siden

Takk for hjelpen!

Vi vil gjerne ha din hjelp til å gjøre udir.no bedre. Fant du det du trengte på denne siden? Er den bra eller kan den bli bedre?

Vi kan ikke svare på denne meldingen. Send en e-post til post@utdanningsdirektoratet.no hvis du har spørsmål.

Avbryt Send