Retningslinjer for gjennomføring

Hovedinnhold

Forrige

Sjekkliste over viktige oppgåver for skoleleiaren

Før prøva

  • Kontrollere at kontaktinformasjonen i GSI er rett (adresse og e-postadresse).
  • Gjere seg kjend med kva for obligatoriske prøver som skal gjennomførast når.
  • Bestille frivillige kartleggingsprøver.
  • Informere lærarane om gjennomføringa av kartleggingsprøvene.
  • Syte for at lærarane er kjende med rettleiingsmateriellet.
  • Kontrollere at skolen har fått prøvepakke med rett tal på prøvehefta og i rett målform.
  • Ta vare på brukarnamn og passord som står i følgjebrevet til skoleleiaren. Det blir sendt til skolane saman med prøvehefta.
  • Avklare stad og tidspunkt for gjennomføring av prøvene.
  • Informasjon til elevane og deira føresette om gjennomføring av prøvene.
  • Følgje med på Utdanningsdirektoratets nettside for å få oppdatert informasjon i forkant av prøvegjennomføringane.
  • Syte for at elevar som har behov for det, får spesiell tilrettelegging.

På prøvedagen

  • Vere til stades for å hjelpe lærarane som står for gjennomføringa av prøva.

Etter prøva

  • Syte for at eleven og dei føresette får tilbakemelding på prøveresultatet.
  • Vurdere om elevar som skårar under bekymringsgrensa, treng ekstra oppfølging.
  • Oppmuntre lærarane til å ta i bruk rettleiingsmateriellet for å følgje opp prøveresultata i klasserommet. Intensjonen er at mange av desse forslaga kan gjennomførast utan store endringar i opplæringa.
  • Bruke resultata som ein del av det lokale forbedrings- og utviklingsarbeidet.
  • Skolar som har fått ein spesiell førespurnad frå eit fagmiljø, hjelper til med å stille elevresultata til disposisjon for fagmiljøet.

Side 10/10