Forrige
Neste
8. Behandling av resultata
Skolen skal gi tilbakemelding til eleven og dei føresette om resultata på kartleggingsprøvene.
Ingen resultat skal rapporterast til Utdanningsdirektoratet.
I rettleiingane er det forklart korleis lærarane skal rette prøva og rekne ut poeng. Til kvar prøve følgjer det med eit skjema for grupperesultata som lærarane kan bruke for å halde oversikta.
Bekymringsgrensa er basert på prestasjonane til elevar frå eit representativt utval skolar etter at prøva var gjennomført første gongen. Elevar som presterer under eller på denne grensa, kan ha behov for ekstra oppfølging. Det er viktig at denne grensa ikkje blir tolka absolutt. Ein elev som presterer like over bekymringsgrensa, kan likevel trenge spesiell oppfølging. På same måte kan ein elev som presterer like under bekymringsgrensa, ikkje ha behov for ytterlegare oppfølging. Prøveresultata må altså vurderast i samanheng med det ein veit om eleven frå før.
Rettleiingsmateriellet inneheld forslag til aktivitetar som kan brukast til oppfølging av prøveresultata i klasserommet. Intensjonen er at mange av desse læringsaktivitetane kan gjennomførast utan store endringar i klasseromspraksisen elles.
Side 8/10