Retningslinjer for gjennomføring

Hovedinnhold

Forrige
Neste

4. Deltaking og fritak

Dei obligatoriske kartleggingsprøvene skal gjennomførast av alle elevane på dei aktuelle stega. Elevar som er sjuke på prøvedagen, eller som har anna fråvær, skal få høve til å ta prøva i ettertid.

Elevar som er på ein institusjon når prøvene skal gjennomførast, skal ta prøva på institusjonen. Skolen der eleven eigentleg høyrer heime, har ansvar for at prøva med rettleiingar blir send til institusjonsskolen. Institusjonsskolen er ansvarleg for gjennomføringa, og for at prøva blir returnert til skolen der eleven høyrer til. På visse vilkår er det høve til å gi fritak frå å delta på prøvene. Sjå punkt 3.1. Dette er heimla i forskrift til opplæringslova § 2-4 og i forskrift til privatskolelova § 2-4.

4.1. Individuelt fritak

For at kartleggingsprøver skal fungere som eit godt verktøy for læraren og skolen, er det viktig at alle skolane følgjer reglane for individuelt fritak.

Det er berre to kategoriar elevar som kan vurderast for fritak frå ei kartleggingsprøve, og det er anten:

  • Elevar som har et enkeltvedtak om rett til spesialundervisning (etter opplæringslova § 5-1 og privatskolelova § 3-6), og det i tillegg er klart at resultata frå prøva det blir vurdert fritak frå, ikkje vil vere informasjon som kan brukast i opplæringa til eleven.

Eller

  • Elevar som har eit enkeltvedtak om rett til særskild språkopplæring for språklege minoritetar (etter opplæringslova § 2-8 og privatskolelova § 3-5), og det i tillegg er klart at resultata frå prøva det blir vurdert fritak frå, ikkje vil vere informasjon som kan brukast i opplæringa til eleven.

Dette inneber at elevar med enkeltvedtak om særskild språkopplæring eller spesial­under­visning ikkje automatisk skal få fritak frå kartleggingsprøver. Det skal i kvart enkelt tilfelle gjerast ei særskild og individuell vurdering om læraren kan ha nytte av resultata frå prøva i opplæringa eller ikkje. Her kan det vere store skilnader mellom elevane.

Skolen kan gjere eit vedtak om fritak utan ein formell søknad frå eleven eller dei føresette. Det er ein føresetnad at dei får uttale seg før eit slikt vedtak blir gjort. Sjølv om ein elev oppfyller vilkåra for fritak, kan eleven sjølv eller dei føresette likevel bestemme at eleven skal gjennomføre prøva. Denne avgjerda kan ikkje skolen og kommunen overprøve eller klage på.

I dei tilfella der skolen vurderer at eleven ikkje oppfyller vilkåra for fritak, men dei føresette ønskjer at eleven får fritak, må skolen fatte enkeltvedtak om at eleven skal gjennomføre prøva. Dette enkeltvedtaket kan dei føresette klage på. Eventuell klage skal sendast til skolen, og endeleg klageinstans er Fylkesmannen.

Avgjerda om fritak er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Dette inneber mellom anna at enkeltvedtaket skal vere skriftleg og grunngitt, og det skal gi informasjon om klagerett og fristar for klage. I enkeltvedtaket må ein presisere kva for prøve fritaket gjeld for, og ein må i tillegg til grunngivinga vise til heimelen for fritak i opplæringslova § 2-4. Vedtaket skal sendast til dei føresette, og det må sendast i god tid før prøva skal haldast, slik at det er eit reelt høve til å klage på vedtaket. Avgjerda om fritak er lagt på skolenivå og føreset ikkje delegering frå kommunenivået. For private skolar er det på tilsvarande måte mogleg med individuelt fritak i forskrift til privatskolelova § 2-4, andre ledd.

4.2. Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar

Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar, jamfør opplæringslova § 2-12, kan anten søkje om å leggje prøva på eit anna steg enn det som er fastsett, eller søkje om fritak frå kartleggingsprøver.

Det same gjeld skolar som er godkjende på grunnlag av ein anerkjend pedagogisk retning. Ordlyden ”skal kunne søkje” gir ingen rett til fritak. Skolen skal grunngi søknaden ut frå læreplanane. Vilkåret for å leggje prøvene på eit anna steg enn det som er fastsett, eller å søkje om fritak frå kartleggingsprøvene, er mellom anna om prøvene ikkje vil vere føremålstenlege ut frå kompetansemåla i læreplanen for den aktuelle skolen.

Vi viser til forskrift til opplæringslova § 2-4 tredje ledd og forskrift til privatskolelova § 2-4 tredje ledd:

Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar i faga, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

4.3. Internasjonale og utanlandske skolar

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak frå kartleggingsprøver.

Vilkåret for å gi fritak er at ”…det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.” Dette er fordi kartleggingsprøvene ikkje vil vere føremålstenlege dersom elevene ikkje har fått opplæring etter aktuelle læreplanar/kompetanse­mål som kartleggingsprøvene testar.  

Vi viser til forskrift til opplæringslova § 2-4 fjerde ledd (Internasjonale og utanlandske skolar):

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Side 4/10