Forrige
Neste
1. Føremålet med kartleggingsprøver
Informasjonen frå kartleggingsprøvene skal brukast av skolen og lærarane for å identifisere elevar med særskilde utfordringar, slik at dei kan få ekstra oppfølging.
Kartleggingsprøvene er lagt til 1.–3. steget for å kartleggje og identifisere dei elevane som ikkje har tileigna seg nødvendige ferdigheiter i begynnaropplæringa. Dersom prøveresultata avdekkjer manglande ferdigheiter hos enkelte elevar, kan det vere grunnlag for at desse elevane får ekstra oppfølging. Informasjonen frå prøvene må ein sjå i samanheng med annan informasjon om elevane som skolen har tilgang til.
Side 1/10