- Brosjyre
-
Publisert: 20.02.2012
Om kartleggingsprøver denne våren
Våren 2012 skal elevane på 1., 2. Og 3. Steget gjennomføre kartleggingsprøver i leseferdigheit og i talforståing og rekneferdigheit.
Kartleggingsprøvene skal brukast av skolen og lærarane til å finne dei elevane som treng ekstra hjelp i løpet av dei første skoleåra. Dei fleste elevane vil få til det meste av prøva, og mange vil oppleve at ho er lett. Prøva vil derfor ikkje gi mykje informasjon om elevar med høge ferdigheiter.
Prøvene i leseferdigheit og i talforståing og rekneferdigheit er ikkje prøver i faga norsk og matematikk, men i lesing og rekning som grunnleggjande ferdigheiter på tvers av faga. Døme på oppgåver kan vere å rekne med pluss og minus, og å kjenne att bokstavar eller lese og forstå ord.
I læreplanane er dei grunnleggjande ferdigheitene definerte som å kunne:
- uttrykkje seg munnleg
- uttrykkje seg skriftleg
- lese
- rekne
- bruke digitale verktøy
Alle elevane skal gjennomføre
Alle elevane skal ta dei obligatoriske kartleggingsprøvene. Elevar som er borte frå skolen på prøvedagen, skal få tilbod om å ta prøva seinare.
Det er eigne fritaksreglar for kartleggingsprøver. Sjølv om ein elev oppfyller vilkåra for fritak, kan eleven sjølv eller dei føresette likevel avgjere at eleven skal gjennomføre prøva.
Obligatoriske kartleggingsprøver
Alle elevane på 1., 2. Og 3. Steget skal gjennomføre obligatoriske kartleggingsprøver i:
- Talforståing og rekneferdigheit på 2. steget
- Leseferdigheit på 1.2. og 3. steget
Frivillige kartleggingsprøver
I tillegg til dei obligatoriske kartleggingsprøvene tilbyr Utdanningsdirektoratet to frivillige kartleggingsprøver. Dersom skolen eller skoleeigaren vel å gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, skal alle elevane på det aktuelle steget ha prøva.
Det er tilbod om frivillige kartleggingsprøver i:
- Talforståing og rekneferdigheit på 1. steget og 3. steget
Resultat og oppfølging
Resultata frå kartleggingsprøvene skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet, men først og fremst brukast internt på skolane for å leggje til rette undervisninga slik at elevane kan lære meir. Det er utarbeidd rettleiingsmateriell til lærarane som gjer greie for korleis resultata frå prøva kan følgjast opp i klasserommet.
Eleven og foreldra skal få tilbakemelding om prøveresultata etter at prøvene er gjennomførte. Skolen kan kontaktast dersom det er spørsmål om kartleggingsprøvene.