• Skriv ut

Foreldreinformasjon kartleggingsprøver 2011

Hovedinnhold

Kva er kartleggingsprøver, og kvifor har vi kartleggingsprøver? Føremålet med kartleggingsprøver er å avdekkje behovet for individuell oppfølging og tilrettelegging på individ- og skolenivå.

  • Brosjyre
  • Publisert: 25.02.2011
  • Sist endret: 07.06.2011

Kartleggingsprøver skal brukast til å finne ut kven som treng ekstra oppfølging i begynnaropplæringa, og dei er eit hjelpemiddel for skolen og lærarane i vurderinga undervegs i opplæringa. Prøvene i leseferdigheit og i talforståing og rekneferdigheit er ikkje prøver i faga norsk og matematikk, men i lesing og rekning som grunnleggjande ferdigheiter på tvers av faga. I læreplanverket for Kunnskapsløftet er dei grunnleggjande ferdigheitene definerte som å kunne 

  • uttrykkje seg munnleg
  • uttrykkje seg skriftleg
  • lese
  • rekne
  • bruke digitale verktøy

Kva slags oppgåver skal elevane løyse?

Prøvene er laga på grunnlag av læreplanane. Døme på oppgåver kan vere å rekne med pluss og minus, og å kjenne att bokstavar eller lese og forstå ord. Nokre elevar vil klare alle oppgåvene, mens andre vil oppleve at nokre av oppgåvene er vanskelege.

Kven skal ta kartleggingsprøver?

Alle elevane skal ta kartleggingsprøver. Elevar som er borte frå skolen på prøvedagen, skal få tilbod om å ta prøva seinare.

Obligatoriske kartleggingsprøver

Elevar på 1., 2. og 3. steget skal gjennomføre obligatoriske kartleggingsprøver i:

  • tallforståing og rekneferdigheit (2. steget)
  • leseferdigheit (1. 2. og 3. steget)

Frivillige kartleggingsprøver

I tillegg til dei obligatoriske kartleggingsprøvene tilbyr Utdanningsdirektoratet to frivillige kartleggingsprøver. Det er skolen eller skoleeigaren som avgjer om dei vil gjennomføre desse prøvene. Dersom skolen eller skoleeigare har valt å gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, skal alle elevane på det aktuelle steget ha prøva.

Det er tilbod om frivillige kartleggingsprøver i:

  • tallforståing og rekneferdigheit (1. og 3. steget)

Kven får tilgang til resultata?

Resultata frå kartleggingsprøvene skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet,men først og fremst brukast internt på skolane for å leggje til rette undervisninga slik at elevane kan lære meir. Eleven og foreldra skal få tilbakemelding om prøveresultata etter at prøvene er gjennomførte. Skolen kan kontaktast dersom det er spørsmål om kartleggingsprøvene.

Vedlegg