Kvifor har vi kartleggingsprøver?
Prøvene skal kunne gi eit betre fagleg og pedagogisk grunnlag for å organisere opplæringa og tilpasse ho til den enkelte eleven, vurdere om det bør setjast i verk tiltak og vere eit hjelpemiddel i arbeidet med tilpassa opplæring.
Kva testar kartleggingsprøvene?
Kartleggingsprøver er ikkje prøver i fag, men i grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Prøvene tek derfor ikkje berre utgangspunkt i kompetansemåla i norsk og matematikk, men også i andre fag der mål for lesing og rekning er integrerte. Kartleggingsprøvene er laga slik at dei har mange lette oppgåver og få middels eller vanskelege oppgåver. Prøvene har derfor ein såkalla ”takeffekt”. Kartleggingsprøvene fortel på den måten ikkje noko om elevar på ulike ferdigheitsnivå, men gir berre informasjon om kven av elevane som ligg under ei bekymringsgrense. Nasjonale prøver, derimot, gir informasjon om elevane på alle meistringsnivåa.
På kva steg er det kartleggingsprøver?
I grunnskolen er det i dag obligatoriske kartleggingsprøver i leseferdigheit for 1., 2. og 3. steget, og obligatorisk kartleggingsprøve i talforståing og rekneferdigheit på 2. steget. I tillegg er det tilbod om frivillige kartleggingsprøver i talforståing og rekneferdigheit på 1. og 3. steget, og i engelsk på 3. steget og i digitale ferdigheiter på 4. steget
Fritak
Fritak frå kartleggingsprøver gjeld berre for elevar som har spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og elevar som får særskild språkopplæring etter § 2-8 i opplæringslova, jamfør forskrift til opplæringslova § 2-4 andre ledd. Dessutan når det er tydeleg at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til elevane. Sjølv om ein elev har rett til fritak frå ei kartleggingsprøve, vil det i dei fleste tilfella vere slik at lærar og elev kan ha nytte av ei kartlegging nettopp fordi ho skal brukast som grunnlag for eventuelle pedagogiske tiltak.
Korleis bruke resultata?
Resultata frå kartleggingsprøvene skal ikkje rapporterast i Utdanningsdirektoratets Prøveadministrasjonssystem (PAS) eller sendast inn til Utdanningsdirektoratet. Grunngivinga for dette er at føremålet med kartleggingsprøvene berre er å gi informasjon om elevar under eller rundt bekymringsgrensa, slik at læraren og skolen kan vurdere om det er behov for å setje i verk spesielle tiltak for desse elevane.
Det er viktig å understreke at kartleggingsprøvene ikkje gir uttømmande informasjon om kompetansen til den enkelte eleven, men resultata på prøva må ein sjå i samanheng med det lærarane elles veit om ferdigheitene til elevane. Til kvar kartleggingsprøve følgjer det med rettleiingsmateriale som lærarane skal bruke til oppfølging av elevane. Elevar og foreldre skal få tilbakemelding om resultata frå kartleggingsprøvene.
Kartleggingsprøver, nasjonale prøver og internasjonale testar
Kartleggingsprøver skil seg frå dei nasjonale prøvene og internasjonale testar på fleire vesentlege punkt. Nasjonale prøver skal, ved sida av å gi informasjon som kan bli brukt i arbeidet med tilpassa opplæring, gi styringsinformasjon til kommunane og skolane. Kartleggingsprøver skal gi informasjon til lærarar og skolar om enkeltelevar som treng spesiell oppfølging. Dei internasjonale testane gir resultat på nasjonalt nivå, og grunnlag for å samanlikne dei norske elevresultata med resultata til elevar frå andre land. Dei internasjonale testane er også utvikla for å vurdere endring i ferdigheitene til elevane over tid.